Skapdøra blir heldt igjen - Novelle

Kort novelle om identitet og kjønn. Oppgave B4 norsk sidemål tentamen våren 2018.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2018.04.23
Tema

Eg heiter Nora. Men eg er ikkje Nora. Det er namnet mitt, men ikkje meir en det. Viss eg kunne, skulle eg heller heitt noko som 'Kim' eller 'Alex'. Det kjennast meir riktig. Når folk roper på meg, er det ofte eg ikkje reagerer. Ikkje fordi eg ikkje kan høyre dei, men heller fordi det høyrest ut som dei ropar på ei annan jente ved sida av meg. Hadde dei ropt 'Alex!', kanskje eg faktisk da ville trudd det var meg. Men ingen veit at eg er slik. 

'Nora!'. Eg høyrar ho springe pesande opp trappa bak meg. Eg snur meg og møter på det glisande andletet til Ida. 'Har du høyrt?' Seier ho imellom innpustane hennar. Eg ristar likegyldig på hovudet. 'Kva er det?'.  Ho tek eit djupt pust inn att. 'Boyz5 kjem ut med nytt album i morgon!' Hviner ho. Eg ser forvirra på ho. Ho må ha skjønt at eg ikkje visste kva ho snakka om, for ho sukkar og himlar med auga. Ho tek armen sin rundt min og begynnar å gå mot klasserommet mens ho framleis snakkar om kor utroleg det er at eg ikkje visste om det mest fantastiske boybandet i verda.

Eg kan ikkje fortsetje slik. Eg sitt berre på stolen min og har norsktime, men det kjennes ut som om eg sitt på ein stor hemmelegheit. Det var bare tilfeldig at eg fant ut dette om meg sjølv. Det var ikkje slik før eg leste den artikkelen. Om ein person som var akjønna. Før eg leste den, visste eg ikkje at man kunne vere det. Eg hadde alltid visst eg var annleis enn venene mine, eigentleg alle på skulen, men når eg leste den så følte eg at eg endeleg hadde funne meg sjølv. Eg kunne setje ord på kven eg var og kordan eg følte meg. Det var ein så fantastisk kjensel at eg begynte å gråta. Eg var ikkje aleine lenger. 

Men no holdar eg på å gråte igjen, men denne gongen er det heller av frykt enn glede. Eg føler at kvart ord som eg seie, berre er løgn eller unnskyldningar. At viss eg ikkje er forsiktig vil hemmelegheita mi berre falle ut. Å halde på ein hemmelegheit heilt aleine er kanskje den mest einsame tingen i verda. Og kva vil familien min tenkje om meg? Kva vil alle andre tenkje om meg? Når dei finnar ut at eg ikkje er den som dei har trudd eg er i 17 år. Vil dei akseptere meg? Eller vil dei tru eg berre har ein mental liding, eller er ute etter oppmerksemd?

Før eg tar et val som kan endre korleis alle ser meg, anten for det betre eller verre, så vil eg helst snakke med nokon om det. Eg vil ikkje snakka med venene mine, familien min eller læraren, så naturlegvis så skal eg snakke med psykologen min. 

'Eg skal seie det. Ingen grunn til å uroe seg. Berre sei det. Enkelt og greitt.' Prøver eg å få meg sjølv til å innsjå. Eg står framfor døra til kontoret hennar og stirar på namneskiltet hennar. 'V. D. Pettersen, Psykolog'. Kvifor er dette så vanskeleg?

Eg bankar forsiktig på døra hennar. 'Å! Nora! Kom in, kom inn.' Seier ho. Eg opnar døra som eg har stått å stira på i over eit kvarter, og tittar varsamt inn. 'Hei Vilde.' Seier eg med ein lågare stemme enn eg prøvde på. Vilde skriv ferdig noko på datamaskinen før ho snur og smiler et nesten trøystande smil og rekker armen leiande ut mot den raude sofaen. Eg settar meg nølande ned mens eg studerer golvet. 'Hei Nora. Er det noko du har lyst til å starte med å fortelje meg?' Spør ho. Eg prøver hardt å ikkje riste på hovudet og ender opp med å sitje heilt stille. 'Nora?' Spør ho igjen etter at eg ikkje seier noko. Eg følar at eg blir fylt av forakt av mitt eige namn. Eg pustar djupt inn ein siste gong før eg løfter hovudet. 'Eg er ikkje Nora.'

'Kva meiner du? …' Seie ho. Eg kan sjå at ho prøvar å ikkje seie namnet mitt. 'Eg er ikkje en Nora. Ikkje ein Eirik heller. Eg er meir som ein Alex, eg. Du kan gjerne kalle meg det viss du vil.' Svarer eg. Vilde stirar meg i auga. Som om ho ser etter om eg lyg eller ikkje. Eg stirar tilbake. 'Liker du ikkje namnet ditt?' Spør ho etter ein stund. Eg tenkjer meg om litt før eg svarar. 'Namnet er greitt. Problemet er at det er mitt. Eg vil ikkje ha eit namn som ikkje passer til meg. Det er eit jentenamn. Eg er ikkje det.' Eg kan sjå ho prøvar å prosessere alt eg fortel ho. 'Så... du er ikkje ein jente. Men kva er galt med Eirik da?' Eg kikkar ned på skoa mine før eg fortset. Ho veit sikkert ikkje noko om akjønnede personar. Eg veit ikkje så mykje eg heller, men eg veit i det minste no at dei finnast. 'Eirik er eit gutenamn, og eg er ikkje det heller.' Seier eg. Ho legger hovudet på sidan. 'Men kva er du da? Du må vel ha et kjønn.' Eg følar frustrasjonen min vokse, men eg greier å holde den nede. 'Eg har ikkje det. Eg er akjønna. Og eg ville spørje deg om hjelp til å finne ut om eg skal komme ut.' Eg seier det så roleg som mogleg. Både for at ho skal få med seg alle orda og så eg ikkje bobler over med sinne og skrik. 

'Nei.' Seie ho etter ein stund med prosessering. 'Nei, kva?' Seier eg. 'Nei, ikkje kom ut.' Eg må ha vore dårleg på å gøyme kor såra eg blei, for ho kjappa seg å legge på: 'Men berre fordi du ikkje er sikker.' Eg ser forvirra på henne. Eg sa ikkje at eg ikkje var sikker. Dette er kanskje det mest sikre eg nokon gong har vore. 'Tenk om du seier til folk at du trur du er akjønna, også finner du ut at det berre var ein fase. At det går over. Kva skal du gjere da? Og dessutan er den sterkaste mannen i verda han som står mest aleine. Ibsen sa jo det.' 

Jaha, den sterkaste ja. Eg trur eg heller eg ville sagt at det var omvendt. Eg er på det mest einsame punktet i mitt liv og har aldri følt meg så svak som eg gjer no. Men Ibsen var vel en ganske klok mann. Han kunne vel ikkje ha meint at man blir sterk av å berre vere aleine? Det gir vel ikkje meining, gjer det? Kanskje han meinte at ein blir sterk av å tenkje aleine. Av å ta eigne val. I så fall synes eg han har veldig rett. Berre eg kan ta dette valet. Og berre eg skal det og.

Eg veit at det aldri vil nytte å overtyde ho, så eg lukker berre augna mine og nikkar. Eg har lyst til å skrike at ho ikkje forstår nokon ting. At eg alltid har følt det slik. At ho er dum og respektlaus. At ho er den verste psykologen i verda. Men eg gjer det ikkje. Eg berre nikker og seier 'takk for hjelpa' og går ut av det fæle kontoret hennar. Eg tar mine eigne val.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst