"Ord deling på godt norsk" - Frå ein orddelingsfeilekstremist si side
Her ein dag, då eg skulle gå til skulen, fekk eg eit problem som gjorde at eg kom for seint. Eg kom nemleg til eit skilt med nokre humpar som eg kjende att som eit skilt som varslar at no kjem det fartsdemparar. Under det raude og kvite trekantskiltet stod det med tydeleg, svart skrift ”Farts demparar”. Vanlegvis går eg ikkje denne vegen til skulen, så det er ikkje så ofte eg ser det skiltet. Dei få gongane eg går der, plar eg vera heilt vekke i musikken si verd, så når eg no såg på dette skiltet fyrste gong, såg det berre ut som eit vanleg skilt for meg, men der tok eg feil. Eg stogga og såg ein gong til på skiltet. ”Farts demparar”. Kan nokon eiga ein fartsdempar? Tydelegvis.
Då eg kom fram til fartsdemparen, så kom problemet; eg kunne jo ikkje gå på han. Det er jo denne Fart sin dempar. Har ikkje peiling på kven han er, men det stod då tydeleg nok på skiltet lenger oppe i vegen ”Farts demparar”. Eg er då sopass høfleg at eg ikkje går på andre sin private eigedom. Eg er ikkje dum, men når det stod at nokon eigde fartsdumpen, var det ikkje noko anna å gjera. Eg må respektera skiltet som staten set opp, og det må jo vera rett, for eit statleg skilt kan vel ikkje vera skrive feil?
Dette resulterte i at eg, som ein høfleg 15-åring, gjekk rundt fartsdemparen, noko som tydde at eg måtte ut i brøytekanten og bli subbande blaut på beina. Då eg endeleg var innattkomen på vegen, pusta eg letta ut, i god tru om at eg slapp å bli meir blaut før eg kom fram til klasserommet. Men endå ein gong tok eg feil. Knappe femti meter lenger ned kjem det endå ein fartsdempar, og eg ut i brøytekanten endå ein gong. Slik enda det med at eg kom fem minutt for seint til timen og merknaden var i boks. Men eg hadde då gjort ein god gjerning: eg hadde respektert denne Fart sin private eigedom.
Orddeling, eller ord deling som mange ville ha skrive, i det norske samfunnet er eit utbreidd problem. Eg kan ikkje unngå å sjå ein orddelingsfeil på skilt, som eg nemnde i stad, i reklameplakatar, og til og med på ferdigvareprodukt. Der er ”ananas ringer” eller ”tunfisk biter” eit veldig godt døme. Eg skjønar eigentleg ikkje kvifor orddelingsfeil er eit så utbreidd problem. Det er jo ingen som seier ”ananas ringer”, om ikkje ein veldig spesiell ananas, og antakeleg genmanipulert ein, har klart å få tak i telefonnummeret ditt, noko som sjansen er veldig liten for. Greitt nok, så er det nokon som mest sannsynleg ikkje har ei universitetsutdanning i norsk som har laga desse etikettane, men me må då kunna forventa at dei skriv rett likevel. Men no skal eg ikkje henga ut dei alt for mykje. Det er nemleg andre som gjer like store feil, Noregs Fotballforbund til dømes.
Då eg sjølv vart fotballdommar for om lag eitt år sidan, fekk eg eit merke som skal syast på dommardrakta. Der står det ”Rekrutterings dommer”. Eg har aldri sydd på dette merket endå, for tenk om nokon av spelarane eg dømmer legg merke til det og hevdar eg er korrupt. Eg kan nekta for det, men kva hjelp det, når dei har skriftlege bevis? Det kjem tydeleg fram at det er denne Rekruttering som eig meg.
For nokre månadar sidan såg eg eit bilete på verdsveven. Det var eit skilt med skrifta ” Rudolf Steiner skolen”. Eg sperra auga opp. Endå ein skulemassakre, og i Noreg? Dette måtte eg undersøkja. Då eg såg nærare på bilete, fann eg ut at det berre var ein orddelingsfeil. Orsak, men sa eg berre? Ein orddelingsfeil er ikkje ”berre”. Ein orddelingsfeil er ei forbryting mot det stolte norske språk.
Eg har etter kvart fått meg nokre favorittorddelingsfeil. Det er ganske jamt mellom mange , men eg har ein soleklår favoritt: ”Norsk kurs med Ingunn”. Eg trur eigentleg ikkje at denne Ingunn er den rette personen til å halda eit norskkurs. Ein annan er ein reklameplakat med teksten ”Slutt spurten”, der det eigentleg skal stå sluttspurten. Dette er eit supert eksempel på at orddelingsfeil kan bety det stikk motsette av det som det er meint som. Dette er berre nokre av uendeleg mange orddelingsfeil i det norske samfunnet, og fleire blir det.
Du synest vel kanskje eg er litt ekstrem på dette med orddeling, så kanskje eg skal forklara kvifor eg er slik? Det heile byrja ein haustdag i 1992, nærare bestemt den 26.september. Det var den dagen då eg vart fødd, og, som eg likar å kalla dei, antisamansetteordinistar, byrja å skjelva i buksene sine. Eg vaks fram som ein normal gut med ein normal familie og ein normal skulegong. Men så hendte det. Det var då eg gjekk i 7. eller 8. klasse at eg såg TV-programmet ”Typisk norsk” på TV med Petter Schjerven, ein person eg har stor sans for. Det var ein episode om blant anna orddelingsfeil, og det som verkeleg fekk meg interessert, var ”ananas ringer”. Då var eg seld.
Så gjekk tida, og eg vart meir og meir obs på orddelingsfeil. Eg såg dei overalt: på reklameplakatar, i butikkar, eg byrja å drøyme om dei, eg klarde berre ikkje å la vera å sjå dei. Eg hadde blitt til ein ekstremist. Sidan då har eg kjempa ein håplaus kamp mot orddelingsfeila, ein kamp som såg ut som om skulle vera tapt for lenge sidan. Det var då eg oppdaga nettstaden til AMO, Astronomer mot Orddeling.
Då eg kom til AMO sin nettstad, vart eg letta. Det var ikkje berre meg. Det er andre som bryr seg om grammatikken i det norske språk, andre som ikkje skriv ”ananas ringer”, men ”ananasringer”. Eg var ikkje åleine.
I dag ser eg på meg sjølv som ein orddelingsfeilekstremist, og eg er alltid på jakt etter nye orddelingsfeil, uansett kvar eg er og kva tidspunkt det er på.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst