Blå blir til raud, liv blir til daud

Jeg skrev denne nynorsk stilen i oppgave på skolen. Læreren sa at andre også burde få lese den, så jeg bestemte meg for å legge den ut her :) Teksten handler om en jente (ved navn Benedikte) og en gutt (ved navn Simon) som ikke kommer så godt overens.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2017.11.28
Tema

 Blå blir til raud, liv blir til daud 
Eg ser meg rundt i det stille rommet som er mitt, men som likevel følast framand. Det kjennes nesten som om veggane kviskrar til meg. ”Kva har du gjort? Det er berre di feil!” kviskrar dei til meg.  Det er som om sommarfuglane på veggen min brått blir mørke flaggermus. Det veks ut tenner i munnen på bamsen eg fekk av Anna etter ho hadde vore i Tyskland. Bamsen får raude auger. Anna eg treng deg! Kvifor er du ikkje her no! Tenkjer eg. Eg kjenner panikken vekse. Eg ser guten med dei koselege blå augene og det kolsvarte håret, stå i hjørnet ved senga mi. Det er berre ein ting... Han som ein gong var koseleg å sjå på, og som virka snill på ein mystisk måte, ser no skummel ut. Han har med eitt ikkje blå auge lengre. No er dei eldraude og sinte. Han flekker dei kvasse tenna mot meg. Det svarte håret heng ned og han har ein tydeleg blodflekk på sida av hovudet. Han går sakte mot meg med steg heilt utan lyd. Eg kjenner eg blir reddare og reddare. ”Det var ikkje med vilje!” ropar eg med panikk i stemma.

                                                                      **

Eg går med lystige skritt bortover vegen på veg til skulen. Lite anar eg at denne dagen kjem til å heimsøkje. Lite anar eg at eg resten av livet kjem til å angre på valet eg snart skal ta.

Anna kjem bort til meg med eit lurt smil om munnen. Smilet når nesten rundt hovudet hennar. 

”Gjett kva!” ropar ho på veg mot meg. 

”Gjett kva da?” spør eg med ein skeptisk tone. Anna er min aller beste venn, men ho har ein tendens til å finne på ting ho ikkje bør gjere. Berre for to ukar sidan fekk ho meg med på å gå inn eit gamalt hus ho var heilt sikker på at var heimsøkt, og det ende med at vi satt fast inni huset i tre timar. Ikkje nok med det, ho er fortsatt heilt sikker på at huset er heimsøkt, og at vi berre skremte dei vekk med skrika våre. 

”Eg skal til Australia om to dagar!” seier ho med eit gigantisk smil om munnen. Eg veit ikkje kva eg skal seie, så det blir berre eit:

”Åååh... Var ikkje deke i Tyskland førige månad?” eg angrar med ein gong på at eg ikkje var meire optimistisk.   

”Kva er det? Er du ikkje glad  på mine vegne?” spør ho meg med eit litt trist ansikt. 

”Jo! Så klart eg er glad på dine vegne!” løgna fungerer dårleg. 

”Kvifor lyg du?” seier ho med eit strengt uttrykk i fjeset. Kvifor må ho kjenne meg så godt? tenkjer eg. 

”Ok. Kanskje eg lyg lite granne.” 

” Kvifor? Du veit du kan stole på meg sant?” seier ho med ein bekymra mine i fjeset. 

”Eg veit ikkje kvifor eg ikkje er glad på dine vegne, men eg hadde vel ønskja at du skulle vere her i alle fall to ukar til,” sånn no veit ho korleis eg tenkjar om all denne reisinga. Tenkar eg og ventar spent på korleis ho kjem til å ta det. 

”Vi kan ha ein overnatting i kveld da?” seier ho med håp i stemmen.

”Ja,” svarar eg litt matt. 

Vi snakkar om overnattinga heile vegen til skulen. Heilt til dei andre venane til Anna avbryt samtalen og drar ho vekk frå meg. Anna er mykje meir populær enn meg, men det er ikkje så rart. Ho er mykje finare enn meg med det kastanjebrune håret og dei nesten heilt grøne auga. Ho har også mykje finare kropp enn meg, og den rosa genseren med den kvite blusen under og det svarte skjørtet passar perfekt til den solbrune huda. Eg har berre ein vanleg slitt bukse, og ein grå hettegenser med logoen til rideskulen eg går på. 

 

Eg kjem først inn i klasserommet. Denne dagen kjem til å bli heilt drit. Tenkjer eg surt, og er heilt sikker på at det er sant. Klasserommet er eit heilt vanleg klasserom. Det er tjue halvslitte pultar der det står A pluss H under også vidare. Eg kjennar brått ein slags prikking i nakken. Nesten som om nokon ser på meg. Eg snur meg, og ser mot døra. Nei ingen der... Eg ser opp mot klokka. Nei, det er ein halvtime igjen før dei andre kjem til å komme inn. Eg skvett plutseleg til! Det står nokon i hjørne. Det er ingen som pleier å komme inn så tidlig. Tenkar eg med stor undring. 

”H.. hei” Seier eg forsiktig til skikkelsen i hjørnet.

Ikkje noko respons. Han berre tek eit skritt tilbake. 

”Er du ny i klassen?” spør eg forsiktig. Han tittar opp på meg med to litt redde knall blå auge. 

”Ja”, svarar han kort. 

”Kvifor fortalde ikkje læraren noko om deg?” lurar eg på. 

”Veit vel ikkje eg”

”Skal du berre svare i korte setningar?” spør eg med ein litt irritert tone. Kanskje litt for irritert?

”Kvifor må eg svare i lange setningar?” Svarar han med ein sur tone.

”Kanskje fordi det er ein bra måte å bli kjent på!” Nesten ropar eg til bake. 

”Kanskje eg ikkje har lyst til å bli kjent med nokon!” Ropar han høgt og spring ut. Det virkar som om ingen andre ser han. Det einaste dei gjer er å kaste stygge blikk etter han. Eg berre står der og ser etter han i mens klasserommet blir fylt av summande stemmar og flygande papirfly. 

 

Han kjem ikkje inn i norsktimen, og heller ikkje i engelsk og samfunnsfagtimen. Først i matpausen kjem han inn igjen. Dei blå auga hans er raude, og det ser ut som han har grått. Eg kjennar med eitt anger for at eg var så hard i mot han. Læraren ser i mot han, og det ser ut som om ho kjem på at ho heilt hadde gløymt og fortelje om han til klassen. 

”Åh! Det hadde eg heilt gløymt!” ho blir raud i kinna. ”Dette er Simon, og han skal begynne i klassen frå i dag av” seier ho flaut. ”Du kan sitte ved sida av Benedikte”, ho smilar mot han og så mot meg, men ingen av oss to smilar. Eg kjenner eg stivnar til når han sett seg ved sida av meg. Eg ser meg rundt. Folk i klasse kviskrar til sidemannen, og stirrar på han som om han skulle vert det mest ufyselege dei nokon gong har sett.

”Eg ville berre...” Begynn eg.

”Berre gløym det” kviskrar han hest til bake. ”Trur du ikkje eg allereie veit korleis folk tenkar om meg.” Resten av dagen er vi heilt stille.

                                                                         **

Eg kikkar ned på klokka, ho er tre. Dei siste tjue minutta har eg sitte og venta på Anna som er inne på songøving. I mens ho er inne og leikar nattergal, sitt eg her og tenkar på Simon med dei blå auga. Eg lurar på om han nokon gong kjem til å tilgje meg. Om han i det heile tatt kjem til å tolerere meg.

”Kva tenkar du på?” eg skvett til. Eg ser opp i nokon knall blå auge. Det svarte håret ligg uroleg nedover panna. Augnebryna er like som håret. Svarte og litt bustete. Dei fyldige leppane formar seg i eit prøvande smil. Kroppen er som ein einaste muskel. Armane visar at han har trena hardt. Den raude treningst-skjorta er gjennomsveitt, og eg kan høyre pusten hans i takt med min. 

”Hallo?” spør han igjen. Eg rødmar, eg hadde heilt glømt at eg skulle svare på spørsmålet hans. 

”Åh.. Eg berre...,”kva skal eg sei? ”Eh.. er du ikkje sur på meg?” eg prøvar å vri om samtalen sån som mamma pleiar å gjere når eg spør henne om pappa.

”Eg tenkar vi fekk ein litt dårleg start, kan vi begynne på nytt igjen?” spør han og smilar forsiktig. Eg veit ikkje kva eg skal svare. Berre står han der og vil begynne heilt på ny?

”Eh... vil du berre begynne på nytt seier du? Sånn heilt utan vidare?” spør eg med ein skeptisk tone.

”Eh.. Ja,” 

”Eg veit ikkje heilt... kan eg tenke på det?” spør eg. Eg veit ikkje heilt om han er typen som eg vil være med.

”Treng du tenke på det?” han verkar overraska. 

”Ja, det er ikkje så enkelt og tilgje deg. Du var ikkje akkurat snill,” eg kikkar mot døra til kulturhuset. Der kjem Anna. 

”Hei, kjem du?” spør ho meg med eit smil om munnen. Eg smilar tilbake, sleng sekken over skuldra og følgjar etter henne.

”Eg treng ikkje vere vennen din!” Høyrar eg han rope bak meg. ”Du er den typen som vil gjere alt for å bli populær, og bryr deg ikkje om andre i det heile tatt!” Høyrar eg tristheit i stemma hans? Bør eg snu meg og sei unnskyld? Nei. Da vil berre Anna begynne å spørje om kva eg har gjort, eg snakkar med han i morgon. 

                                                                               **

Eg er lykkeleg denne morgonen. Overnattinga hos Anna var berre heilt super. Vi låg oss ikkje før klokka var eitt, men eg er likevel lys våken. 

Eg kjem inn i klasserommet. Eg kikkar rundt. Det er eit eller anna som ikkje stemmer.... Det er ingen gut med blå auge i hjørnet, og heller ikkje på pulten ved sida av min. Det einaste som er på pulten hans er ei einaste, lita, trist og blodrød rose. Denne morgonen er dei flygande papirflya forvandla til nokon litt raude auge, og dei summande stemmane om til kviskring eller stillhet. Det ligg eit teppe av tristhet over klasserommet. Kvifor er alle så triste, og kvifor ligg denne rosen på pulten til Simon? Tenkar eg bekymra. Kan han vere...? Nei... han er sikkert berre sjuk, og så har nokon gløymt rosen her. Tenkjer eg håpefullt. Læraren kjem inn i klasserommet med eit trist uttrykk. Det ser ut som om sjokket heng litt igjen etter ein eller anna nyheit ho har fått vete. 

”Eg.. eg har noko eg må sei dykk,” nokon tårer renn ut av augekroken og ned kinnet hennar. ”Det kan hende nokon av dykk allereie veit det..,” det kjem eit lite hulk. ”Eg må dessverre fortelje dykk at... at Simon tok sitt eiga liv i går kveld,” ho brest ut i gråt, unnskyldar seg og går ut av klasserommet. Eg stirrar mållaust ut i lufta. Nei!

”Nei!” Ropar eg ut i ein blanding av tristhet, og sinne på meg sjølv og sinne på han. 

”Nei! Nei!” Eg berre fortsetter og skrike for eg har ikkje anna og gjere. Eg mister pusten og alle kreftane i kroppen når eg forstår at alt er min feil. Eg fell om på golvet i mens eg skrik. Eg skulle snudd! Eg skulle snudd og sagt at eg var lei meg! Eg skulle ikkje gjett han skulda for det eg gjorde! Læraren kjem bort til meg og legger ein forsiktig hand på skuldra mi, men eg berre skubbar den vekk og løpar ut av klasserommet. Eg løpar heile vegen heim, opp trappa, inn på rommet mitt, og låser døra. 

Eg ser meg rundt i det stille rommet som er mitt, men som likevel følast framand. Det kjennes nesten som om veggane kviskrar til meg. ”Kva har du gjort? Det er berre di feil!” kviskrar dei til meg. Det er som om sommarfuglane på veggen min brått blir mørke flaggermus. Det veks ut tenner i munnen på bamsen eg fekk av Anna etter ho hadde vore i Tyskland. Bamsen får raude auger. Anna eg treng deg! Kvifor er du ikkje her no! Tenkjer eg. Eg kjenner panikken vekse. Eg ser guten med dei koselege blå augne og det kolsvarte håret stå i hjørnet ved senga mi. Det er berre ein ting... Han som ein gong var koseleg å sjå på, og som virka snill på ein mystisk måte, ser no skummel ut. Han har med eitt ikkje blå auge lengre. No er dei eldraude og sinte. Han flekker dei kvasse tenna mot meg. Det svarte håret heng ned og han har ein tydeleg blodflekk på sida av hovudet. Han går sakte mot meg med steg heilt utan lyd. Eg kjenner eg blir reddare og reddare. ”Det var ikkje med vilje!” ropar eg med panikk i stemma. Han er nesten ved føtene mine no. Han stoppar rett framfor meg, ser meg inn i mine triste og skrekkfylte augne. 

”Kva vil du? Du er død!” Eg kjennar runde, våte tårar renne ned kinna mine. Eg veit kva han vil. Eg går bort til skuffen min under vindauget. Eg kjennar heile tida det stikkande blikket, av dei som ein gong var blå auge, i nakken. Eg plukkar opp det gule og grøne hoppetauet eg kjøpte førige veke. Eg snur meg rundt og henger tauet over ein krok i taket der det ein gong hang ein discokule. Det er rart at tauet eg kjøpte som skulle bringe glede, no skal bringe noko mykje verre. Nemleg død. Eg knyter ein kjapp løkke på tauet, og skubbar den rosa stolen min bort til tauet. Eg klatrar opp og henger tauet rundt den litt spinkle halsen, og strammar litt til før eg ser opp i fjeset hans. No er det eit stort skumelt glis. Kanskje eg ikkje skal gjere det? Han finns ikkje! Han er ikkje ekte! Brått hiv han seg mot meg med dei kvasse klørne. Eg skvett til. Kjenner at stolen under vippar. Kjenner eg mister balansen og det gule og grøne tauet stramme seg. Det siste eg ser er mor som står i døropninga. Ingen gut, berre mor mi.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst