Kjære dagbok
Kjære Dagbok.
14.11
Rune har komme til byen. Eg møtte han i butikken i dag. Han skal være vikar for Anna. Eg husker ikkje kven det er, men mamma har fortalt at han er barnebarnet til fru Sørensen. Eg leika mye med han da eg var mindre. Det er greitt nok det, men ikkje søren om eg har løypt naken rundt på plenen til fru Sørensen. Tenk om han husket det? Noko så utrolig flaut! Det håpar eg ikkje kan gjer.
Kjære Dagbok
19.11
Mattias, fetteren min, spurte om eg skulle være med til Holmvika i dag. Han ville ha meg med på kino og etterpå skulle vi på ”Greven” det kulaste diskoteket i byen. Det eg ikkje visste var at Rune også skulle være med. Eg vart helt gele i beina da eg gjekk ut av bilen for å setje meg i baksete. På kinoen fekk eg sitje ved sida av Rune. Eg blei litt nervøs, klarte ikkje å følgja med på filmen i det heile tatt. Eg satt å så på Rune heile tida. Da mi gjekk ut kom det nokon jente frå klassa mi. Eg følte meg ganske voksen der eg gjekk. Og så skulle eg altså på ”Greven”. Eg hadde gått heile kvelden å tenkt på kva som skjer om eg ikkje kom inn, det var tross alt 18 års grense der. Mattias serverte meg øl. Og eg som ikkje likte øl eingang. Men eg ville ikkje si noe. Eg ville ikkje virke lita. Forresten, eg dansa med Rune. Eg vart så glad at eg hadde lyst til å hoppe opp og ned hyle. Eg skulle ønske at eg kunne dansa for alltid. Da kvelden vart slutt og vi skulle heim skjedde det noko skremmande. Det kom ein bil bak oss. Den var lys med gule frontlys. Den prøvde å få oss av vegen. Eg anar ikkje kven det var. Hadde det ikkje vært for den lille traktor vegen, så hadde nok personen i bilen klart det. Men eg synes no at det er litt merkelig, for eg trur at den same bilen har stått på busstoppet rett der kor eg bor fleire kveldar på rad.
Kjære Dagbok
26.11
Rune tok meg med til Eikholmen i dag. Det heile begynte fint, han henta meg heime, og vi kjørte heile vegen. Eg gleda meg veldig. Eg fekk være heilt aleine saman med Rune. Men eg var litt usikker da vi sto nede ved sjøen, og han strøk handa si over armen min. Eg tenkte at eg ville like det, men det skjedde et eller anna oppe i hovudet mitt. Det ende med at eg løp. Eg angra med ein gong, men eg kunne ikkje berre stoppe. Eg følte meg dum. Til slutt orka eg ikkje meir. Eg var så sliten at eg lagg meg ned på bakken. Eg ble glad da Rune kom. Men vet du kva han sa? Han sa at han huska at eg hadde leika med han da vi var små. Han huska at eg hadde løypt naken rundt på plenen til fru Sørensen. Eg var sikker på at eg skulle dø akkurat der og då. Men så skjedde det noko som eg aldri hadde trudd. Rune kyssa meg. Eg blei heilt varm inni meg. Det vara nok berre nokre sekundar, men det føltes om ein evigskap. Eg trur eg er forelska.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst