Eit liv med spenning?
Hvor mye spenning trenger vi i livet vårt?
Skrevet på nynorsktentamen i 10. klasse.
Menneska er så underlege. Dei er rare, morosame, pene, fargerike, smarte, dumme, forunderlege, tynne, late, masete, moderne, sprudlande og elegante. Dei er rett og slett så kompliserte at ein ikkje orkar å tenkje på det ein gang. Alle menneskar er forskjellige, ein kan jo ikkje akkurat seie at Barrack Obama og Jens Stoltenberg er tvilingar… Menneskar liknar ikkje på kvarandre og ingen av oss har lik personlegdom heller. Ofte så likar og meiner me heilt forskjellige ting. Likevel så finnast det folk som klarar og helde ut med kvarandre i tide og utide, noe som viss ein tenkjar lenge nok på det er heilt utroleg.
Eg veit om ein fyr som synast det er kjempe spennande og sitte i sofaen og sjå på fotball kamp på TV. Kona hans synast det å hoppe i fallskjerm var mye betre, så det prøvde ho seg på, på fritida. Ho heldt på å landa i eit tre, men heldigvis gjekk det bra. Ikkje at mannen brydde seg han var alt for opptatt med å finne ut kven som vann av Brann og Rosenborg. Eg trur det er sant at ein del av oss søkjer meir spenning i livet enn andre. “Livet er som ein konfektekse, ein veit aldri kva ein får” Er du ikkje einig? Livet er kva ein gjer det til. Dessutan har det alltid irritert meg at ein må sjå på ein plakat for å finne ut kva som er inni kvar einaste sjokoladane.
Som eg allereie pent har fortalt deg, kva livet bringar veit en ikkje før livet er over. Noen trur jo at døden er vår endestasjon, da er me lada ut og da kan me ikkje lada oss sjølve opp igjen. Andre trur at me skal flyge opp te himmelen og ha ein skikkelig fest så stjernene rister og nesten faller ned i hovud på de stakkarsene som sitt der nede og saknar oss. Ein må skape så mykje spenning som ein vil ha i sitt eige liv, gjere det beste ut av det. Før det er for seint. Skjønnar du kva eg meiner?
Du må huske på at det er forskjell på å leite etter spenning og på og vere rett og slett dum. Viss du er heilt aleine i eit aud, mørkt hus. Og inni det mørke huset er det mange mørke rom. I eit av dei mørke romma er det eit mørkt skap. Sjølv om blandinga av frykt og spenning er over deg så skal du ikkje opne skapet. Ein opnar aldrig skapet. Dei einaste som for opne skapet er agentar som James Bond eller noen frå FBI. Dei leitar aldri etter spenning, spenninga finn dei.
Noen menneskar er fornøyd med eit liv innfor trygge ramma. Ikkje alle elskar å bli skutt etter slik som James Bond. Dei likar å sjå solen gå opp og ned, opp og ned over horisonten. Dei likar å sjå barna søle is over nye klede og dei likar å sjå den gretne nabokona skulte misfornøgd bort på dei gjennom vindauge når dei nok ein gang kjem ut for å henta avisa kl.11, i morgonkåpa. Du trur nok at eg dømer deg viss du er ein sånn person, men eg gjer ikkje det. Livet kan jo vere wonderful når du lever det sånn, heilt utan spenning, gnistar, farger eller eventyr.
Kva er eigentleg spenning? Er det den kriblande følelsen i magen? Er det de søkande augo og gåsehud? Eller er det klumpen i halsen og raske skritt bortover aude landeveger mens du heile tida ser deg tilbake? Det er vertfall ein del av livet. Men det er nok berre i sånne heilt spesielle situasjonar du får kjenne på spenningsfølelsen. Har du noen gang sett ein action film og så hyler du “spring! Kom igjen, spring då!!” te hovudpersonar for at dei skal kjem seg vekk fortast muleg? Ein slik situasjon er sjølvsagt spennande. Men er ikkje det en annen type spenning? Eg likar og tenkje det. Den eine type spenning er som ein diger sjokoladeis med kirsebær i toppen. Mens den andre type spenning er ein liten lollipop du kan få kjøpt på Rimi. Kvifor er menneskar på jakt etter følelsen? For me veit jo at dei er det, korleis skulle dei elles ha overlevd sine einsformige liv?
Eg veit om ein som øydelegde sitt einsformige liv. Men han gjorde ikkje livet sitt betre likevel. Han heitar Gunnar og er ein skikkelig dust. Gunnar pleidd å vere gift med tanta mi Hedda, men som sagt så han øydela det heile fordi han var så egoistisk. Dei var lykkeleg gift først, men etter et par år ble kvardagane for einsformig for Gunnar. Han ville ha meir. Heilt tilfeldig møtte han ei dame på butikken. Ho hadde tykt brunt hår, djupe grøne augo og eit bredt smil. Gunnar likte ho svært godt, dei innførte eit forhold te kvarandre etter kort tid. Gunnar fortalte ho alt om seg sjølve, bortsett frå den bitte Lille biten om å vere gift…
Han synast det var spennande å snike seg ut om kveldane. Gunnar løy ofte te Hedda og sa at han skulle spela poker med gutane, eller ha vakt på jobben. Te slutt fekk Hedda mistanke. Kleda hans lukta parfyme, en parfyme som ikkje var hennes og han var borte oftare og oftare. Ein gang gjekk ho etter han når han sa han skulle spela med dei andre. I stadet gjekk han ned til eit hotell i sentrum, Siri som den uvitande elskaren heit sto å venta i lobbyen på Gunnar, han ho kalde kjærasten sin. Gunnar fekk seg eit sjokk når han fekk sjå Hedda stå i døra etterpå, han var tatt på fersken. Det ble skilsmisse og han mista Siri også når ho fann ut sannheten. Han flyttet heim i frå og bur nå for seg sjølv. Nå er livet hans vertfall ikkje spennande lengre. Noen gangar må ein bare vere mindre egoistisk og meir takknemlig. “Lykka har grunn te å gøyma seg når lykkejegeren er ute.”
Så spenning er kanskje ikkje ment for alle. Me er så forskjellig, med forskjellige liv. Det er best du finner den beste oppskrifta på korleis ditt liv burde levas. Kor stor dose spenning du trengar for å overleve veit ikkje eg. Det kjem ann på kva for eit menneske du er. Du er kanskje den rare, morosame, pene, fargerike, smarte, dumme, forunderlege, tynne, late, masete, moderne, sprudlande eller elegante? Eller så er du rett og slett å komplisert at eg ikkje orker å tenkje på det ein gang.
The End
Inspirasjon:
Daria.no\Skule\Nynorsk
Hefte "Liv"
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst