Glede i læring

Marte blir mobbet og kjenner ingen glede i læring.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2012.05.09

Eg gjekk til skulen. Heilt aleine. Vanlegvis tek eg sykkelen. Heilt aleine. På sykkelstien. Heilt aleine. Eg er allstøtt aleine. Eg gjekk ut av porten utanfor huset vårt. Det var det einaste grøne i nabolaget og det fekk eg høyre på heile barneskulen. At eg var ho i det grøne gamle huset, med den gamle sykkelen og regulering. For to uker sida starta ungdomsskulen og eg grua meg som berre det. Kvifor? Det var jo ikkje nokon som snakka til meg, dei snakka om meg. Og eg legg trykk på om. Nokon gonger snakka de om meg som om eg ikkje var der. Og det var det verste, fordi det måtte eg jo høyre på. Heilt sjukt. Kvifor er Marte så rund? Ho et griseflesk til middag. Mora lar ho ikkje gå ut. Marte er stygg i trynet. Marte er en drit. Marte er grim i andletet. Ho er hesleg. Det er berre nokon ting dei pleier å seie. Dei er dumme. Dei er dumme alle saman. Ikkje mora mi, for ho seier ingenting. Også Randi, vikaren i matte på skulen. Ho blir aldrig sur på meg, ho retter prøvene rett. Eg er den einaste som får Bestått og seksar av ho. Eg likar Randi.

 

I dag var det ein stor prøve. Ein av dei som talte mest. Geografi, noko som ingen likte. Det er ingen som lik skulen uansett. Bortsett frå meg, eg lik skulen og eg er den einaste som jobbar med lekser og les norskleksene vi går igjennom på måndagar. Eg lik skulen. Og kvar gong eg rekk opp handa, stunde dei bak meg. Men eg bryr meg ikkje lengre. Eg er vant til det, no. Då læraren kom inn døra såg ho med ein gong at det var fleire som mangla. Men ho brydde seg ikkje. Ho sat ned sekken og kasta dei ubrukte prøvearka på katetret med eit oppgitt ansiktsuttrykk i andletet. Dere som har møtt opp får Bestått på prøva. Eg reiste meg. Dei bak stunt. I eit augeblink var det heilt stille i rommet. Kvifor skal dei få det, når dei ikkje ein gong veit kva det er om? Dei har ikkje lest ein setning ein einaste gong, sa eg høglydt. Sett deg ned, Marte. Læraren var klart oppgitt og frustrert. Ikkje berre over dei andre, men også meg. Vi fikk ikkje prøve den dagen.

 

Det nærma seg jul. Det var kome snø og han har lagt seg. No var den verste tida. Snøballar. Alle snøballkrigane, alle saman mot Marte. I dag var det annleis. Eg sat meg ute i skulegarden og rekna ferdig matta. Det var veldig kaldt og eg frøs meg blå fingrane. Eg høyrte lette fotspor, kome mot meg. Eg titta opp. Det var ikkje nokon i klassen med ein snøball dei skulle smøre i andletet mitt. Eg vart letta og innsåg at dei tre neste åra skulle bli mykje lettare frå no.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst