Tidknapphetens Paradoks
Kåseri om menneskets knapphet på tid.
Kva er det med oss menneska som gjør at vi alltid har så dårleg tid?
På den tida brødristeren ble oppfunnet hadde vi allereie mange elektroniske hjelpemidlar i heime. Disse var til for at den norske husmoren skulle få betre tid til å lese aviser, passe barn og sove lenger om morgonen. Klart dette var før alle husmødre ble yrkeskvinner.
Poenget er det at jo fleire hjelpemidlar man har, jo dårlegare tid får man.
Man setter på frukosten i brødristeren, legger både røde og gule skjorter i vaskemaskinen, styrkjer skjorter og går på do samtidig.
Man skulle jo gjøre ting meir effektivt. Men når man står der og puttar skjorter i vaskemaskina ringer telefonen i stua, man løpar inn og tar av røret. Så står man der og snakkar med svigermor, da spretter plutseleg loffen ut av brødristeren, bikkja stormer til og man må putte i nye brødskiver når svigermor er ferdig med å snakke om sine opplevingar og kaffedrikkende venninner på sentret denne helga. Eller kanskje hun snakkar om kor hyggeleg dei hadde det på bussturen med pensjonistforeininga til Svinesund. I mellomtida har det gule tøyet blitt oransje og doturen gløymde man rett og slett.
Alt ender i at det må gjøres på nytt, helt frå starten bare fordi svigermor ringte.
Og når far kommer sliten heim frå si 9-4 jobb på kontoret inne i byen har man ikkje utretta noe den dagen heller. Han må lage middagen sjølv etter at han har henta treåringen i barnehagen.
Så gjenstår det bare å køyre storesyster til fotballtrening, viss det i det hele tatt er riktig dag.
Men det var jo til onsdag det var trening, på mandager er det jo symjetrening.
Då man endeleg kjem til symjetreninga oppdagar far at dottera hans har på seg fotballutstyret i staden for symjeutstyret.
Dei må haste heimat igjen for å få skifta på ho. Det var jo feil dag. Men det var ingen som passa på det. For far er sliten når han kjem heim frå jobben og mor er sliten fordi ho har gjort
så mye heime den dagen. Derfor må dottera deira passe seg sjølv.
Kva skal det bli av oss menneske når tida går og vi får fleire og fleire hjelpemidlar som skal hjelpe oss gjennom kvardagen? Vi kjem til å bli noen slappe dyr som ikkje gjer anna enn å slappe av og la elektroniske saker og ting gjere jobben for oss.
Men dette er nok ikkje tilfellet, for jo meir vi har for å hjelpe oss jo meir anna tar vi oss til.
Derfor er dette med knappheten på vår tid ganske så riktig. Jo meir fritid man har, jo meir anna tar man seg til. Mennesket er merkeleg sånn. Man klager alltid på at man har dårleg tid, men man melder seg likevel på eit eller anna kurs for alle moglege uinteressante saker og ting. Det kan være alt frå kurs i trekking av frosketenner eller eit kurs for å lære estisk. Mogleg man melder seg på slike kurs fordi det kurset der man lærte å fiske opp bladlus av eit kumlokk var fullt for augeblikket, men man har søkt på nytt til vintaren. Og når man har meldt seg på desse kursa har man plutseleg ikkje dårleg tid lenger. Då kan man nesten slappe heilt av, man rekkjer nesten å lage middag til heile familien kvar annan tysdag og. Men dette gjer man ikkje for man er jo så sliten når man kjem heim frå jobb at da er Aftenposten god å ha.
Mennesket bruker masse tid på planlegging og i møter i truen på at man har god tid. Man planlegger og skrivar store oppgåver og avhandlingar, men før man er ferdig med dette er det allereie gløymt i tida, man puttar dei bare i ein skuff eller lagrar dei på datamaskinen, viss datamaskinen virka den dagen. Det er jo ikkje sikkert den gjorde det for den var sikkert moden
for ei oppdatering sjølv om det ikkje var meir enn fjorten dager sida sist gang den blei oppdatert. Men det gjer ingenting om den må oppdaterast på nytt fordi tid er jo pengar, og pengar har jo det menneskelege individet nok av. Tid og for den saks skuld.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst