På venterommet

En pinlig opplevelse på venterommet.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.03.27

Det flauaste var alltid å gå bort til skranken å seie kva som var galt.

Kvar gong prøvde eg å unngå augekontakt med skrankedama.

Eg var for flau.

Eg mista rett og slett munn og mele.

Det eg skulle seie måtte eg si flere gong, fordi eg ikkje klarte å stoppe mumlinga.

Eg titta nedi skranken og twista tumlane mot kvarandre.

Eg tenkte for meg sølv da eg gjekk bort mot skranken at eg grua meg skikkelig til å seie at eg hadde gonoré.  

Eg gjorde som alltid , så i skrankebordet for å unngå augekontakt og fikla med tumlane mine eller noko eg fann på pulten , denne gongen var det ei penn som var offeret. Mumlinga var ikkje tydlegare no heller, eg måtte seie det fleire gongar.

Kva ? sa dama

Eg har fått gonoré… sa eg

Har du fått kontoret? Sa dama

Eg syntest verkeleg at det heldt å seie det ein gong da eg sto der og berre dumma meg ut.

Gonore sa eg ganske høgt , men eg passa på slik at ingen andre skulle få høyre det.

Gonore ! ja, hehe eg trudde du sa kontoret !! hehe. Ropa dama ut slik at alle som ein inne i venterommet kunne høyre det.

Eg fikk lyst til at slå ho rett ned, men laut det vere.

Ho sa eg skulle setje meg, så eg rusla bort til sofaen.

Eg strekte meg etter eit blad som låg oppå eit glasbord rett framfor meg.

”Ung mor”, sto det utanpå bladet . Jaja, tenkte eg og bladde gjennom for å sjå etter puppebilda.

Veit du det allereie? Eller er det berre at du liker å sjå på gravide kvinner? Sa ein stemme bak meg.

 

Eg snudde meg og såg ei ganske høy blond dame bak meg.

Hei, kvifor er du her Pelle? sa ho.

Shit, det er ho dama frå festen eg låg med for 3-4 veker sidan. Eg kunne ikkje seie at eg hadde gonoré, for da har eg jo sikkert smitta ho og.

Nei, eg har et lite utslett på låret. sa eg på ein utruverdig måte.

Oki, sa ho.

Kvifor er du her, sa eg fort for å sleppe å seie meir  om meg sjølv.

Hm, eg har liksom vore litt kvalm om morgonane og er litt redd for at eg kanskje kan være gravid.

Det stakk i magen min.

Kunne det være meg? Skulle ha bruka kondom! tenkte eg.

Jaså, kvem trur du faren kan vera da?

Sa eg med eit usikkert tonefall.

Hun sette seg attmed me og kika nedi golvet.

Kva trur du?

Off, har ikkje akkurat lyst å svare på det spørsmålet eg, det var jo eg som spurte, tenkte eg og vart litt irritert.

Er det meg? sa eg og angra på spørsmålet med ein gong eg hadde spurt.

Det kan være, sa hun med eit snev av anger i svaret.

Der kom den pinlege stillheta…

 

Begge berre sat vi der og stirra i golvet.

Pelle Skomskaug lød det i høgtalarane.

Vi snakkar om det seinare, sa eg og gjekk inn til legen.

Saved by the bell, tenkte eg da eg satt i stolen.

Da legen kom inn med prøve resultata, skifta eg meining , ho sa det eg frykta. Det ser diverre ut som om du har fått gonoré, sa ho med eit snev av skadefryd i stemmen.

Hun ga meg resept på medisin og sendte meg av garde.

 

Eg gjekk ut og der sto ho, jenta frå festen og tok seg ein røyk.

Det der kan ikkje være bra for babyen, sa eg og kom plutseleg på namnet hennar,…..Stina

 

Ho snudde seg og smila til meg, og eg smila tilbake .

Eg hadde aldri kjent denne kjensla før. Eg var forelska.

Får eg ein røyk med deg, eller, sa eg og følgde ho heim.

Kva som vill skje etter dette er det berre gud som veit, men ein ting er sikkert: Kjærleiken blomar.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst