Skulle berre vere morosam
En novelle på sidemål om en praktisk spøk som får et tragisk utfall.
Karakter: 4+ (tentamensoppgave, 10. klasse)
Då stod eg der, dette hadde eg ventet på så lenge. Endeleg skulle eg lure Maren, ho som hadde lurt meg så mange gangar. Eg stod nede på hamna, det var natt og det var heilt stjerneklart. Ho skulle vere her snart no, klokka var snart tolv. Fredrik stod i den andre enden av hamna, bak ein falleferdig bygning. Plutseleg fekk eg auge på Maren, ho kom gåande nedover kanten på hamna. Eg skunde meg og gøymde meg bak nokon store tønner. Eg tok opp videokameraet, så eg hadde det klart. Den utkledde Fredrik hadde tenkt å hoppe framfor Maren å skremme henne, mens eg filmet det. Då Maren nærma seg Fredrik spratt han frem framfor henne, ho blei så skremd at ho snudde og sprang alt ho hadde.
I neste augeblikk gjekk alt gale. Då Maren sprang bortover hamna, kom det ein bil i full fart. Bilen kom bak henne så ho rakk ikkje å kome seg unna. Bilen rakk ikkje å bremse, så sjåføren svinga bilen mot høgre. Bilen var nå på veg ut i vatnet, på veg ut i vatnet trefte bilen Maren og drog henne med ut i vatnet. Eg ble redd,eg berre stod der og ventet på at Maren skulle kome opp frå vatnet. Eg fekk sjokk då eg innsåg kor alvorleg tilstanden var, tenk om ho var daud. Eg klarde ikkje å tenkje klart, så eg gjorde noko veldig dumt: Eg stakk av.
Eg bestemde meg for å halde meg heime frå skulen i dag. Plutseleg ringde telefonen min, det stod Fredrik på skjermen. Eg hadde ikkje sett eller hørt frå han etter det som hendte i går. Eg trykte på oppteken knappen, og han sende ein sms: «Hei Lena!
Kvifor tek du ikkje telefonen?
Fekk du med deg kva som skjedde på hamna i går?
Det står om det i avisa»
Eg sprang ned på kjøkenet, eg så avisa låg på kjøken bordet. På framsida stod det: MANN (41) og JENTE (15) omkom i drukningsulukke. Eg fant telefonen for å ringe Fredrik, eg skalv hendene. «Kva gjer me nå?» spurde eg. «Me må melde oss til politiet,» sa Fredrik. «ME KAN KOME I FENGSEL!» ropa eg. «Eg veit det. Ro deg ned, eg må tenkje,» sa Fredrik. PIP PIP PIP PIP PIP! Fredrik la på telefonen utan å si noko meir. Eg prøvde å ringe han fleire gonger, men utan å få noko svar.
Eg hadde vore borte frå skulen i ei veke nå, og eg hadde heller ikkje høyrt noko frå Fredrik. Men det skjønte eg kvifor når eg såg dagens avis. GUTT (15) hengde seg sjølv i låven. Like etterpå ringde mamma og fortalde at det var Fredrik. Eg var heilt frå meg, eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Nå var eg heilt åleine om det.
Eg var på veg til politistasjonen, på veg for å melde meg. Eg hadde heldt på å snu fleire gonger, men tenkte at det dette var det einaste riktige. Men kva om eg kjem i fengsel, noko eg heilt sikkert gjer. Eg må berre ta den straffa eg fortener. Plutseleg stod eg framfor politistasjonen, og eg gjekk inn.
Eg hadde vore i ei rekkje med avhøyr, foreldra mine hadde også vorte kontakta. Eg vilje nok kome i noko som heiter ungdomsfengsel sidan eg hadde ein stor skyld i saka, men retten skulle bestemme kvar mange år. Til slutt blei eg spurt: Kvifor skremde dykk henne? Eg svarde: Eg skulle berre vere morosam.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst