Kjærlighet ved fyrste blikk
Eg hadde nettopp gjort opp kassa for dagen. Det har vore ein travel dag med mange kundar, til og med enke fru Wolf som aldri gjekk ut, kom nedom. Utanfor var det typisk haust vær, litt kjølig og kraftig vind med yr i. Eg geispa og kasta eit blikk på vegg uret. Då såg eg inn i eit par intense auge......der stod ein høg, mørk fyr på ca. 30 år, med RayBan briller og ein stor mørk og mystisk bart. Redsla strøymde gjennom kroppen min, og eg kjente at eg ville løpe, men det er noko med augo hans som får meg til og stå i ro. Han planter handa i bordet med eit smell, eg kvapp. Kva vil han?
Han prøvar og sei noko, men han verkar sjenert. Plutseleg utbrot han: "MAKE MY DAY!". "Kva meiner du med det", spurte eg. "Eg er ikkje heilt sikker, berre fekk så lyst å sei det." Vel tøff som eg var, på tross av stundens alvor sa eg med skjelvande stemme: "Kva vil du? vi er faktisk stengt." Mannen måtte ha betenknings tid for å svare på spørsmålet, men etter ein lita stund svara han: "Eg stod i dusjen.., nei eg får vel gjøre meg kort, eg trenger Wella shampoo, men sidan de er stengt går vel ikkje det ann?"
Eg vart veldig letta, det trur eg han merka og. Og den intense spenninga mellom oss forsvann. "Vel det kan vel vi få til, bli med meg bort til shampoo hylla." Plutseleg høyrde eg ein subbande lyd, eg såg at han hinka seg bort over golvet og eg undra meg korleis det kan ha skjedd. "Så du lurer på korleis eg skada foten?" Stillheten i butikken vart brote, men eg klarte og stamme fram: "ehhhhh, øhhm, nææææ." "Nei vel, sa han."
Då vi kom fram til shampoo hylla, stod vi der saman. Han sa: "Eg heiter Ståle, kva heiter du?" Eg prøvde og svara, men han avbrot meg: "de har jo ikkje Wella shampoo!!!" Eg kvapp til, for eit temperament. Eg hadde tenkt og foreslå Pantenè proV, då eg høyrde at han grein: "VRÆÆÆL!!" Då eg fekk roa han ned sa han: "vil du gifte deg med meg?" Eg tenkte: for eit dumt spørsmål, han er jo ein totalt frammand kar, "JA!!", svarte eg.
No har vi vert gift i 20 år, vi har 5 barn og bur på ein hybelleilegheit i Kalfaret. Eg er utruleg lykkeleg med livet mitt, men eg har enda ikkje funne ut kvifor eg svara JA.
Men ein ting kjem eg aldri til og gløyme, fyrste gong eg såg inn i auga
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst