På skråplanet
Føremål:
Samanlikne arbeidet som må gjerast for å lyfte ein gjenstand rett opp, med arbeidet som blir gjort når gjenstanden blir trekt opp eit skråplan.
Ein planke (i dette forsøket var planken me brukte 65 cm lang)
Noko planken kan kvile mot (f. eks. eit stativ med ein pinne som stikk rett ut)
Lita vogn eller noko som rullar (for å unngå å få med friksjon i reknestykket)
Fjørvekt
Linjal
Framgangsmåte / resultat:
Me hang vogna fritt i fjørvekta, og las av tyngda av vogna. Så rekna me ut kor mykje arbeid det trengst for å lyfte vogna direkte opp til høgda 11 cm, og skreiv det ned i tabellen nedanfor. Deretter lèt me planken kvile oppå noko som var 10 cm høgt, men sidan planken var 1 cm tjukk, vart høgda til saman 11 cm. Så brukte me fjørvekta til å trekkje vogna med konstant fart oppover planken, og las av kor stor kraft vogna måtte trekkjast med. Så noterte me ned i tabellen og rekna ut arbeidet(N * m = J). Me fann ut at om me løftar rett opp, eller brukar skråplan, så er alltid arbeidet det same, så lenge det ikkje er friksjon.
|
Kraft (N) |
Strekning (m) |
Arbeid (J) |
Rett opp |
0,91 |
0,11 |
0,10 |
Skråplan |
0,16 |
0,65 |
0,10 |
Konklusjon:
Om me løftar rett opp, eller brukar skråplan, så er alltid arbeidet det same, så lenge det ikkje er friksjon.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst