Øya!

I denne novellen vil du lese om en jente som er blitt strandet på en øde øy der hun finner en orangutangbaby som hun bestemmer seg for å ta vare på. Imens hun er på den øya må hun lære seg å leve der og være tålmodig og positiv
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2018.02.22
Tema

Øya

Vatnet skvulpar, det luktar tang, lufta er varm og himmelen er blå som fargen kongeblå. Eg er lei, lei av å vente på at nokon skal kome og redde meg, eg vil berre døy. Eg ligg å ser på stjernene som er på himmelen og tenkjer på veslesystera mi som sikkert lurar på kvar eg er no. Etter ei lita stund dunkar båten borti noko hardt og stoppar heilt opp, eg reiser meg opp for å sjå, og der var det. Eg var heilt sikkar på at eg drøymde, men det gjor eg ikkje. Eg var blitt stranda på ei aude øy.

Frå her eg sto såg eg ei fin lang sandstrand som truleg gjeng rundt heile øya, med masse palmetrær, to store mangotrær, to store banantrær og vakre blomar. Det var dei største mangotrea og banantrea eg nokon gong hadde sett og dei finaste blomane nokon kunne ha førestilt seg. I nokre av palmetrea var det kokosnøtter og i andre ikkje. Eg ante ikkje om eg skulle være sjokkert eller glad, eg visste berre at eg kom til å overleve her på denne praktfulle øya. Etter å ha stått i båten i nokon få minuttar bestemte eg meg for å gå ut av den og så feste den til eit av palmetrea som sto heilt nede på stranda. Når eg hadde fått festa tauet til palmetreet bestemte eg meg for å ta å byggje eit fint og sjølvsagt stort hus av palmetrær.

Eg gjekk langt inn i jungelen for å finne materialar til det fine store huset eg skulle byggje. Når eg var komen eit stykkje lengre inn i jungelen høyrde eg plutseleg ein lyd, ein lyd som eg aldri hadde høyrd før og som var lita, men kraftig. Eg gjekk nærmare for å sjå kva det var som laga den lyden da eg plutseleg såg at det var ein orangutangbaby som låg ved eit palmetre og pintes. Eg ante ikkje kva eg skulle gjere, eg var reint i sjokk der eg sto å såg på den stakkars orangutangbabyen som truleg var i ferd med å døy. Eg løfta den stakkars vesle orangutangen opp og la han i armane mine. Den såg på meg med forskremde auge, men var nok for utmatta til å gjere noko. Der og da bestemte eg meg for at eg skulle ta meg av han.

Eit par år seinare gjekk eg og vesleklumpen bortover stranda mens vi nøgd den fine solnedgangen som nesten var borte. Eg dreiv å tenkte mykje på familien min som sikkert er døy no og på veslesystera mi som er heime i London. Plutseleg tok vesleklumpen meg i handa og fekk meg ut av dei triste tankane mine. Vi gjekk vidare bortover stranda til vi kom til strandhuset vårt. Når vi var kome frem gjekk eg inn og la meg i senga mi som var av blad frå palmetreet og gråt imens eg tenkte på familien min og alle vennane mine. Døra gjekk opp.

Det var vesleklumpen som kom inn for å trøste meg. Tårane rann nedover kinnet mitt, augo mine var heilt raude, nasa mi var blitt sår og raud, munnen min var full av slim og stemma mi var nesten borte. Eg hadde mest lyst å berre døy i staden for å ikkje vere med dei eg var glad i. Vesleklumpen kom og la seg ved sida av meg og klemte meg. Han minna meg på at eg hadde ein igjen som eg var glad i. Nemleg han, og det var alt som tydde noko.

Etter å ha lege ei lita stund reiste eg meg opp av senga og gjekk ut til havet for å bade. Det var blankstille, himmelen var heilt mørk og speilte seg i havet. Eg tok av meg alle kleda og sprang ut i det varme vatnet. Eg begynte å svemje utover havet til eg ikkje nådde bunden lengre og det einaste som kunne holde meg oppe var meg sjølv. Himmelen var full av vakre stjerner som sto og skein. Den praktfulle månen sto og lyste sterkt over meg. Det var heilt stille, ikkje ein einaste lyd var det å høyre, men masse å sjå var det. Eg dreiv å telte alle dei stjerneteikna eg kunne sjå på himmelen. Når eg hadde telt tjuge stjerneteikn fløyg det plutseleg eit stjerneskot forbi. Eg ønskte at eg og Vesleklumpen skulle bli redda og at alt skulle bli sånn som det var før. 

Dei to neste vekene var tragisk sånn som alle vekene før. Det var ingen eg kunne snakke med bortsett frå Vesleklumpen som bare kunne lytte, men ikkje snakke sånn at eg forstod kva han sa. Eg hadde prøvd alt for å kome meg av denne øya, men det var håplaust. Ingen ting nytta, absolutt ingen ting. Det var som om at universet ville at eg skulle bli her på øya og at eg aldri blei å kome meg vekk herfrå. Så gjekk sola ned og himmelen begynte sakte og mørkne til det berre var stjerner og sjå.  

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst