I kyrkja
Du skal leite lenge og vel får å finne ein plass kor du får meir vondt i rompa enn det du gjer i kyrkja. Det er rett og slett for ille at samfunnet sine troende ofte må sitje på knallharde grå benkar for å høyre Herrens ord. Kort sagt får kyrkja meg mer enn noko anna til å tenkje på kor god ein god kontorstol er å sitje i. Er det rart få av oss ikkje går i kyrkja til vanleg?
Heilt frå vi er små ungar blir vi sette på den harde kirkjebenken av våre mødre. Der må vi pliktoppfyllande lytte til det presten forkynner same kor kjedeleg vi syntes det måtte vere. Dei har sikkert laga harde bekar for at vi ikkje skal klare å sovne. På grunnlag av dette får mange av oss ei fiendtleg innstilling til kyrkja allereie som små.
Er det rart at kyrkja har problem med å få folk til å møte opp kvar søndag? Enten må prestane begynne å tala om ting som fangar folket si åtgaum, eller så må vi pynte opp kyrkjene litt. Eg trur det til dømes ville gjort seg med nokre H&M-plakatar på veggane og bakgrunnsmusikk frå Prodigy gjennom høytaleranlegget. Ein kamerat av meg lurte ein gong på korfor prestane ofte er så raude i fjeset. Min teori er at dei er irriterte over at folk er meir opptatte av klokka enn det dei forteljar.
Prestane har gjort ein klok ting i historia, og det var å begynne og tala om poteta. Problemet var at dei ikkje klarte å slutte mens leken var god. Klart folk gjekk lei av å høyre om den runde skapningen. I desse dagar, kor blant anna multimedia, Internet og piercing er i skotet, har eg vanskeleg med å forstå korfor prestane ikkje pratar om noko meir interessant. Har dei ikkje lært av sine tidlegare kollegaer?
Når alt kommer til alt, er det kanskje godt nok å gjere benkane meir gode i sitje i. For min del kan dei godt sitje på steinblokker. Eg har nemleg meldt meg ut frå Statskyrkja. Og det skulle ikkje forundre meg om det var nettopp dei harde benkane som indirekte fekk meg til å gjere det.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst