Svik
Kjenner raseriet. Det skjelv innvendig. Kjenner vondt i magen og det bevrar i fingre og nedover føtene. Dette er eit direkte angrep. Eit stygt angrep. På identiteten til halve befolkninga. På sjølve urhavet. På våre forfedre. På grunnvollen som våre liv her i Noreg er bygt opp på. På stoltheita. Korleis kan nokon vera so inn i pokkers idiot? Som han der rogalendingen som i dag via S-OL-sida på internett går til direkte angrep på nynorsk og dreg særs tilbakeståande slutningar om vårt eige språk, vårt eige opphav! Korleis kan det gå an å vera so dum? Og attpåtil stille seg fram i ei avis med slike ”kleine” samanlikningar som ikkje liknar på noko. Og no har dei also teke fram dette på framsida overalt. Dette andletet som visar seg bak desse ”kleine” orda ser akkurat like ”kleint” og låkt ut som dei grusomt sårande orda han uttalar.
Eg er i eit slags sjokk. Eit vakuum. Er det verkeleg mogleg? Å gå ut med eit slikt monstrøst uttale og ei slik monstrøs samanlikning om noko som er so grunnleggande betydningsfullt som det vakre språket vårt, ja det er nesten verre enn alt anna. Fy for ei skam av han derr rogalendingen. Med den uttalen om språket i vårt land spyttar han på sitt eige land.
Frustrert, sjokka og rasande.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst