Heilt lamma
«melding sendt». Endeleg var det gjort, nokre timar med undring om kva ho skulle skrive og om ho skulle sende melding i det heile tatt. No angra ho seg kanskje litt, villa ikkje vete svaret, men på samme tid var det litt godt. Hjarte dunka, så hardt at det nesten gjør vondt. Det går i surr i hodet, så mange tanka. Ho veit at eigentleg burde ho fulgt med på kva læraren sto og fortalde, men det var rett og slett heilt umuleg.
«bip bip». Yess! Han svara, ho kryss fengrane å håp. «Kinonytt! ...». Åh.. fredag, sjølvsagt. Ho ha aldri trudd kinoen skulle vere ein av de tinga som verkeleg skulle skuffe ho i løpet av livet. Humøret hennar gjekk rimeleg raskt ned etter den meldinga. Betre blei det ikkje utover dagen, skuffa var ho og ha ondt i magen. Ikkje noko svar å få. Ha ho tatt så feil? Ja, ho måtte vel berre innsjå det, ho fekk han ikkje sist gong, og ikkje sku ho få han no heller. Det var berre det at sist var ho usikker, men denne gongen var ho rett og slett borte i han. No fekk ho eit smil om munnen berre ved tanken av han. Sist dei treftest, hadde dei sete oppe ei heil natt og berre prata, om alt og ingenting. Dei merka plutseleg at det va begynnt å bli lyst ute, svolten var dei og blitt. Da var klokka seks om mårran, tia hadd berre blitt borte. Sånn heilt ut i det blå.
Det verste ho visste var å sitje og måtte ha ein samtale med ein gut, ein som ho likte litt. Ho var redd før å seie noko dumt, ja, åsså var det no også det at ho blei heilt blank i hovudet og ikkje kom på eit ord å seie, men slik hadde det no på eit underleg vis gått. Ho hadde sete der, aleina saman med han, og tia hadde fare forbi. Det var lett å snakke med han. Etter det hadde dei hatt kontakt på melding, ho huska den godt den eine meldinga, ho vissta ikkje korleis ho skulle tolk den. Den hadde endt med «du får søv godt du lille stille søte Ida<3 hihi». Da satt dei på kver si hytte, han hadde fare til faren sin på hannes hytta. Det var akkurat som om ho hadde blitt kjent med han på nytt. Enten så var det han som hadde forandra seg, eller så va det ho som hadde tatt grundig feil av han etter fyrste gong dei hadde treftas. Tenkj å få ha ein gut som han, som kunne holdt rundt deg og kalla deg førr jenta si.
Den meldinga og de gongane dei hadde snakka litt med kvarandre på msn, korleis skulle ho tolk det? Ho valde å tru han berre var flørten av seg, før han hadde da aldri vore ordentleg interessert i ho. Nei, det fikk ho i allefall bekrefta no. Ho angra seg litt. Dumma seg ut igjenn, tenkte ho, men så var det jo det at man må ta skjangsa om man vil noko. Det nytta ikkje berre ligg og tru at ting berre skjer av seg sjølv.
Det var fredags kveld. Ho såg seg sjølv i speile. Hah.. vart jo ikkje så værst det der, tenkte ho. Venninna og ho sku på fæst, ein sånn som var eit par gong i åre. Det brukte å vere ein del kjekke guta der.
Ho storkosa seg, dei dansa og hadde det morsomt. Det var ein slik fest som ikkje var så vanleg. Lyseffektane, blitsen, musikken og røykbombene, men likevel om ho storkosa seg, så glidd blikke håpefullt ut mot inngangsdøra sånn innimellom. Innerst inne så hadde ho enno eit håp, forde om klokka var begynt å bli ganske mykje, om at han sku stå der og betale seg inn. At han sku sjå ho og komme bort til ho, sjå ho djupt inn i auga, og kysse ho med dei leppene ho så lenge ha lengta etter å få eit kyss av.
Klokka var nesten tolv no. Jaja, tenkt ho, så kom han ikkje alikavell. Med eitt knytte det seg i magen og ho blei heilt lamma i føttern. Ho fikk sommerfugla i magan, i alle slags mulege fargar. Der, der sto han. I døra. Ho visste ikkje kor ho sku gjere av seg. Kva ho sku gjer. Å, berre han fikk øye på ho, tenkt ho. Ho såg bort eit par sekund og han vart borte før ho. Kor blei han av? Idet ho gjekk mot gangen for å sjå om ho møtte på han, kjente ho ei arm ta tak i ho. Ho vart litt forfjamsa, noko sånt sku da aldri skje med ho. Ho svevd på ein rosa sky langt over bakken. Han hadde berre tatt tak i ho, gitt ho ein god klem og kyssa henne ømt og intenst sånn at ho fikk deilige ilingar i magen.
Hjartet hennar, ho gav det bort, utan at ho eingong visste det sjøl. Ho hadde gitt det til han, før lenge sia. Det merka ho no. Ho hadde nekta det og lurt seg sjøl til å tru, tru at verken ho eller han la meir enn vennskap i det.
Han såg på ho med eit smil om munn og spurt: «vi kan se filmen i mårra om du vil?». Det gjekk ein deilig rus igjennom ho, «ja» svara ho og smila lykkeleg.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst