Ein reisa gjennam livet
Dagen vart grå, forferdeleg grå. Det var ein haustdag i november 1988. Det regna ned i strie strømmar og det var bare dei som måtte ut, som gjekk ut. Vinden blåste omhyggeleg og song triste sangar blant dei mange tredne i skogen. Nokre få kilometer unna - i ein regnfull stad så eit lite barn dagens ljos for første gong, og gret.
Nokre år seinare og eit lyfte om at verda låg underan hennes føter og med ein tru om at livet vart den største gåva av dei alle, gjorde ho sitt inntog i livet. Ho ville sjå verda og oppleve dens mange prøvelsar.
Kvar enn ho gjekk, ho smilte og lo. Fikk mange nye vennar og gode minnar ble skapt. Livet leikte og fuglane song. Vondskap visste ho ikkje eingong kva var. Helt til ein dag da ho så opp på himmelen, og ein regndråpe trefte henne. Og så ein til. Og enda ein. Himmelen openbara seg og snart regna Guds tårar ned.
Ho hadde hatt ein drøm. Ho ville ikkje tore å hevde den var særleg spesiell eller særleg meiningsfull. Men for henne hadde den likevel hatt ein spesiell meining. Ho hadde drømt om å kunne reisa bort, heilt utan meining om kvar ho skulle eller korleis ho skulle komme seg dit.
Ho hadde drømt om å være ein annan - ein som var ulik henne. Ho hadde drømt om å kunne finna den kjensla frå da ho var liten - kjensla av å vere uvitande. Ikkje så skjør og skrøpeleg som ho var no. Ho ville tilbake til å være den ho ein gong var - eit lite barn.
Ho hadde aldri vert særleg rik, men med draumane hadde ho blitt rikare. No som dei også forlat henne hadde ho ikkje mykje igjen. Ho var blitt ein einsam ulv – forlat av alle som sto henne nær. Ho slutta å jakte, og aksepterte sin lagnad. Det er bare å innsjå det som det var, ho var ein ensom ulv.
Det å vere einsam hadde vert fint – av og til. Men av og til så trengtes det meir i livet enn nettopp – henne sjølv. Akkurat som hennes rikdommar – hadde også venner komma og gått. Ho var forlat. Kvifor? Ho visste ikkje. Det hadde bare blitt sånn. Kanskje hadde det alltid vert meininga – kanskje ikkje. Uansett så kom ho alltid til å ha seg sjølv. Ho var sin eigen venn, trulig den aller beste ho noka gang kunne fått.
Den ytre fasaden lurte mange. Kanskje hadde ho vært naiv - kanskje ikkje. Men, ho trudde det hadde fantes nokre som ikkje ville la seg lure. Igjen hadde ho måtta tru på nytt.
Ein klovn. Det var det ho hadde vert. Akkurat som henne spreidde klovnen ein glede den sjølv ikkje hadde. Klovnen var morsam og blid, sjølv om den følte seg trist og lei. Han smilte og lo, sjølv om han ikkje hadde noe å smile for. Akkurat som henne hadde han bært ein maske med eit påtatt smil. Til slutt hadde klovnen kastet masken – akkurat som henne.
”Takk for meg”
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst