Ljoset

Novellen handler om en jente som skal treffe typen sin...

Karakter: 6

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.05.11
Tema
Død

Ho ser på klokka, ho er sein. Straks begynner ho å småspringe. Den kalde vintervinden kryp inn under jakka hennar. Mørkret snik seg over himmelen, skyene samlast og slepp eit tungt snøfall nedover kroppen hennar. Rundt ho er det skog, berre skog. Mørke snøkledde grantre strekkjer seg over ho, som om dei vil fange ho, ha ho her inne i skogen for alltid. Her i mørkret kor ingen kan såra ho, finne ho, eller skade ho. Vegen er uendelig. Sam og humpete, strekkjer seg mot ljoset langt der borte i horisonten. Det er enno svakt, men det er der. Lyser opp den vakre byen, ein by full av glade menneske og store hus. Ho følgjer ljoset. Kva er det som dreg ho i denne retninga? Ventar det eigentleg noko godt der borte?

 

Snøen smeltar i ansiktet, renn ned kinnet som ei kald, men kjærlig hand. Ho tenkjer på Jan, han står sikkert der borte i ljoset og ventar, dyvåt og kald. Det er det ho trur.

 

Straks ho når fram slår uroa ned. Han er der ikkje. Ho myser bortover gata, store og små bilar susar forbi i gatene. Rundt dei store husa og forbi kjøpesentra. Ho er bare ein skugge utanfor alt, ein skugge som ventar i snøen. Eit kraftig smell etterfylgt av ein slags eksplosjon får ho til å kveppe. Bilhorn og skrik borer seg inn i øyra hennar. Ho klamrar seg til jakka, vatnet på kinnet er frose no. Kva var det? Tanken forsvinn. Ho er skuffa. Vil han komme?

 

Lenge står ho i snøen. Spora hennar er borte no, og det kjem dei til å vere. Snøen har lagt seg over tjernet der nede. Ho ser ein 30 meters bratt skrens og eit snødekka tjern. Snart kan ein stå på skeiser der, men isen er ikkje trygg nok enno. Om sommaren pleier ho å bade der. Lise, Marie, Kalle og ho, bestevennene. Denne sommaren vil ho ha Jan med seg òg. Han og ho, bare dei to, nakne saman i det krystallklare vatnet. Ho smiler. Ho veit ikkje at dette kvite teppet av snø er det siste som nokon gong vil dekke over ho.

 

Lyden av sirener skjer inn i øyra hennar. Brannbilar, sjukebilar og politibilar kjempar seg forbi trafikken der borte i ljoset. Noko er skjedd, noko alvorleg. Er det der Jan er kanskje? Ho begynner å gå, utålmodig. Beina begynner å løpe, fortare, fortare. Ein bil kjem raskt i hennar retning, han ser ho ikkje. Den mørkeblå bildøra stryk seg inntil henne, ho hoppar til sides, sklir. Kvasse steinar og greiner skjer seg inn i kroppen hennar, munnen blir full av snø og jord. Den kalde bakken dunkar hardt mot hovudet. Kroppen stoppar, men ikkje lenge. Brått dett ho, langt ned, får ikkje puste. Kulden stikk i kroppen på ho, som knivstikk gjennom huda. Ho prøver å skrike, men orda berre boblar i ho. Tankane frys. Ho tenkjer vilt på Jan, stakkars Jan. Hendene hennar frys, kroppen blir lamma, kan ikkje lee noko. Auga er opne, mørkret svevar kring ho. Plutseleg får ho fotfeste, ho begynner å gå. Det er eit ljos der borte. Der står Jan. Handa hans er utstrekt, og han grip ho forsiktig i armen. Sakte vandrar dei saman inn i det ukjente, inn i ljoset.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst