Sakn

Handler om en jente som har mistet sin bestevenn.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.12.12

Eit rød-gult lønneblad seglar forbi meg i vinden, og landar ved føttane mine.

Eg sitter på ein gamal benk i utkanten av Oslo.

Eg sit og ser på sola som kjem opp over åsen i Aust, ho speglar seg så vidt i vannet som har eit tynt teppe av dis over seg.

Klokka er 05:30, eg har sete her sia i går kveld.

Eg sit her og er så utroleg redd og einsam, men eg ser ut som ein mediterande, steinroleg Buddah.

Inni meg rasar ein storm så stor, at hjarterauttane truas med å slitas ut.

Men det vil aldri nokon få sjå, for masken min er for hard...

 

Eg heiter Evian…

Når eg skal fortelje folk eg ikkje kjenner om meg sjølv – det skjer ikkje så ofte men det har hendt – begynnar eg med hunden min: ” eg har ein irsk vannspaniel” det er ikkje så mange som har irske vannspanieler her til lands, så det er ei grei begynning.

Naturlegvis er eg stolt av han, men eg trur ikkje at det aleine er grunnen til at eg fortel om ham. Det bunner nok heller i at eg er så forferdeleg blyg.

Så no sit eg her einsam, einsam i heile verda.

Eg kan ikkje fatte korleis det er mogleg at eg har mista min einaste ordentlege gode venn i heile verda..

Andres heit han, han var min beste venn. Men no er han borte, han har vore borte i eit år akkurat i dag, det er derfor eg sit her og tenkjer, på han, og saknar han.. saknar han så inderleg.

 

Andres var ute og køyrde i et forferdeleg uvær, eg trur han skulle hente nokre vennar frå ein fest. Men han kom aldri så langt, han køyrde ut og trefte ein fjellvegg og døde momentant.   

Når eg fekk vite at Andres var død ble eg knust, eg falt bokstaveleg talt saman.

Etter nokre månader ble eg sint, eg ble så sint for at Gud hadde teke han i frå meg, tårer blei stenget inne og verda falt i saman gong på gong på gong..

Eg sakna han så inderleg..

Eg følte meg så einsam, redd og hjelpelaus, alt på ein gong.

Eg begynte å stenge meg inne, eg ville bare gløyme alt og alle, og leve i min eign verden.

Det var da eg fekk kjeledegga mi, han heiter Bonzo..

Vi er alltid i lag.

Han ligg her og passar på meg nå også, utan Bonzo vet eg at eg ikkje kunne ha klara meg.

For eksempel når eg er ute blant framande. Da føler eg meg like naken og redd som ein skilpadde utan skall, så da gjemar eg meg bak den rare kjeledegga mi..

 

Det går enda ikkje ein dag utan at eg tenkjer på Andres, og saknar han.. Og om natta draumar eg om han, eg draumar at han kjem og hentar meg og Bonzo opp til himmelen.

 

Etter at Andres ble borte har hele livet mitt sklidd ut, eg har vore eit fast innslag på festane rundt om kring, det hender at eg drikker mye, veldig mye..

 

eigentlig likar eg verken øl eller sprit, men eg trur drikkinga har meir med at eg vil rømme frå verklegheita enn med grensesprengjing å gjere.

Eg har heller ikkje så mange venar at det gjer no, eg vil helst være aleine.. Bare eg ser sær nok ut, er det ingen som hakkar på meg.

- Kanskje er de redd for at eg skal bite? Dei skulle bare ha visst sannheita: eg er heilt tannlaus og eg kunne ikkje gjere ei fluge noko vondt eingong. Men eg har Bonzo..

 

Skulen har også blitt eit likegyldig tema, karakterane mine har sunke og fråværdagane er mange.

   Men til hausten skal eg begynne å studere i Bergen, eg skal studere til å bli sykolog.

 

Når eg skal inn i eit nytt miljø, blir eg nødt til å starte heilt frå begynninga igjen: langsamt bygge opp dekningsvegane mine.

Korleis eg skal halde meg trygg mens eg byggjer, aner eg ikkje.

Eg kan ikkje slepe med meg Bonzo kvar bidige dag.

 

- Så kva gjer eg? mumlar eg ned i Bonzo`s myke pels.

Han slikkar meg vennleg på handa.

Eg har sete her på benken lenge no. Eg har sete her lenge og saknet min Andres, tenkt på han og saknet han..

Eg sit framleis her like roleg som ein mediterande Buddha, men som du kanskje har forstått så er ikkje ting alltid slik som dei verkar på overflata. Bak dei roligaste fasadar kan det være full krig.

 

Klokka tikkar mot ti, det er fristane å trekke mot sentrum, kanskje finne ein fest. Drikke bort sorgen..

Men denne gongen gjer eg ikkje det. Eg veit ikkje kvifor, det ville vori det lettaste.

For ein gongs skuld tar eg motsatt veg. Bonzo labbar i helane mine..

 

Nei, nå skal eg få orden på livet mitt, tenkjar eg mens eg går på grusvegen som fører ut av parken, og ut i det store intet.

 

Det er lov å gjere eit forsøk, seier eg til meg sjølv, mens eg tenkjar på bestevennen min som sit på ein sky og heiar på meg.

For eg veit at sjølv om Andres er borte, så lever han vidare i hjartet mitt..

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst