Det mørke og djupe tjernet
Kort novelle om kjærleik og svik.
Karakter: 5 (+)
Eg var forelska eller rettare sagt stormforelska. Han sat like ved vindauge på skulen, og sola skein på det gylne håret hans. Auga hans var blå og han hadde et nydeleg smil. Eg vart helt øm i kroppen når eg såg på han. Christopher het han, guten eg hadde vore forelska i så lenge eg kunne hugse. Medan eg såg og drøymde om han, ringde det ut. Det var berre nokon veker til sumarferie og heile klassen skulle på telttur denne veka.
Bergans sekken min var full og eg var klar til å dra. Heile klassen stod å venta på bussen, medan lærarane hadde oppteljing. Framfor oss venta ein lang busstur på fleire timar. Eg kunne ikkje la vere å sjå på Christopher, der han stod saman med dei andre gutane i klassen. Han såg på meg og eg vart heilt raud i andlet. Eg hadde fortalt besteveninna mi, Martine om alle kjenslene eg hadde for han og ho mente at han likte meg òg.
Eg såg forsiktig mot Christopher, medan vi begynte å gå inn i bussen. Smilet hans blei større og han hadde ei spesiell utstråling som eg hadde aldri lagt merke til før.
Vi hadde nett gått av bussen og det var varmt i vêret. Eg og Martine hadde begynt å setje opp teltet vi skulle sove saman i. Det var vanskeligare enn det vi trudde, så nokon av gutane måtte hjelpe oss. Christopher, Ola og Benjamin hjelpte oss, og eg og Christopher kunne ikkje unngå å sjå på kvarandre. Han smilte til meg og eg smilte til han. Kanskje Martine hadde rett, tenkte eg. Ein herleg varme av mange kjensler kribla gjennom kroppen min. Eg var glad inni meg, det var denne sumaren det skulle skje. Eg og han, han og eg, saman for alltid. Det som var ein drøym, kunne snart bli til verkelegheit, håpa eg.
Det nærma seg kveld og det blei snart mørkt ute. Alle i klassen satt rundt bålet og grilla pølser og marshmallows. Etter mange mengder med marshmallows begynte dei fleste å bli kvalm og mett. Eg gjekk tilbake mot teltet, men før eg var framme vart eg stoppa.
”Caroline, vent litt,” sa stemmen andpusten.
Eg trengte ikkje å snu meg for eg visste kven det var. Christopher, søte og sjarmerande Christopher stod like bak meg. Eg ville ikkje snu meg for da ville han ha sett det dumme og teite smilet mitt. Han var nesten framme og eg kunne høyre pusten hans. Den var tung og litt ujamn. Det var ingen i nærleiken og dei fleste sat sikkert ved bålet eller hadde lagt seg til å sove. Christopher stod like framfor meg og vi såg kvarandre i auga. Han smilte og eg smilte tilbake. Etter kvart tok han på håret mitt og vi stod tett saman. Vi kysset ømt og han såg på meg med et spørjande blikk. Eg nikka forsiktig med hovudet og han smilte meir enn det han hadde gjort tidligare. Vi kysset igjen, før vi gjekk til kvart vårt telt. Nå hadde det skjedd, drøymen hadde blitt verkeleg. Eg hadde bestemt meg for å vente med å seie det til Martine, det var for tidlig til å seie noko.
Den natta drøymde eg om meg og Christopher. Vi var saman på ei eng. Sola skein og enga var fylt med mange hundre forskjellige og fargerike blomstrar. Eg hadde på meg ein kvit sumarkjole, mens Christopher hadde ei kortbukse og ei t-skjorte med mønster på. Saman dansa vi og lo på denne fargerike enga. Eg vakna like etterpå av at regnet pisket mot teltduken. Martine sov som ein stein og eg ville ikkje vekke henne. Eg låg våken ganske lenge før eg sovna igjen.
Eg var tidlig oppe for å sjå etter Christopher. Kanskje alt det som skjedde i går kveld var ein draum, tenkte eg. Christopher stod ute og kikka ut mot det djupe tjernet. Eg stilte meg nærme han og kikka også mot tjernet.
”Har du bada noko?,” sa han.
”Nei, ikkje enno,” sa eg.
”Kom så går vi og badar!,” sa han kjapt.
Vi hadde skifta til badeklede og vi gjekk uti. Nesten ingen andre i klassen hadde vakna, berre ei jente som haldt på å lage seg noko å ete. Vatnet var litt kaldt, men eg gjekk uti likevel. Vi skvetta på kvarandre og hadde det morsamt. Eg var så utroleg glad og hadde aldri følt noko liknande. Heldig var eg òg, eg hadde blitt saman med verdens beste gut. Det begynte å bli kaldt, så vi gjekk opp og tørka oss.
Sola begynte å kome fram og dei fleste hadde vakna. Vi begynte å lage frukost og eg var usikker på om eg skulle fortelje det til Martine no eller seinare. Lærarane hadde bestemt at alle skulle få være med å fiske og ro båt. Hele denne dagen fiska vi og det blei mykje fisk! Ola og Benjamin hadde prøvd å ro, men dei klarte i steda å velte med båten. Dei fleste i klassen lo og dei lo sjølv òg. Seinare på ettermiddag gjorde vi reint fiskane og steika dei på bålet. Dette var den siste dagen før vi skulle dra heim igjen.
Eg hadde bestemt meg for å fortelje om meg og Christopher til Martine i kveld. Kanskje Martine ville bli glad, men eg trudde mest at ho ville bli sjalu sia ho ikkje hadde nokon kjærast. Eg begynte å gå mot teltet vårt og tenkte at ting ikkje kunne bli betre enn dette.
Glidelåsen på teltduken opna seg og eg vart overraska og sint på det som møtte meg. Christopher var inni Martine og det såg ut som dei begge kosa seg. Dei kyssa og det såg ikkje ut som om dei la merke til meg. Eg løp lengre og lengre ut i skogen. Tårane sprengte seg på og eg kunne høyre hjerte mitt dunke. Eg snubla og falt ned i den våte mosen som var på bakken. Det yra litt ute og eg blei liggande ein stund. Eg sat meg ned på ein stein i nærleiken og tårane rant nedover kinnet mitt. Alt var tåkete og maskaraen hadde glidd utover andlet. Korleis kunne dei gjøre dette mot meg?, tenkte eg. Eg og Martine hadde vore bestevenner sia barnehagen. Min aller beste venn som eg stolte på, hadde svikta meg.
Eg såg ut mot det mørke og svarte tjernet. Det var dis over heile tjernet og månen lyste ned på den blanke overflata. Forsiktig gjekk eg ned mot tjernet og gjekk lengre og lengre uti. Det var mykje kaldare nå enn tidligare. Kleda festa seg mot kroppen, mens at tårane rant ned på kinnet. Det var stille som døden og eg kunne berre høyre ei ugle som var i nærleiken. Eg lukka auga sakte og så svartna alt til…
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst