Freiasjokolade. Har ingenting med sjokolade å gjøre.
”Ja, vi elskar dette landet” synger vi og i avisa står det at olja gjør oss rike og at nok ein gong har vi blitt kåra til verdens beste land å bu i. Kva meir kan vi ynskje oss? Vi lever jo det gode liv! Men har det seg sånn at vi har det alt for bra, at vi rett å slett er blitt bortskjemde?
Kvar dag svelter fleire millionar av menneskjer og enda fleir dør. Og imens sitter vi heime å gomlar Freiasjokolade så det tyter ut av øra våre. Joa, vi skryter av at vi har så fin natur og at vi er ein såkalla ”ut å gå nasjon”. Men viss man kallar Oslo S fin natur og 5 min ute for å ta ein blås, ein tur i skogen, så har vi oppfatta det litt galt. Ja, og når vi faktisk tar oss ein tur i skogen så bruker vi jo fleire timar på å pakke sekken. Vi må jo ha med pledd, espresso, sjokolade, potetgull, pølser, fluktstol, røyk, blader, mobil og labtopen. Så når vi fyrst er klare til å gå, er sekken så tung at vi bestemmer oss for å bli heime. Vi kan jo alltids gjere det ein annen gong. Men vi nordmenn tar godt vare på naturen . Vi har nok av innsjøar og fjellvatn. Så det gjer ikkje noko om nokon fell bort for eit solid prosjekt som utbygginga av Gardermoen banen. Og om fugleinnfluensa kjem, så gjer ikkje det noko, for han Ola har heimebaka brød med brunost i magen, og med norsk kumjølk så er dette ein ypparleg motstandsdyktig diett i mot fugleinnfulensa. Og brunosten er sjølvsagd skori med ostehøvelen, som er ein norsk oppfinning, men det er eigenleg ikkje viktig å nemne.
Her i Noreg lever folk et rikt og bra liv, men vi ser det ikkje heilt sjølv. Eg meiner at livet sine gleder er å ha ein lykkeleg familie, heilt passe økonomi og at ein er lykkeleg og glad! Men vi tenkjer jo ikkje over at 10% av befolkninga er det vi betraktar som ”fattig”. Og at sjølv om vi ser perfekte ut, så vil du sjå, viss du ser veldig nærme at vi har ein del feil. Men kva gjer vel det, så lenge fasaden ser bra ut og at alle andre trur at vi lever det gode liv. Det er jo det som er viktig, kva alle andre trur. Men sjølv om vi latar som om vi er fornøgd, så klagar vi jo heile tida på strømregninger og rente. Går renta opp klager vi og viss den går ned klagar vi på at den gjer at strømregninga går opp og visa versa. Ja, og pengane olja gir oss, dei brukar vi til å byggje nye flyplassar, pusse opp slottet eller lage opera, men det er greitt for det gjer jo at fasaden ser bra ut. Ja, Noreg. Det er landet som prioriterer. Men oljepengane vert brukt til så mykje, for det er uendeleg av dei. Det meste av oljepengane blir brukt til å lage eit oljefond, slik at alle etterkommarane våre skal ha pengar til å klare seg gjennom livet. Sidan vi er norske så skal vi visa kor flinke vi er til å tenkje langsiktig, tenkje på framtida og tenkje på våre etterkommarar. Men når den tid kjem kommer vi berre til å klaga på at barna er så late, så vi gjer dei ikkje noe pengar.
Og nå kjem jo problemstillinga; kva er eigentlig det gode liv for oss nordmenn? Er det å glane på TV2 og berre høyre om fugleinnfulensa og Idol? Men det er vel ikkje noe liv. Å sitte å engste seg over kva som kommer til å skje når fugleinnfulensa kjem. Eller er vi så sjølvgode at vi trur at fugleinnfulensa ikkje kjem og at vi kan forsette å eta frittgåande høns. Men tilbake til spørsmålet, det gode liv. Mange seier at dei har finni det gode liv i Noreg, men det er jo som regel kjendisar og millionærar som seier det. Det er jo klart at dei har det bra, de har jo pengar til det. Men kva med oss andre. Kva med 90% av befolkninga? Har vi det bra? Har nokon noen gong spørja oss om det? Eg har ikkje fått noko brev frå staten der det står ”har du det bra i dag Marteline”. Det får eg vel ikkje heller, men det er prinsippet. At det kanskje blir litt formykje fokusert på de som har det bra og lite på de som har det mindre bra.
Og nordmenn rømmer jo landet som bare før, så kva seier det om hvordan vi har det i Noreg? Noen veler sjølvsagt å holde seg i Noregs langstrakte bananland. De drar frå byens hete og invaderer bygdene for å bo på ein stille og landlig gard. Det kan sjølvsagt være avslappande og stimulerande - slippe å våkne til motorsus og dus frå nærmaste E6. Det er klart at det å våkne til ein lang og smertefull "KYKELIKY" frå nabofjøset, kuruker på trappa, ugress og forbanna hundreogti-åringer med ein vanskelig oppvekst som kommer kjørande etter deg med hagla i venstre hand og bilrattet i høyre, bilrattet til ein gammal god amerikansk Fastback Sprint Giga Turbo Gigante årgang 1893, fordi du tråkket på ugraset deira - er mykje betre. Det gode liv altså - seier dei.
Ja, konklusjonen på det gode liv i Noreg: Det plass for forbetring. Men viss vi ser bort ifrå pengar, renter, staten og regjeringa, så har vi det greitt her i litle Noreg. Enn så lenge.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst