Blodraud kjole med silkeband

Handlingen utspiller seg i en konsentrasjonsleir under 2. verdenskrig.

Karakter: 6 (10. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.07.19

- Kom hit din forbanna jøde! Skreik han så høgt han berre kunne, mens han dytta jødeguten ned i søla. Geværet slengte han på skuldra, mens han greip tak i det håret jøda hadde på hovudet, og drog han etter seg. Guten hengte på slep. Halvveis gjekk, og halvveis blei dradd. Lua hans låg i ein søledam, han hadde havna der etter vakta reiv han bort. Han skunda seg og tok tak i den med den eine handa, og prøvde febrilsk å ikkje falla rett på trynet. Vakta stoppa, dytta han mot veggen, og held geværet mot tinningen hans. Begge hendane til guten holdt eit godt grep om lua som han pressa hardt mot brystet. Hjartet dunka så hardt at han var forundra over at det ikkje hoppa ut.

- Kven sa du kunne ta pause?!! Eg synes du stadig vekk tar pauser eg. Man kan ikkje berre ta pauser sånn heilt utan vidare!!

Vakta ropte rett inn i øyra hans. Han kunne kjenne den dårlege ånden og dråpar av spytt på kinnet.

- Nå? Kva har du å seie i ditt forsvar?! Ingen ting, eller kva?! Ikkje eit siste ynske ein gong?!!

Geværet blei pressa hardt mot tinningen, guten krympa seg. Seks skot vart høyrd. Jødegutten, låg i ein søledam av blod.

 

- Bra jobba Hirschmann!. Sa offiseren og gav han eit vennleg klapp på skuldra.

- Du kan gå av og få deg litt velfortjent søvn

Vakta, Hirschmann, tok til seg rosen. Han ante ikkje at offiseren hadde sett på.

- Takk. Svarte han, gjorde honnør, og gjekk mot rommet sitt. Stoltheita syntast der han gjekk med hovudet høgt heva. Munnvikane strakk seg sakte opp i eit ekkelt, lurande smil. Han hadde ein god følelse etter vakta. Var det noko han kunne, så var det jobben.

Offiseren hadde då fortalt alt om jødane. Korleis deira hjerne var mykje lettare enn vanleg, og at det var jødane som drap Jesus. Den ariske rasen var den beste, jødane hadde visst planer om å ta over, det skulle dei ikkje få moglegheita til. No kunne dei angra!

 

Han bevega seg med stødige skritt mot si eiga brakke. Det var berre snakk om eit par dagar til før han kanskje kunne jobba seg opp i rangen. Fingrane surra litt med den vesle barten i det han stoppa mellom to av brakkane. Han heva hovudet og kikka opp på dei tre etasjes høge bygningene. Kanskje han fekk ansvaret for begge helt åleine. Då hadde faren vore stolt. Det var ingen ting så verdsatt i hans familie som det å følgje sin fars fotspor. Om han berre fekk seg ein god natts søvn no, så skulle han klara det fint.

Han gjekk mot brakka si med håpet om ein god natts søvn, og ein vellukka neste dag på jobb.

 

Ein lang rekke med menneske gjekk mot han. Alle hadde augo vid åpne. Dei var fulle av hull, blodet var som klistra til kroppen, og det kvite skummet rundt om munnen rant nedover ansiktet. Dei kom for å ta han! Han løp og løp. Det føltes som han løp i ein evigheit. Hjartet slo fortare og fortare. Så slutta det heilt å slå! Døden var der, døden skulle ta ham som han hadde tatt dei!

- Nei!!!! Hylte han og satt seg fort opp i senga.

- Det var berre ein draum, berre ein draum.

Han vugga fram og tilbake. Lenge. Som eit lite barn satt han der og vugga. Pulsen roa seg gradvis. Så stoppa vugginga heilt. Det vart heilt stille. Kvifor draumde han denne draumen kvar natt? Det var veker sia han ikkje hadde draumd denne draumen. Det blei visst ikkje noko god natts søvn allikevel, tenkte han skuffa, mens han roleg la seg ned i senga igjen, og stirra ut i rommet. Han kom ikkje til å få sove noko meir i natt. Det var sikkert.

 

Vinden blåste surt. Skyane låg tungt over leiren i dag. Dei bar på regn, det kune han sjå. Han stakk haka ned i jakke gropa, og trekkte den godt rundt seg. Dagen blei ikkje så fin som han hadde håpa på. Draumen låg framleis friskt i minnet. Alle dei han hadde drepe utan grunn.

Nå så han med ett kor trist leiren eigentleg var.

Nei, kva var det han sa?! Korleis kunne han seie det?! Det var gode moglegheitar i denne jobben. Det var dette han hadde jobba for!

Han gjekk vidare, bestemt på å gjere jobben ordentlig, då han oppdaga ei kvinne som stod og varma hendane sine. Ho stod og blåste varm luft på dei. Skikkelsen var krumma i ryggen, og den syltynne kroppen stod og skalv.

- Hei der! Kva er det du tror du gjer?! Ropte han mot henne.

Ho skvatt til.

- Eg berre, berre varma meg litt. Sa ho med skjelvande stemme.

- Du veit du ikkje har lov! Men du gjer det allikevel!!! Kva?! Da blir det eit døgn i straffecella på deg! Eller skal me seie to? Sa han, tok ho hardt i armen, og drog ho av gårde. Ein stemme ropte plutselig bak han. Han snudde seg.

- Hirschmann!? Stopp der! Det var offiseren.

 Han hadde ei lita gråtande jente under armen. Ho sprella og sparka.

- Du må ta deg av henne! Sa han og satte ho innad veggen.

Plutselig reiv kvinna seg ut av armane hans, og bort til jenta. Ho klemte seg inntil ho og sa:

- Kvar har du vore?!

- Ho har vore å stole ei kjole frå lageret, det er der ho har vore!

Sa offiseren sint og røska dei i frå kvarandre

- Mamma! Kjolen er min! Han er min! sa jenta gråtande. Og dro forsiktig i silkebandet som hang ned frå den raude kjolen.

- Kjolen er ikkje din!! Han er vår, og det har ho alltid vore!

Jenta satte seg sakte ned på bakken og gråt.

Den vesle kjolen spredde seg rundt ho, og la seg der som eit raudt vernande teppe. Mens ho hulka fortsatte ho å fikle med silkebanda som hang ned frå midjen.

- Vi tolererer ikkje slik åtferd her! Sa offiseren - Hirschmann! Drep jenta!

- Nei!!!!! Ropte kvinna og heiv seg rundt ho.

- Nå!!!! Offiseren såg bestemt på han.

Han løfta geværet og sikta det på den vesle jenta. Handa skalv. Han lukka augo, og begynte å telle til tre. Ein. Han kvia seg. Kvifor ante han ikkje. Kanskje det var fordi han aldri hadde drepe eit barn før. Det hadde jo alltid vore så enkelt med vaksne. To . Han kneip augo hardare saman. Tre.

Åtte skot spredde seg ut i lufta. Fem traff jenta og tre kvinna. Gråtinga stoppa. Stillheta senka seg. Han åpna augo og stirra på jenta. Den raude kjolen var no full av blod. Det einaste som lea på silkebanda var eit lite vindkast som fekk dei til å blafre roleg frå side til side.

- Bra jobba, Hirschmann.

Offiseren snudde seg mot han med eit lite smil om munnen.

- Eg tror du vil gjøre ein god ledar for brakke ein og to tror du ikkje?

- Joda. Svarte han

- Flott! Det er velfortjent. Du har jobba hardt. Det var dette du ville ikkje sant?

- Jo.

Han smilte eit skjevt smil til offiseren idet han snudde seg og gjekk. Det var jo dette han ville. Var det ikkje?

Han prøvde å svare seg sjølv, men eit bilete var som klistra til hjernen.

 

Bilete av den vesle jenta, i den blodraude kjolen med silkeband.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst