Noregs uoffisielle herskarar - kvinnfolk

Dette var mitt bidrag i norsk sidemålstentamen våren 2010.. Her forklarer jeg hvordan verden virkelig fungerer, det er vel egentlig slik?

Karakter: 4+

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.06.06

Det er allmenn kjent at her i Noregs land er det ikkje mennene som er dei verkelege sjefane. Kvinnene er i ferd med, om dei ikkje allereie har, erobre verden. Likestilling har det vore mykje prat om dei siste tiåra. Det støttar eg 100% og meinar at no er det på tide å sette kvinnene litt på plass.

 

Å skrive ned alle hersketeknikkane kvinnene har overfor mennene ville tatt hundre år, i alle fall meir tid enn vi har tilgjengeleg på ein heildagstentamen. Kvinnene herskar både psykisk og fysisk. Av alle mannfolk over 15 år ute i verda trur ikkje eg at det er ein einaste som med handa på hjertet kan sei at han aldri har opplevd det skumle blikket kvinnene sender når det er noko dei verkeleg ikkje likar. Kvinna har full kontroll på det andre kjønnet, det kan faktisk virke som om at det er magi inne i bildet. Det er allmenn kjent at kvinnene i lengre tid har drevje med heksekunst. Eit uttal av kvinner blei i mange år brende på bålet fordi det var misstanke om svart magi, kvifor slutta vi med dette? Det er openbart at mange kvinnfolk driv med ting dei burde halde seg unna, dei øydelegg nærmast partneren sin.

 

Men lat oss no halde oss til dagens herskarar som verken blir brende eller straffa, tvert imot. Dei får herske som dei vil, og no krev dei attpåtil same lønnsnivå som mannfolka. Hadde kniping og lugging våre det dei gjorde på jobb skulle dei fått dobla løna si. Her slår nemleg det innebygde talentet til kvinna inn, dette er ho verkeleg god til! Kvinnene knip hardt nok til at det gjer skrekkeleg vondt, men samtidig akkurat forsiktig nok til å ikkje lage blåmerkjer. Dermed kan ikkje mannfolka bevise på nokon måte at det blir utført vald i heimen, og kvinnene beheld makta si. Mennene blir heller ikkje tekne på alvor om dei trappar opp på politistasjonen for å melde forholda. Kven sit på kontora rundt om i landet? Nettopp, kvinnfolka. Kvinnfolka sit der og kontrollerar kvaslags saker som skal kome igjennom og kva som skal makulerast, mens mannfolka er ute i politibilane sine og har laserkontrollar for å tene inn pengar til lønn og kantinemat. Kvinnene styrer dermed ikkje berre i heimen, men også i mange statlege organ. Kan du hugse når du sist såg ei dame dømd for drap? Det kan i alle fall ikkje eg, og kjem sikkert av at det er nettopp kvinnfolk som har kontrollen på om saker blir makulerte eller ikkje. Her i landet har vi ei tjukk bok med reglar, men kvinnene bryt dei når det passar dei best. Rasen som blir kalla kvinnfolk har sterke band imellom seg, og samarbeidar dermed på alle plan. Det er ikkje tvil om at vi her i Noreg står overfor eit liksomdemokrati.

 

I heimen er det ikkje lett for mannfolk å leve. Lagar du ikkje middag ein dag du har fri blir det månelyst, å står du verkeleg på og lagar ein kjempemiddag er det kjekt, men maten var ikkje salt nok, og du har sannsynlegvis kokt grønsakene litt vel mykje. Kvinnfolka er vanskeleg å gjere nøgde.

 

Ein gong i månaden har kvinnene styremøte heime med oss, eller ”vinklubb” som dei kallar det. Eg har aldri fått vore tilstade under eit slikt møte, kanskje er det ein seremoni? Eg veit ikkje for sikkert kva som forgår på slike møter, men instinktet mitt seier meg at her er det best å vere på vakt! Derfor har eg no til helga invitert alle mine kompisar til ”vodkaklubb” heime hos oss, og gitt kvinnfolket streng beskjed om at ho får halde seg på ute. Om alt går etter planen får vi her stoppa mykje av det lumske som vi mannfolk blir utsette for ved hjelp av motangrep, dette gjenstår å finne ut av. Fram til den tid er det nok berre til å føye seg etter kvinnene.

 

Men hald deg fast, her kjem ein positiv ting med jentene! Ein sjeldan gong når du investerer i eit smykke og ein fin bukett med roser blir du belønna med eit kyss og ein klem! Dette gjer verda fryktelig god å leve i for oss mannfolk, og gjer opp for alt det andre. Hadde eg tent millionar hadde eg hatt det fint heime. Kvinnene er eigentleg ei flott rase som vi mannfolk kunne ha samarbeida bra med om dei var interesserte i dette.

Kjelde:

Kvinner

Faktastoff? Nei heldigvis ikkje!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst