Eg
Eg. Eg som den flotte karen, kvifor kan ikkje eg få vinna ein lita lotto –million? Eg står opp kvar morgon, drar på skula. Eg er aldrig sen ute, eg bare vimsar litt når eg skal laga frukost. Det er jo ikkje så enkelt når en halvvegs står i nadir og steikar egg. Må eg faktisk dra til Verdalen for å oppnå den ultimata lykke? Eg trur nesten eg må det. For kva er vel eit liv utan pengar? Kvifor skal ein gidda å sitte i ein hybel, med ein planløysning som liknar ein lego-by. Du har køyesenga di, under den har du ein sofa, sofaen kombineras som kjøkkenbord. Du har ein kjøkkenkrok, det er ikkje langt i frå at den kjøkenkroken kan kallast for eit bad også. Eg lever som ei labb-rotte.
Skal eg så setta meg på min scooter, køyre heilt til lotto bygda? Eg har jo eigentleg ikkje råd til bensinpengane dit heller når eg tenkjar meg om. Kvifor skal ein alltids jage eiter den store lykka?
Pengar, ja det er som hindrar ein stakkarsleg gut, på snart 23år i frå å gjøre det store. De store gledande her i livet. For slik livet er nå, ja, nei det er ikkje mykje å skyta av. Eg drar ned på hjørnet, til nærmaste asiatiske butikk, skal eg kjøpe ein pose med kaffi? Eller skal eg kanskje innvistera pengane i eit brød? Valets kval. Ja, valets kval tar nå snart eit kvelartak rundt den utmagra nakken min.
Skulebenken, ja det er her eg sitter og fantaserar. Nokon gonger hender det eg tenkjar på det å kunne og fly, det hadde vært flott. Men oftast er det den jævla lotto millionen. Læraren forstår verkeleg ikkje kva gledar er. Mannen er jo grå som ein stein, han drar heim etter forelesing, han køyrar sikkert ein grå bil, heim til det gråe huset sett. Der sett han seg ned, i en hard stol, tek fram den flottaste boka han kan finna på minst 1000side. Nå kosar han seg. Han har oppnådd det han verkeleg ville som gutunge. Eg drøyme om astronaut faget, han drøymde om eit grått liv. Eg er fattig og bur enda på jorda, han er grå som stæren min eldrande bestemor har på auge . Kven har lyktast? Ikkje meg, det kan eg fortelja deg.
Kva er lykkje då? Ein kan stadig lesa ”pengar er ikkje alt her i livet”, personleg har eg aldrig høyrt ein person med pengar si det, men ok, eg skal ta det opp til tolking. Ha ein fin hobby, det er bra for ein som sliter med fritidssyslar, eg kan jo kanskje starta med ei samling? Kva med ei bok samling? Nei da blir eg vel bære grå eg å! kva med ei frimerke samling? Nei, når eg tenkjar meg om så har eg ikkje råd til det. Eg droppar hobbyen og held meg til draumane om ein gong å treffe di tala, de tala som gjer en rik.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst