Livet, berre ein teori?
Hadde eg visst kva meininga med livet var, hadde eg ikkje trengt å skrive denne novella. Eg hadde ikkje trengt å setje spørretegn ved det, og eg hadde ikkje hatt nokon anna tru om det. Eg hadde ikkje trengt å tenkje på det i mørket kvar natt før eg skulla legje meg, men det gjorde eg allikevell. Eg pleide å sitje der, midt i natten, stille så ingen kunne høire meg. Bakom senga hadde eg hatt min eiga samling, min eiga samling av berømte ord eg beundra og siterte. For det var nettop det det var - sitatar. Eg hadde skreve ned sitatar om alt, men mest om livet. Eg tok opp ein lapp og studerte den. Min eiga håndskrift hadde utbredt seg utover den kvite lappen og fortalt eit av mine favoritt sitat i fjor sommer. «Bare det å ha eit sted å lengte til er ein verdi i livet». Eg sukka. Veggene mine var også dekorert med dikt, dikt som omhandla krig og kjærleik, og som presterte teoriar om tilværelsen vår. Teoriar eg egentleg ikkje forsto, men som eg trudde eg hadde forstått. Det hjalp meg, men ikkje nok. Eg funderte. Ein meining må det da vel være i det heile; tilværelsen, ikkje minst tilskikkelsen og livet. Det surra rundt meg konstant, og eg klarte ikkje å få det vekk. Det var ein meining, eg måtte berre finne den.
På skulen pleide eg å sitje å lese om naturvitenskap, om teknologi eller om nye funn som sett spor i historien. Eg las om den nye presidenten i USA og eg las om Nelson Mandela. Eg las om Anna Politkovskaja, Mahatma Gandhi og Martin Luther King Jr. - tre av mange personar som gjorde verda til eit bedre sted. Eg las om Albert Einstein, Charles Darwin og Isac Newton som hadde stor betydning innen vitenskapen, men også om Henrik Ibsen, Willian Shakespeare, Camilla Collett og Johan S. Welhaven som gjorde mykkje for diktersamfunnet. Store personlighetar, store hjerner og store hjartar. Alle har noko til felles. Dei gjorde noko for samfunnet og blei hugsa for det.
Er det ein meining med livet? At man skal få utrette noko, noko stort som du vil bli hugsa for i all evighet, eller er det berre nokon få som får den sjansen? Det kan være ein av mange meiningar med livet, men også kanskje den einaste.
Mens eg sitt her og skriv, ser eg rundt meg. Eg ser på læraren, dei foran meg og eg ser eit uklart speilbilete av meg sjølv i dataskjermen. Når eg ser de smale augane mine og den lille nesen, er det nesten som eg pustar litt lettare og at pulsen min saknar. Kanskje er det fordi eg er meg, og ingen andre. Kanskje er det fordi eg er redd for at eg plutseleg ikkje skal være meg lengre, men at eg er ein anna person, ein som ikkje er meg. Er dette ein meining med livet? At alle skal være seg sjølv, akkurat den personen du allvei har vore og ingen andre. At ingen er skapt lik, og at ingen nokon gong kommer til å bli som deg. Det trøyster meg at ingen er like, det trøystar meg at eg er den eg er. Kven ellers skulla eg ha vore?
Det er også ein mulegheit for at meininga med livet er å være optimististisk, å håpe på det værst men å tru det beste. Ikkje veit eg. Det er muleg at meininga med livet også er å jobbe. Å jobbe seg opp mot eit mål, eit mål du vil oppnå meir enn noko anna. Kanskje du til og med vil ofre ditt personlege liv for å oppnå målet, berre fordi det gjer deg lykkeleg. Eit mål for livet, bokstaveleg talt. Eller kanskje er det ikkje ein meining med livet, kanskje alt berre blir som det blir?
«Fordi det var sånn og sånn, skjedde det og det og dermed ble det slik», sa Aristoteles for nokon hundre år siden, og kanskje er det sånn virkeleg er. Men dette blir eg gal av å tenkje på, eg blir gal av å konstant tenkje på livet som ein ting og ikkje som noko vi lever. Men eg veit ikkje. Eg veit ikkje i det heile tatt.
Tankane surrar rundt meg idet eg skriv dette. Eg visste ikkje kva meininga med livet var da eg begynte, og eg veit det ikkje no heller – eg veit ikkje engong kva eg prøvde å formidle. Det eg ville oppnå var å få deg til å tenkje over kva livet er. Kanskje livet er noko heilt anna sett med dine augne, eller kanskje har du dei samme synspunkta som eg har.
«Meininga med livet er eit liv med mening» sa Robert Byrne en gong. Kanskje hadde han rett, eller kanskje ikke. Kanskje er det berre ein teori, ein teori utan grunnlag, men det er det ingen som veit. Eller er det?
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst