Flukta
Året er 1944 og det er vinter. Ole sitter i ei hytte ute i skogen og ventar på Per. Ole og Per er med i ein motstandsgruppe og har nett sprengd ei bru full av tyskarar. Dei hadde vori samde om at dei skulle gå kvar sin veg etter sprengninga og deretter møtas i hytta. Tida gjekk og Ole blei meir og meir nervøs. Kor blir det av han, tenkte han. Han gjekk rastlaus fram og tilbake på golvet foran peisen, som var i ferd til å slokne. Ole så det, og rådde seg til og gå ute å henta meir ved. Akkurat da han skulle til å ta på seg jakka, smalt døra opp. Ole snudde seg brått og i døra stod Per. "Kvifor brukte du så lang tid?" spurte Ole, før Per hadde fått lukket døra. Da Per endeleg hadde kommi heilt inn og lukket døra svarte han: "Eg møtte på nokre tyskrar nedi dalen." Ole tittet på Per og sa alvorleg: "Så de deg?" "Ja, eg trur det, men ikkje tenk på det no. Vi må komme oss avgårde til Sverige, før dei finn denne hytta." fikk han til svar av Per.
Ole gjekk bort til peisen og slukka ilden, og deretter henta han sekken sin. Han opna den også for å sjå om det var noko som mangla, men det var det ikkje, alt var der slik som det hadde vori sist gong han såg. Ole var nervøs nå, men ville ikkje seie noko til Per, han ville ikkje orue han. Da alt var klart gjekk dei ut og spende på seg skia, ingen av dom sa noko, dei viste båe at no var det alvor. Da dei gjekk avårde med retning Sverige, og hytta forsvant sakte men sikkert, kjem Ole til å tenkje på den tida da alt var fredleg her, den tida før krigen braut los. Da hadde dei vori mykje oppe ved hytta og vori på jakt. Ja, nokon av Oles beste minner kjem fra den hytta, men det var no som ein merkeleg, framand tanke for han. Som om det var eit heilt anna liv, eller ein god draum han hadde hatt.
Plutseleg blei han vekt opp fra dagdrøyminga, det var Per som spurde om noko. "Kva sa du? Eg hørde ikkje heilt kva du sa" sa Ole. "Eg spurde om du tror vi har nokon muligheit til å nå Sverige." "Eg veit ikkje." svarte Ole og tittet bort. Sola var på veg ned no, og himmelen var raud. Ole lurte på om det kunne vore eit tekn på at noko forferdeleg skulle skje med dom, men han slengde den tanken vekk ganske snart.
Da dei hadde gått ein stund og begynnte å bli slitne, satte dei seg ned vei eit stort grantre. Det var allerede ganske seint, og dei to heltane var like slitne som klokka var mykje. Dei tok seg ein matbit og lagde eit bål. Da dei hadde eti maten, lagde dei seg ein huk.
Neste morgon blei Ole vekket av Per. Per meinte det var på tide at dra vidare. Ole stod opp og pakka saman sakene sine og snart var han klar til å dra. Været var nydeleg, men dei hadde vori bettre av med tåke, for da hadde dei ikkje blitt så lett sett. Ole og Per hadde ikkje sagt så lite til kvarandra sidan lenge, lenge sidan. Det var som om dei hadde blive stumme, deira munnar var berre noko dei putta mat inn i, ikkje noko anna. Skulle dei seia noko til den andre, holdt det med eit blikk eller noko anna kroppspråk.
Men så skjedde det noko uventa, plutselig møtte dei ein gjeng med tyskrar. Dei slengde seg ned bak ein bakkekant og håpa dei ikkje hadde blitt sett. Dei titta forsiktig over kanten, og det så ikkje ut som tyskrane hadde sett dom. Dei lå stille ein lang stund utan å flytte seg ein milimeter. Etter ein liten stund så det ut som om alle tyskrane var borte, det einaste man kunne se etter dom var ein masse spor. Dei gjekk vidare når dei var sikre på at tyskrane var heilt borte. Dei begynte å nærme seg grensa no. Dei gleda seg mykje, og var einige om å ikkje stoppe før dei var over i Sverige. Sola hadde gått ned og stjernene hadde kome frem på himmelen. Dei begynte å bli ganske sikre på at dei ville komme seg over, og smila kjem tilbake på andletene deira. "For ein nydeleg himmel," sa Ole. "Ja, det er rene konstverket!" svarte Per, mens han strevet seg opp ein bakke. Da dei kom seg opp på den bakketoppen kunne dei sjå eit grensemerke, bare 300-400 meter til så var dei i friheten! Dei satt opp farten og var snart over. Da dei passerte grensa, slengde de seg ned i snøen og jubla høyt. Endeleg var dei i sikkerheit.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst