Snøstormen
Skriv en novelle på nynorsk om en snøstorm.
Karakter: 5
Det var ei helt vanleg dag som denne. Året var 1859. Midt på vinteren. Kaldt som faen som folk ville sagt. Eg vakna som vanleg til den store klokka som hang på veggen. Den som alltid mamma ringjer i kvar morgon klokka 7. Eg synest den var stygg. Hadde alltid ønsket meg ei ny. Men for å kjøpe ei ny, måtte man ha penge, og det var var noko familien min ikkje hadde noe av.
Vi budde i eit lite hus på landet. Du veit eit sånt som liknar på eit skur. Det var bare eit stort rom som heile familien sov i. Pappa, mamma, eg og min lille bror. Han var bare 6 år og eg 17. Vi hadde ikkje ordentleg kjøkken ein gong, bare ei gammal ovn som pappa hadde fått av naboen. Bad hadde vi ikkje, bare ein utedo og ei balje som vi vaska oss i.
Kva skulle vi gjort vis pappa ikkje jobba i sagbruket? Sjølv om han ikkje fekk stort for det, var det akkurat nok til å dekke mat, men det var ikkje mye vi fekk. Sånn hadde vi levd igjennom alle år. Mamma måtte vore hemme for å passe ungar og stelle huset, så ho kunne ikkje gå ut i jobb. Og du kunne se at ho så sliten og trøtt ut. Ho så mye eldre ut enn vanleg. Som du sikkert har hørt, så er vi det du kan kalle fattig. Kva ville du gjort for å overleve?
«Nå må du vakne!». Mamma ristar i meg. «Skolen ventar, og du har ei lang veg å gå, så mykje som det har snødd i natt» seier ho roleg til meg. Eg sete meg opp i senga, fortsett litt trøtt i augne. Eg kjende eg hadde vondt i foten etter alle gnagsår eg hadde fått etter lær skorne mine. De som eg hadde arva av pappa. Dei var store og utslitne og varma ikkje noe særleg, men dei var sko og dei var alt eg hadde. Eg tar på meg den litt for store buksa mi, den store genseren min og den tykkje vesten av saueskinn. Den hadde eg fått i gave av lensmannen for å ha tatt vare på hestane hans ein gong. Han så vel at eg trengde ho. Eg hadde vel fryse i hjel vis eg ikkje hadde hatt ho.
Eg kjem litt for seint på skulen fordi det hadde snødd så mykje den natta. Lillebror hadde gått før meg samen med mora til ei venn han hadde. Eg rakk ikkje følgje han som eg vanleg gjorde. Men det gjerde vel ikkje noko for ei gang skyld?
Skuledagen kom og gjekk som alle andre dagar. Eg blei mobba som vanleg for klæra mine. På vegen heim skal eg alltid hente lillebroren min, fordi han finne ikkje vegen heim sjølv enda. Han er vel litt for lita for det? Eg gjekk til den andre bygginga på skuleplassen. Den bygginga som er for førsteklassingane. Mens eg gjekk opp dei få trappetrinna opp til døra, kunne eg nesten føle at noko var gale. Det var som om det låg noe trøbbel i lufta. Eg så opp på himmelen og kjende frysninger ned over ryggen. Dei skyene som eg så, var ikkje vennlege. Store, grå og stygge. Det var ein ny storm på veg, og denne så ekstrem ut. Best å komme seg fort heim, tenkte eg. Eg tar eit tungt andedrag, og bankar på døra. Eg hører fottrinn innanfor, og døra opnar seg sakte. Ut kjem ei gammal dame, men masse skrukker, rynker og ei pekestokk i handa! Eg skar ei liten grimase, og håpa på at ho ikkje så den. Typisk lærer, tenkte eg. «Ja?» Seier ho. «Frue, eg sjå etter lillebroren min, Håvard, er han her? Han skulle ha slutta nå.» seier eg roleg, samtlege som eg prøver å unngå å se på alle rynkene. «Han er dessverre ikkje her. Vi slutta for ein time sia.» Augne min blei med ein gong helt svarte og eg følte ei redsel inni meg. Kvar kan han vare, nå som det er ein snøstorm på veg?!
Eg rekkjer ikkje ein gong å seie hade, og seter på sprang. Tankane mine rase inn i hue mitt. Tusen tankar. Eg spring til eg kjenner blodsmak i munnen. Nå har det begynt å snø, og eg veit at stormen ikkje er langt unna. Det buldrar i det fjerne, og eg veit at det kjem til å bli fort kaldare ute. Eg får auge på nokon fotspor. Det må vare han tenkjer eg! Dei leder mot skogen... Eg grøsser ved å bare tenkje på den mørke skogen på denne tida av året. Vis eg hadde sett dette igjennom hans augne, skal eg si sikkert at han begynner å bli redd, for han veit vel ikkje kvar han er og han ser at det er ei storm på veg. Sånne stormar som Mamma har sagt vi skal halde oss unna. Kordane skal eg klare å finne han før stormen tar oss igjen? På ei anna side, det er kanskje slik at eg ikkje finne han...
Det har begynt å blåse. Eg hører jamring mellom trærene der eg står midt inne i skogen. Kvistar knirke og det har begynt å snø digre kjerringar. Snøen er kram; eg kjenner det når eg går bortover. Augne mine er vid opne for å kunne sjå betre i mørket. Men det hjelper ikkje. Dei er fulle av tårer. Eg sete meg med på kne og sjå i bakken. Tårar som renner for at eg kanskje kan ha mista lillebroren min for alltid. Tårar som renner for at eg må sjå ansikta til Pappa og Mamma når dei kanskje får vite at dei har mista sin einaste gut. Kordane i alle dagar kjem dei til å reagere?!
Nå må eg slutte å tenkje negativt! Eg kan finne han, og det levande! Eg tørkeår tårane, reiser meg opp og går vidare, fortare enn vanleg. Eg sjå ikkje anna enn snø og trær. Hører ikkje anna enn jamring og knirking. Føler ikkje anna enn våt snø inni skorne mine. Men mot har eg. Mot nok til at eg skal finne lillebroren min. Tankane mine fører meg tilbake til sist gong eg så han; han står å sjå opp på meg med dei store blå augne sine og seier at eg skal gå med han til skulen. Men eg seier nei, ikkje i dag. Dette er noe eg angra på nå. Eg skulle gått med han. Eg skulle ha vore ei god storesyster og sagt; det er ei sjølvfølgje. Kordane kan eg vore så kald tenkjer vel du? Lillebroren min var det einaste eg hadde å ta vare på...
Eg går og går, igjennom snø og kratt. Eg klare å rive opp vesten min, men tenkje ikkje noko på det. Alt som står i tankane mine nå, er lillebroren min. Eg er ved brestepunktet og eg har nesten ikkje følelese igjen i beina mine. Eg falle saman igjen, og lukkar augne mine. Eg sjå for meg alt det gode vi har opplevd og alle dei gongene vi har held saman i tykt og tynt, og noko seie meg at vi ikkje kjem til å oppleve det igjen. Eg lukke opp augne igjen, og der, der ser eg ei lita teppe bylt som liggje i snøen, nesten ned snødd, eit stykke borte, opp mot eit tre. Heilt urørleg. Han hadde gitt opp med å finne vegen heim. Eg springe, men det er som om eg springe i sakte film. Eg føler at eg ikkje kan komme fram fort nok. Tankane mine rase; eg veit at det er så mye som kan ha skjedd. Eg kjenner tårane presse på igjen. Snøen treffer meg i ansiktet som tennisballar, men det tenkjer eg ikkje noko på. Eg kjem endeleg fram og han sjå opp på meg med med dei store blå augne sine, og eg ser i dei at han er glad for å se meg. Han er like hel, men kald som is. «Grethe...» seier han med svak stemme og lukke augne sine igjen. Stormen er på det verste nå. Det blåse og det jamre; trærne står nesten på skakke. Eg halde godt om han, stryke han over det kalde håret og seier med ein roleg stemme; «Nå gjenstår bare vegen heim...».
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst