Vegen mot fridom
Djupt nede i dei endelause grottene var det umogleg å vita om det var natt eller dag, storm eller varmande sol, regn eller tørt og fint vêr på utsida, på overflata. Her var arbeid det einaste me visste om. Det me nokosinne hadde visst om - og, dersom alle fortsette å vera like naive, - det einaste som for all tid kom til å fylla dei korte liva våre. Eg var i desperat opprør, og det såg ut til at eg var den einaste som hadde nokre innvendingar mot det livet me alle var dømde til. Enno hadde nesten ingen me visste om sloppe ut frå dette holet, og det var det heller nesten ingen som ville. Alle gjekk rundt i den trua at me var avhengige av arbeidet her nede, og at me ikkje ville klara oss mange dagane utan det og samhaldet her. Me var fødde her, oppvaksne her og kom, dersom eit under ikkje skjedde, til å døy her, utan ein gong å ha sett dagslyset. I alle fall hadde ikkje eg sett det.
Eg hadde høyrt fantastiske historier om alt det ein kunne sjå og oppleva under sola, for det hadde vore sjeler før meg som hadde hatt slik lyst til å vera sin eigen herre. Dei hadde risikert den farefulle ferda ut av underverda, forbi dei grusomme soldatane og opp gjennom torva, for endeleg å finna fridom. Mange hadde vorte henta tilbake. Sjefen hadde nemleg patruljar på vengjer ute heile tida, og med slik overvaking hadde ein stakkars flyktning liten sjanse til å halda seg skjult. Men ein kunne, til trass for den lange og harde straffa slike flyktningar fekk, alltid sjå eit lite sløvt smil over leppene deira. Og historiene dei fortalde, fekk hjartet mitt til å slå fortare av fryd og gav meg til avveksling gode draumar om natta. Det var historier om mat så langt auga kunne sjå, feit mat, næringsrik mat, mat med forskjellig smak, god smak! Dei fortalde om flotte bustader med vindauge og utsikt og senger og… privatliv! Det var framtida mi dei tala om. Det var det lenge sidan eg hadde bestemd meg for.
Dei andre arbeidarane berre lo kvar gong eg med stor iver fortalde dei om planane mine. Det var eigentleg ikkje så rart at dei lo, for no hadde eg gått i over eit år og snakka om det. Men det var som det var noko i meg, eit slags instinkt som eg ikkje kunne setja til side, som sa at eg ikkje kunne gjennomføra dette. Dei fleste sa at historiene eg hadde høyrt, berre var koseleg sludder frå mentalsjukehuspasientar, og at eg måtte jobba vidare. Det einaste som kunne gjera livet mitt betre, var å gjera dette holet større. Men eg var viss om at det var dei som var hjernevaska. Eg skulle komma meg vekk, om det så måtte kosta meg livet.
Arbeidet i holet gjekk ganske enkelt ut på å hakka i veggen, og på den måten gjera heimen vår større. Og heimen vår var etter kvart vorten ganske enorm. Overalt var veggane i det ovale rommet dekka av arbeidarar som hakka og grov. Faktisk var det så fullt at i det svake lyset såg det ut som sjølve veggane rørte på seg. Men sjølv om det var plass nok til å sikra store buplassar til alle i fleire år framover, var ordrane å halda fram å grava, slik me hadde gjort heile liva våre. Sjølv hadde me ingenting me skulle sagt.
Dersom nokon stilte spørsmål til ordrane, vart dei raskt stempla som opprørarar og ein trussel mot tryggleiken i samfunnet, og sette i fengsel. Det var jo opplagt at styresmaktene greip inn, for dersom alle saman hadde fått slike idear som eg hadde, hadde ikkje dei få soldatane hatt mykje dei skulle ha sagt. Men det var ikkje lett for vesle meg å klara å venda om alle dei andre. Eg levde allereie farleg med dei store orda mine om kva som skulle verta framtida mi. Og ein dag kom det ei gruppe soldatar og henta meg…
No bar det oppover og oppover, soldatane tok meg med opp i vakttårnet som stod midt i den enorme hovuddelen av gruva. Det hadde gått skumle rykte blant arbeidarane om kva som oppheldt seg der. Mange meinte at det var dette som var hovudkvarteret, der sjølve sjefen sat. Eg hadde fleire gonger hatt kjensla av at noko skremmande hadde overvaka oss medan me jobba i hovudhallen. Det gjekk kaldt nedetter ryggen min då eg tenkte på at eg no skulle møta dette vesenet som ingen hadde komme levande tilbake frå, og eg angra nesten på alle dei dumme tankane mine om å rømma. Men etter å ha gått i trapper så lenge at eg berre ville leggja meg ned og dø, tok dei meg til høgre. Eg kom inn i eit mørkt kammer med små hol med gitter framfor; eg var komne til fangeholet. Her høyrte eg hikstande gråt, nervøse bønner som vart bedne, og stemmer som berre babla fram ei slags sinnsjuk forbanning over alt og alle. Ein forferdeleg stank fylte rommet, og det såg ikkje ut til at det holet eg vart kasta inn i var gjort reint meir enn høgst nødvendig etter gjesten som hadde vore her før meg. Men eg var sjeleglad for at eg hadde hamna her, og ikkje direkte hos sjefen, for no fekk eg tid til å laga ein plan; eg skulle rømma same natta.
Eg fekk raskt nye vener blant dei andre fangane, for dei fleste hadde komme her av den same grunnen som meg: dei hadde byrja å stilla spørsmål til systemet. Sjølv om det virka som dei fleste her høyrte heime på sinnsjukehus, var dei det eg vil kalla fornuftige medborgarar, som ikkje let seg kua av instinkt og av kva alle andre sa og gjorde. For første gong møtte eg nokon som hadde forstått kva som gjekk føre seg, og som var klare til å gjera det som måtte til for å få slutt på slaveriet i gruvene. Slutt på slaveriet for vår del i alle fall. Om me skulle komma tilbake og frigjera dei andre arbeidarane, fekk vera neste prioritet. Me var ganske sikre på at dersom me kom oss trygt ut, ville me etter kvart møta likesinna der ute som ville vera med på ein stor frigjeringsaksjon. Og rømingsplanen var klar. Me var seks stykke som skulle setja ut på den farefulle ferda, og aksjonen skulle starta to dagar seinare, når eg hadde fått oversikt over mine oppgåver.
Det einaste me hadde å gå ut frå når det gjaldt vakthald, var det me sjølve hadde sett då me vart førte opp hit. Og noko form for våpen hadde me ikkje. Berre det kroppen var utstyrt med, og der hadde ikkje ein arbeidar mykje å stilla opp med mot ein mykje større soldat. Men vaktene stod som regel åleine, og saman meinte me at me skulle klara å uskadeleggjera dei før dei fekk tid til å senda melding etter hjelp. Me skulle ta oss av vaktene ved hjelp av gift. Den eine av oss var ekspert på dette punktet, og ho lærte oss nye metodar til å setja motstandaren ut av spel på ein effektiv måte.
Det var ingen lett jobb å komma seg ut av fengselscella. Men dei nye kameratane mine hadde alt jobba lenge for å klara å bryta seg ut. Likevel følte eg at me hadde hastverk, for eg tenkte at dei snart kom for å henta meg for å føra meg fram for sjefen, og etter det visste eg ikkje kva som kunne skje med meg.
Dei i fangeholet som hadde vore framme for henne, fortalde skrekkhistorier om korleis ho prøvde å trengja inn i hovuda deira og forma sinna deira til å bli gode arbeidarar att. Eg var såpass sjølvsikker, trudde eg, at dei skulle ha store problem med å klara å knekkja meg. Men likevel ville eg for einkvar pris unngå å møta henne. Så sjølv om det neppe hjelpte, masa eg fælt på han som held på med å grava ein veg ut av cella for å frigjera oss andre.
Dei som hadde vore her ei stund, hadde lært seg til kva tider vakta kom på runden sin, og andre dagen etter at eg kom til fengselet, stod me klare innanfor døra og sørgde for at me ikkje fekk meir problem med den soldaten. Så byrja me på nedstigninga frå tårnet, så stille at mus ville høyrast ut som elefantar i forhold. Trappetrinn etter trappetrinn lista me oss på rekkje og rad, og dersom me støtte på ein soldat, var det kort prosess. Me hadde verken tid eller stort nok tal til å ta fangar. Slik kjempa me oss heile vegen ned til botnen av tårnet, og ut i den enorme hallen som tårnet stod i.
I den store hallen var arbeidsdagen i full gang, og som vanleg var det arbeidarar over det heile. Me rekna med at dei hadde funne ut om flukta vår no, og ein skjerande lyd frå ein alarm i toppen av tornet stadfesta kalkulasjonane våre. Arbeidarane jobba vidare, men soldatane som var sette ut som vakter samla seg opp utanfor inngangen til tårnet. Me bestemde oss for å splitta oss, og avtalte ein møtestad i eit bestemd område i motsett ende av hovudinngangen til grotta. På denne måten ville det vera nesten umogleg for soldatane å peika oss ut i mylderet av arbeidarar.
Eg gjekk nesten rett imot den avtalte staden, eg ville ha minst mogleg forsinkingar. Eg skjøna ikkje kvifor me skulle gå bort frå hovudinngangen. Det var jo den som førte til overflata. Men eg kom fram til at det måtte vera ein del av planen, og at det var best å halda meg saman med dei fem som hadde hjelpt meg å flykta frå tårnet. Dei hadde til no vist seg å vera til svært god hjelp, og eg var viss på at dei ikkje ville skuffa meg no. Dei hadde nok ein plan. Eg kom først fram til den avtalte staden, fann meg ei hakke og byrja med det same gamle arbeidet som eg alltid hadde halde på med. Eg skulle vera sjeleglad når eg endeleg slapp dette evige slitet! Eg såg rundt meg og fekk stor medkjensle for dei stakkarane som blindt godtok slaveriet frå soldatane og let seg hersa med på denne måten. Eg svor til meg sjølv at eg ein dag skulle komma tilbake og sleppa arbeidarane fri. Men først skulle eg sjølv undersøka om det verkeleg var så fantastisk ute i det fri.
Etter kvart som dei andre kom, byrja også dei å hakka i veggen. Me måtte gjera som alle dei andre, og ikkje vekkja oppsikt, sjølv om dei fleste soldatane no hadde gått inn i tårnet for å få ordrar. Så me stod og hakka medan me venta på den siste i følgjet, han som hadde starta det heile og var ein naturleg sjef for gruppa. Men han kom ikkje!
Det var ikkje berre eg som byrja å bli nervøs, dei andre hadde heller ikkje høyrt nokon plan vidare enn ut av tårnet. Me byrja å bli redde for at han hadde blitt oppdaga og dregen med opp att til fangeholet. Men akkurat idet me hadde tenkt å prøva å finna vegen ut av hovudinngangen på eiga hand, kom den manglande. Han hadde med seg ein annan arbeidar; me hadde kontaktar på utsida. Me fekk beskjed om å følgja etter dei, men då me såg at dei gjekk rett imot ein stupbratt vegg utan nokon utgang, byrja me å lura på om det hadde klikka for leiaren vår. Men så skjedde det noko utruleg: bak ein haug med jord og ein stor stein der ingen av arbeidarane eller soldatane kunne sjå oss, fekk me beskjed om å byrja å grava. Etter ei kort stund med graving kjente me at veggen byrja å gje etter på den andre sida. Framfor oss avslørte det seg ein smal tunnel, som hadde vore heilt skjult bak sand og jord og stein. Ei lita gruppe arbeidarar hadde klart å snika seg bak her og grava ein tunnel heilt opp til overflata! Me tetta att holet bak oss og fortsette oppover i gangen. I enden av gangen så me eit lys. Me forsette å laupe mot lyset, og da vi hald fram så vi gras og grøne trær.
No byrja pulsen min å stiga, den harde fysiske påkjenninga var ein ting, men den store forventninga var det som verkeleg fekk hjartet mitt til å slå fortare. Her var slutten på slaveriet og det endelause arbeidet berre nokre skritt unna. No skulle alt bli betre. Aldri meir skulle eg ta i ei hakke. Aldri meir smaka piskesnerten når eg ville ta meg ein velfortent pust i bakken. Eg skulle kvila meg i ly for sola under skuggen av eit blad kva tid eg ville, og aldri meir eta safta frå gamle bladlus som vart gulpa opp av dei skrekkelege soldatane. Eg skulle leggja meg kva tid eg ville og stå opp kva tid eg ville – alt dette var mogleg no, draumen min var oppfylt! Eg var ein maur på veg til fridomen!
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst