Stemmen

Novella handler om ei jente som har utviklet anoreksi og hennes vei fram til å innse at hun trenger hjelp.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2009.10.22

Tankekart:

Kven: Lisa og faren (Trond)

Kva: Lisa får anoreksi, band mellom far og dotter.

Kor: Heime, på trening og på sjukehuset

Korleis: Lisa utviklar anoreksi. Ho trenger hjelp.

Kvifor: Ønskjer å visa verda at ho duger til noko. Ønskjer å være perfekt og veldig vellykka.

Når: I starten av sjukdomsperioden og fram til ho innser at ho treng hjelp.

 

 

STEMMEN

Ho løp. Stemmen hang over ho. - Forbrenn, forbrenn, forbrenn! Du eig ikkje viljestyrke! Den fordømte stemmen. Var der heila tida, uansett kva ho gjorde. Det blei aldri bra nok. Alltid var det noko som kunne vært gjort betre. Alltid!

 

Lisa hadde vore ei glad jente. Ei jente som alle likte. Ho var alltid blid og sjeldan langsint. Ho hadde mange vener og ho hadde vore ei aktiv jente og eit multitalent i idrett. Flink på skulen var ho også. Men det var før ho blei sjuk. Det var før den forbanna sjukdommen kom og tok over livet hennar.

 

Ho sprang fort opp trappen og inn på rommet. Snubla nesten i trappetrinna. Reiv av seg kleda og stilte seg framfor spegelen. Ho la handa på magen, hadde den blitt noko større sidan ho gjekk på skulen? Hadde den halve brødskiva ho åt på skulen, lagt seg på magen? Jo, ho såg det. Magen hadde blitt større. Magen hadde blitt kjempediger! Det såg ut som ho var gravid! I morgon skulle ho ikkje eta nokon ting. Ho måtte slanke seg. Ho såg ikkje ut! I morgon skulle ho klara det, i morgon skulle ho ikkje eta nokon ting!

 

Trond kom heim frå jobb. Han parkerte bila i garasjen og rusla inn. Han såg at Lisa hadde kome heim. – Lisa! Har du ete middag? ropte han. – Ja, svarte Lisa. Ho kom gåande ned trappa for å helse på far sin. Ho var bleik og såg ikkje bra ut. – Du ser ikkje bra ut Lisa. Er du sjuk? Trond blei redd for dottera si. - Eg er ikkje sjuk. svarte Lisa. Trond byrja å granske dottera si. Hadde ho ikkje blitt tynnare? Hadde ho ikkje mista litt hår også? Ho var heilt blå på henda. Er du sikker på at du skal på treninga i dag Lisa? Trur du det er så smart? Trond stod og vrei seg. Han var tydelig redd. – Eg skal på treninga, svarte Lisa. Inni henne var det noko som pusha på. Ho var ikkje i form, men ho måtte på treninga, måtte forbrenne, måtte bli tynn.

 

Lisa låg på bakken og tok armhevingar. Ho måtte ta ein te og ein te. Sånn var det heila tida. Ein te og ein te, eller litt fortare og litt fortare. Ho måtte alltid yte maksimalt. Måtte røre seg heila tida, kunne aldri ta seg pausar. Ho var heilt utsliti. Men ho kunne ikkje gje seg, for hu skulle bli tynn. Ho skulle vinne denne kampen! Ho skulle vise heila verda at ho dugde til noko!

 

ANOREKSI. Overskrifta lyste imot han. Hadde Lisa utvikla anoreksi? Trond satt og surfa på nettet. Lisa kunne vel ikkje ha anoreksi? Dottera hans kunne ikkje ha det! Kva hadde han gjort for noko gale? Han hadde jo merka at ho hadde endra seg. Ho hadde blitt mykje tynnare, hadde byrja å miste hår og fått blålige hendar. Ho hadde også blitt meir inneslutta. Trene mykje hadde ho gjort før også, men no fekk ho panikk om ho ikkje fekk vera med på ei trening. Ho hadde mange av symptoma på anoreksi, men dottera hans kunne vel ikkje ha fått den sjukdommen?

 

Lisa var ute og løp igjen, ho tok i alt ho hadde. Ho hadde ikkje ete meir enn eit tygg av ei brødskive. Men på trening skulle ho. Ho kjente at magen rumla. Kroppen skreik etter mat. Ho hugsa ikkje siste gongen ho hadde spist eit ordentlig måltid, det var lenge sidan. Stemmen i hovudet hennar hadde blitt sterkare. Ho var skit lei av stemmen. Ho var drita lei av at den styrte livet hennar. No pusha den på henne igjen. – Fortare Lisa! Fortare! Lisa tok i det ho hadde. Ho hadde ikkje noko å gi, men ho torde ikkje anna enn å gjøra som stemmen sa. Viss ikkje ble ho straffa. Ho måtta løpa fortare. Ho måtte bruke opp den energien ho hadde. Plutselig svartna det for Lisa. Ho fall saman og blei liggande i grøfta.

 

Ho vakna på sjukehuset. Ho såg at faren satt på sida av senga hennar. Han gråt. Han satt og hulka. Det var fyrste gongen ho såg at faren gret. Det gjorde vondt inni henne. Han gret for mi skuld tenkte ho. Han gret fordi eg er sjuk. Eg er sjuk. –Pappa. Klarte Lisa å kviskre fram. –Pappa. Kom å sett deg her på senga. Ho setta seg opp. Eg trenger hjelp pappa. Eg er sjuk. Ho la henda mellom føtene sine. Trond la handa rundt skuldrene hennar. - Du skal få hjelp jenta mi. Vi skal klare dette Lisa. Vi skal klare dette.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst