To levande lys
Det er ein regnfull ettermiddag, snøen som la seg i dag tidleg er no blitt erstatta av blaut og kald slaps. Ute spring ungar som hoppar ned i våte sølepyttar, dei blir tilgrisa med det våte slapset langt oppover beina, men likevel spring dei der og hoppar og er glade. Mørket byrjar så vidt å trenge seg på, men dei små ungane leikar fortsatt like lykkelege saman. Ei kvinnerøyst roper ut at no er det middag, og alle ungane spring inn i ei stor bustadblokk. Dei spring oppover dei stygge steintrappene, og etterlet seg store, våte flekkar.
Line skrur av den overdøyvande radioen, ute frå gangen høyrer ho små ungeskrik, dei skrik av glede, glede over å vere til, glede over å få vite at nokon er glade i dei. Line kan høyre regnet som trommar hardt mot vindauget, ho ser dråpane som trillar forsiktig nedover glasruta. Akkurat som små, runde tårer trillar dei ned over den klare glasruta. Det er kaldt, ho kjenner håra reiser seg på armane sine, og kulden som breier seg over henne. Line ønskjer så inderleg at ho kunne hatt noko å varme seg på, noko som kunne gjort at ho aldri meir kom til å fryse igjen. Det Line ikkje veit er at om ikkje lenge vil ho ikkje lenger fryse, då vil ho aldri fryse meir den korta tida ho vil leve, då vil noko frykteleg hende.
Dei små ungane som var ute og leika saman tidlegare, sit no spente og glade og ser på barne-tv, dei held godt rundt dei mjuke bamsane sine følgjer godt med på kva Max Mekker i Sesam Stasjon har å seie. Ein kan høyre den mjuke latteren deira som brer seg utover rommet, dei er glade og lykkelege, enn så lenge. Snart vil desse små ungane gå å leggje seg under dei trygge, varme dynene sine, dei vil sovne av at mammaen deira syng go’natt song og stryk dei varsamt over håret. Dei vil sovne i trua av at dei er lykkelege og at dei vil vakne opp utkvilte og friske neste morgon. Men det desse små ikkje veit, er at dei snart vil kjempe ein hard kamp, ein kamp for deira eigne liv.
I ein liten, koseleg leilegheit sit to menneske, to menneske som er glade i kvarandre, to menneske som elskjer kvarandre. På bordet dei sit ved står ei uopna vinflaske og to levande lys. Lysa varmar og lyser opp, akkurat nok til at dei to kan sjå kvarandre djupt, djupt inn i augo. Dei smiler og held godt rundt kvarandre, for kva enn som skjer vil dei halde saman, i tykt og tynt, trur dei. Dei to levande lysa brenn enno, om litt er det ikkje berre det som vil brenne, men det er det ingen som veit, enno.
Line legg seg utmatta ned på den gode og mjuke sofaen og slår på tv’n. Augo hennar klarar så vidt å halde seg opne, ho kjenner dei vert varme og vert varsamt fylt med tårer. Tårer som sakte renn nedover dei raude kinna hennar og inn i den små, mjuke munnen. Det siste ho kjenner før ho sakte sig inn i draumane sine, er smaken av tårer, salte tårer. Over ho ligg eit varmt og godt teppe som litt om litt varmar den tynne, skjøre kroppen hennar.
Under ho er det nyforelska paret på veg ut, ut i det pøsande regnveret, ut i gatene som er dekka av våt, kald slaps. Dei har dårleg tid, dei skal på kino, premiere film. Dei spring ut av leilegheita og smell døra rask igjen, innanfor står ei tom raudvinflaske og to levande lys.
I nokre små barnesenger ligg eit par utmatta ungar og søv. Ein kan høyre den tunge pusten deira, og eit par snøft. Rundt dei ligg små bamsar strødd utover det teppekledde gulvet. På dei bamsetapetiserte veggane heng nokre små bilete, bilete av lykkelege og sunne ungar saman med ein brannmann og ein stolt far. I rommet ved sida av ligg ei trøytt mor, glad for at ungane er komne i seng. Glad for å vere under tak i dette fryktelege veret. Glad for å vite at ikkje så alt for langt unna ho sit ein mann som er glad i ho og ungane sine.
Det som ein gong var to levande lys, er no blitt til ein stor, einsam flamme. Ein flamme som breier seg utover det som ein gong var ein koseleg leilegheit. Medan flammane breier seg utover eit teppelagt golv og nokre tapetserte veggar, ligg Line og held trygt rundt det gamle ullteppet. Snart vil den forferdelege røyken sive inn i dei små nasebora hennar og like etterpå vil flammane trengje seg oppover det flotte furugolvet.
På brannstasjonen sitt ein utsliten brannmann. Han er trøytt og det stikk små skjeggstubbar ut frå ansiktet hans. Han tenkjer på kona si og dei fire ungane sine, som ligg heime i dei tryggje sengene sine og søv. Rundt han sit tre andre like utslitne brannmenn. I hendene deira er koppar med varm og god kaffi. Den varmar godt, og tankane fer ein heilt annan plass. Om litt vil det ringje ei klokke, brannklokka. Det vil bryte ut full kaos. Medan brannmennene varmar seg på nytrukken kaffi, ligg nokre små, søte ungar i dei små tresengene sine. Dei pustar inn den tunge røykjen, ingen av dei merkar at heile rommet står i brann.
Dei hylande sirenene kan høyrast gjennom heile bydelen, folk som sov, står opp, undrande på kva som har hendt. Ei bustadblokk står i brann og lyser opp den vesle byen. No er det alt for seint, ingenting kan gjerast for å redde nokre få menneskeliv, no er det alt for seint. For ein brannmann som har fire små ungar og ei snill og god kone, er det alt for seint. Dei små ungane er alt døde, og vil aldri meir kunne leike saman.
Utanfor, i regnet, står eit nyforelska par som nett har vore å kino. Ved sida av dei står ein gråtande og knust brannmann. Dei ser alle eit syn dei aldri kjem til å gløyme. For det er ikkje sant at tida lækjer alle sår. Tida lækjer ikkje såra til ein oppbrunnen heim, og tida lækjer ikkje såra til ein brannmann som har mista si kjære kone og fire nydelege ungar. Tida lækjer like dårleg angsten hos eit nyforelska par som har gløymt å slokke to levande lys. Rundt den nedbrunne bustadblokka finst ingen glade menneske, alle gret dei over tapet av alle liva som gjekk tapt.
Paret som sette i gang brannen er heilt tause, og dei veit at dette tause er fienden deira, og at dei vil trenge år av liva sine for å sigre over det ved å skrike at det ikkje var deira feil. Men dei veit at det er løgn, og i draumane sine vil dei komme til å ønskje at dei kunne få tilbake denne kvelden, for å gjere denne kvelden annleis. Men så nådelaust er livet mot dei som har gløymt å slokke to levande lys, at etterpå er alt for seint. Det er ein regnfull ettermiddag, snøen som la seg i dag tidleg er no blitt erstatta av blaut og kald slaps. Ute spring ungar som hoppar ned i våte sølepyttar, dei blir tilgrisa med det våte slapset langt oppover beina, men likevel spring dei der og hoppar og er glade. Mørket byrjar så vidt å trenge seg på, men dei små ungane leikar fortsatt like lykkelege saman. Ei kvinnerøyst roper ut at no er det middag, og alle ungane spring inn i ei stor bustadblokk. Dei spring oppover dei stygge steintrappene, og etterlet seg store, våte flekkar.
Line skrur av den overdøyvande radioen, ute frå gangen høyrer ho små ungeskrik, dei skrik av glede, glede over å vere til, glede over å få vite at nokon er glade i dei. Line kan høyre regnet som trommar hardt mot vindauget, ho ser dråpane som trillar forsiktig nedover glasruta. Akkurat som små, runde tårer trillar dei ned over den klare glasruta. Det er kaldt, ho kjenner håra reiser seg på armane sine, og kulden som breier seg over henne. Line ønskjer så inderleg at ho kunne hatt noko å varme seg på, noko som kunne gjort at ho aldri meir kom til å fryse igjen. Det Line ikkje veit er at om ikkje lenge vil ho ikkje lenger fryse, då vil ho aldri fryse meir den korta tida ho vil leve, då vil noko frykteleg hende.
Dei små ungane som var ute og leika saman tidlegare, sit no spente og glade og ser på barne-tv, dei held godt rundt dei mjuke bamsane sine følgjer godt med på kva Max Mekker i Sesam Stasjon har å seie. Ein kan høyre den mjuke latteren deira som brer seg utover rommet, dei er glade og lykkelege, enn så lenge. Snart vil desse små ungane gå å leggje seg under dei trygge, varme dynene sine, dei vil sovne av at mammaen deira syng go’natt song og stryk dei varsamt over håret. Dei vil sovne i trua av at dei er lykkelege og at dei vil vakne opp utkvilte og friske neste morgon. Men det desse små ikkje veit, er at dei snart vil kjempe ein hard kamp, ein kamp for deira eigne liv.
I ein liten, koseleg leilegheit sit to menneske, to menneske som er glade i kvarandre, to menneske som elskjer kvarandre. På bordet dei sit ved står ei uopna vinflaske og to levande lys. Lysa varmar og lyser opp, akkurat nok til at dei to kan sjå kvarandre djupt, djupt inn i augo. Dei smiler og held godt rundt kvarandre, for kva enn som skjer vil dei halde saman, i tykt og tynt, trur dei. Dei to levande lysa brenn enno, om litt er det ikkje berre det som vil brenne, men det er det ingen som veit, enno.
Line legg seg utmatta ned på den gode og mjuke sofaen og slår på tv’n. Augo hennar klarar så vidt å halde seg opne, ho kjenner dei vert varme og vert varsamt fylt med tårer. Tårer som sakte renn nedover dei raude kinna hennar og inn i den små, mjuke munnen. Det siste ho kjenner før ho sakte sig inn i draumane sine, er smaken av tårer, salte tårer. Over ho ligg eit varmt og godt teppe som litt om litt varmar den tynne, skjøre kroppen hennar.
Under ho er det nyforelska paret på veg ut, ut i det pøsande regnveret, ut i gatene som er dekka av våt, kald slaps. Dei har dårleg tid, dei skal på kino, premiere film. Dei spring ut av leilegheita og smell døra rask igjen, innanfor står ei tom raudvinflaske og to levande lys.
I nokre små barnesenger ligg eit par utmatta ungar og søv. Ein kan høyre den tunge pusten deira, og eit par snøft. Rundt dei ligg små bamsar strødd utover det teppekledde gulvet. På dei bamsetapetiserte veggane heng nokre små bilete, bilete av lykkelege og sunne ungar saman med ein brannmann og ein stolt far. I rommet ved sida av ligg ei trøytt mor, glad for at ungane er komne i seng. Glad for å vere under tak i dette fryktelege veret. Glad for å vite at ikkje så alt for langt unna ho sit ein mann som er glad i ho og ungane sine.
Det som ein gong var to levande lys, er no blitt til ein stor, einsam flamme. Ein flamme som breier seg utover det som ein gong var ein koseleg leilegheit. Medan flammane breier seg utover eit teppelagt golv og nokre tapetserte veggar, ligg Line og held trygt rundt det gamle ullteppet. Snart vil den forferdelege røyken sive inn i dei små nasebora hennar og like etterpå vil flammane trengje seg oppover det flotte furugolvet.
På brannstasjonen sitt ein utsliten brannmann. Han er trøytt og det stikk små skjeggstubbar ut frå ansiktet hans. Han tenkjer på kona si og dei fire ungane sine, som ligg heime i dei tryggje sengene sine og søv. Rundt han sit tre andre like utslitne brannmenn. I hendene deira er koppar med varm og god kaffi. Den varmar godt, og tankane fer ein heilt annan plass. Om litt vil det ringje ei klokke, brannklokka. Det vil bryte ut full kaos. Medan brannmennene varmar seg på nytrukken kaffi, ligg nokre små, søte ungar i dei små tresengene sine. Dei pustar inn den tunge røykjen, ingen av dei merkar at heile rommet står i brann.
Dei hylande sirenene kan høyrast gjennom heile bydelen, folk som sov, står opp, undrande på kva som har hendt. Ei bustadblokk står i brann og lyser opp den vesle byen. No er det alt for seint, ingenting kan gjerast for å redde nokre få menneskeliv, no er det alt for seint. For ein brannmann som har fire små ungar og ei snill og god kone, er det alt for seint. Dei små ungane er alt døde, og vil aldri meir kunne leike saman.
Utanfor, i regnet, står eit nyforelska par som nett har vore å kino. Ved sida av dei står ein gråtande og knust brannmann. Dei ser alle eit syn dei aldri kjem til å gløyme. For det er ikkje sant at tida lækjer alle sår. Tida lækjer ikkje såra til ein oppbrunnen heim, og tida lækjer ikkje såra til ein brannmann som har mista si kjære kone og fire nydelege ungar. Tida lækjer like dårleg angsten hos eit nyforelska par som har gløymt å slokke to levande lys. Rundt den nedbrunne bustadblokka finst ingen glade menneske, alle gret dei over tapet av alle liva som gjekk tapt.
Paret som sette i gang brannen er heilt tause, og dei veit at dette tause er fienden deira, og at dei vil trenge år av liva sine for å sigre over det ved å skrike at det ikkje var deira feil. Men dei veit at det er løgn, og i draumane sine vil dei komme til å ønskje at dei kunne få tilbake denne kvelden, for å gjere denne kvelden annleis. Men så nådelaust er livet mot dei som har gløymt å slokke to levande lys, at etterpå er alt for seint.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst