"Brødre i blodet" av Ingvar Ambjørnsen
Et referat på nynorsk fra Ambjørnsens "Brødre i blodet".
Forfattar: Ingvar Ambjørnsen
Sider: 225
”Da eg var gutunge, var eg veldig glad i rips, sa Kjell Bjarne. -No kan eg ikkje fordra det.” Boka opnar med at Elling begynner å tenkje på denne setninga og beskriv Kjell Bjarne som person. Vi får også vite at Elling og Kjell Bjarne no bur aleine i ei leilegheit i Oslo. Det er torsdag den 15. og Frank kjem. Frank er ein sosialarbeidar frå Oslo kommune som besøkjer Elling og Kjell Bjarne med jamne mellomrom. Frank har ansvar for at alt går som det skal for Elling og Kjell Bjarne både fysisk og psykisk.
Elling føler også at han må fortelje Frank om sextelefonane Kjell Bjarne ringjer til. Elling og Kjell Bjarne var i starten veldig i mot Frank, særleg Elling. For Elling syntest Frank ikkje tok omsyn til meiningane hans. Dette har Elling nemleg fått oppleve i starten når han budde aleine i leilegheita mens Kjell Bjarne framleis budde på Brøynes. Det var da Frank fastsette at leilegheita skulle males kvit mens Elling ville male den appelsinoransje. Men etter kvart som dei blei meir vant til kvarandre og meir kjend gjekk det lettare for Elling. For han blei vant til å ikkje få meiningane sine hørte, noko han etter kvart godtok. Frank lærte også Elling å prate i telefonen noko Elling ikkje tura eller klarte på eiga hand. At ikkje Elling klarte å ta telefonen var berre på grunn av hans eigen fantasi og holdningar. For Elling måtte ”sjå” for seg personen han snakka med og da enda det med at fantasien sprang løpsk og han måtte leggje på. At Frank lærte Elling å prate i telefonen var noko Elling sette veldig pris på, noko som også betra forholdet mellom Frank og Elling.
I leilegheita har Kjell Bjarne ansvar for maten mens Elling har ansvar for økonomien og dei klarer å halde leilegheita heilt stroken. Dette synest Frank er veldig fin og ei bra ordning men sidan Elling og Kjell Bjarne har problem med å omgåast folk som dei ikkje kjenner og aldri er utanfor leilegheita. Masar Frank heile tida når han er på besøk at dei må gå ut og vere sosiale. Han tvingar dei til å bli med på kino etterfølgt av ein pizza, noko Elling veldig i mot i starten men etter kvart som det blir ein rutine innser Elling at han liker det. Han føler ein kameratskap og ei tilhørsel han ikkje har hatt før.
Ein dag bestemmer Elling og Kjell Bjarne seg for å kjøpe ein katt. Dei leiter i avisene etter noko som gir bort kattungar. Etter ei stund finn dei nokon som gjer det og dei ringjer for å avtale når dei kan hente kattungane. Etter eit kort besøk hos eigarane så endar det med at dei dreg heim med to stykk hannkattungar. Ein til kvar av dei og begge er veldig fornøgde. Kjell Bjarne bestemmer seg for å kalle katten sin for ”Pepper'n” med ein gong mens Elling derimot ikkje klarer å finne på namn til sin. Og etter å fått med kattane heim via t-banen bestemmer dei seg for å gå ut på byen for å bli kjent med andre menneske og vere sosiale. Dei bestemmer seg for å gå på ein lokal restaurant/pub som hetter ”Larsen”. Etter eit kort gå tur som verkar som ei æve for Elling, sit dei inne på Larsen og tittar ut av vindauget. Etter å ha ete flesk og duppe og blitt kjent med servitøren Johanne, bestemmer Elling og Kjell Bjarne seg for å gå heim.
Men på veg opp trappene til leilegheita hører dei mye bråk og rabalder. Dette rabalderet viser seg å vere ein full kvinneleg nabo. Dama heiter Reidun Nordsletten og henne er så full at henne ikkje ein gong klarer å stå på sine eigne bein. Kjell Bjarne bestemmer seg for å bere henne opp i leilegheita hennar og bli der resten av natta for å passe på henne. Etter mye om og men får dei henne inn i leilegheita men Elling på si side synest dei berre skulle leggje henne på sofaen og gå. Dette syntest Kjell Bjarne ikkje noko om og det heile endar med at Elling blir sint og går ned til leilegheita si. Der sit han oppe heile natta og ventar på Kjell Bjarne men han klarer også i løpet av natta å skrive eit dikt, noko han er storfornøgt med. Kjell Bjarne kjem ned på morgonen og Elling går å legg seg. Det går eit par dagar utan at dei pratar så mye om hendinga men så ringjer Reidun Nordsletten på døra. Ho spør om Kjell Bjarne kan hjelpe henne med å bere noko ved frå kjellaren. Henne ber også Kjell Bjarne og Elling på middag same kveld. Men Elling vill ikkje vere femte jul på vogna og seier han skal ut på eit møte. Elling dreg på Cafè Nordraak og diktlesing, der blir han kjend med ein mann med namn Alfons Jørgensen. Det endar med at Elling og Alfons dreg ein annan stad for å prate saman. Etter eit par timar bestemmer Elling seg for at han må dra heim men før han går, gir han nummeret sitt til Alfons.
Så er det vår igjen og ikkje noko har skjett mellom Kjell Bjarne og Reidun. Dette synest Elling berre er bra for da har han Kjell Bjarne for seg sjølv. Men ein dag når Kjell Bjarne er på butikken kjem Reidun ned og spør ut Elling om Kjell Bjarne. Ho fortel også at henne er forelska i Kjell Bjarne, Elling fortel henne at Kjell Bjarne også er forelska i henne men at han ikkje tør å gjere noko med det. Men Elling fortel også Reidun at han skal ordne det slik at dei to kan møtast samtidig som det ser ”tilfeldig” ut. Men same dag ringjer Alfons Jørgensen og seier han trengjer hjelp for han har fall og slått foten sin. Elling og Kjell Bjarne dreg og hjelper han med å dra til legen og lage middag som dei aller et saman hos Alfons. Under middagen kjem det også fram at Alfons har ein øydelagt Buick frå 1952, noko Kjell Bjarne blir veldig glad for. Alfons lover at dersom Kjell Bjarne klarer og fikse den skal dei alle dra på ein hyttetur.
Så får vi eit tilbakeblikk kvar vi får vite korleis Frank hjelper Elling til å innreie leilegheita. Vi får også bli med når Frank og Elling hentar Kjell Bjarne på stasjonen, da han kjem for å flytte inn i leilegheita til Elling. Etter eit par veker aleine i leilegheita blir Kjell Bjarne og Elling inviterte på middag av Frank privat. Men dei må klare å komme seg til Asker kvar Frank bur heilt på eiga hand. Det klarer dei heilt fint, sjølv om dei må sitje i over to timar og vente sidan dei var altfor tidleg ute. På veg heim klarer dei også å falle og knuse flasken med saft dei hadde fått av sambuaren til Frank. Dei skjer seg på glasgårane og blandar ufrivillig blod. Dei blir brør i blodet.
Så er vi tilbake til notida kvar Elling rispar inn diktet han har laga inn i toalettdøra på ”stamkneipa” Larsen. I mellom tida sit Kjell Bjarne og Reidun og pratar mens dei ventar på maten. Reidun dukka ”tilfeldigvis” opp på Larsen etter å ha gjort ein hemmeleg avtale med Elling. For etter Reidun hadde spurt Elling om råd, har han fått det for seg at han skal spele Kirsten-giftekniv for Reidun og Kjell Bjarne. Og dermed hadde han fått i stand dette ”tilfeldige” møtet mellom Reidun og Kjell Bjarne. Etter dei var ferdige med å ete dreg alle same bort til Alfons for å sjå korleis det går med han. Når dei kjem fram etter å ha helst på Alfons, begynner Reidun å lage mat. I mens Reidun lagar mat bestemmer Kjell Bjarne seg for å gå ut å fikse på bilen til Alfons.
Dagen etter eksperimenterer Elling med korleis ein opnar surkålpakkar utan at folk kan sjå at dei har blitt opna. For Elling har tenkt til å putte diktet sitt ned i surkålpakka han kjøper og smugle dei tilbake til butikken. Dette gjer han i håp at somme skal finne diktet og seie i frå til avisene. Elling har lyst til å bli ein slags ”undergrunnspoet” som han sjølv kallar det. I mellomtida er Kjell Bjarne og Reidun hos Alfons for å fikse bilen hans. Kjell Bjarne og Reidun har i løpet av den siste tida blitt meir og meir intime. Og dersom Kjell Bjarne klarer å fikse bilen til Alfons skal dei dra på hyttetur alle saman. Men Elling blir ganske sint og forarga når Alfons foreslår at dei skal spørje Frank om lov først, før dei kan dra på hyttetur. Men etter ein liten diskusjon går Elling med på å spørje Frank. For han har gjort klar ein heil haug med banneord dersom han får nei som svar.
Men Frank seier ja og Elling blir veldig glad for no kan han endeleg dra på hyttetur. Han dreg også å besøkjer grava til mora og faren sin. Noko han har utsett i over eitt år i frykt for å få eit anfall. Dagen etter dreg Elling, Kjell Bjarne, Alfons, Reidun og kattungane på hytta til Alfons. På veg til hytta blir dei stoppa av politiet, men dei har ikkje gjort noko gale så det endar med at dei berre pratar om bilen til Alfons i staden. Når dei endeleg kjem fram til hytta og skal bestemme kvar dei skal liggje, viser det seg at Reidun vil liggje på rom med Kjell Bjarne. Elling blir først perpleks og skjønner ikkje korleis Reidun kan gjere dette. Elling bestemmer seg for å gå ein tur for han orkar ikkje tanke på at Reidun og Kjell Bjarne skal ha sex mens Reidun er gravid. Men Kjell Bjarne følgjer etter og vil låne trusa til Elling sida han sjølv ikkje har bytte på fleire veker, Elling blir motvillig med på det. Og om natta har sjølvsagt Kjell Bjarne og Reidun sex, noko Elling hører. Dei neste dagane prøver Elling så godt han kan å takle at Kjell Bjarne og Reidun har sex. Men han løyser det ved å unngå Kjell Bjarne så mye han kan og gå turar. Og om kvelden får han ei sovepille av Alfons som gjer at han søv så tung at han ikkje hører bråket Kjell Bjarne og Reidun lagar. Og etter 3 dagar dreg dei tilbake til byen.
4. juni hadde Reidun termin og Elling og Kjell Bjarne drev og førebudde seg ved å øve seg på pusteteknikkar. Dei hadde også hange opp ein plakat med telefonnummeret til Oslo Taxi på veggen. Men natt til 1.juni braka det laus ved at Reidun ringjer ned til Elling og Kjell Bjarne for å seie at henne skulle føde. Etter ei stund med panikk klarer Elling å ringe Alfons og ber han hente dei alle. Etter å ha avkommet sjukehuset blir Elling, Kjell Bjarne og Alfons kasta ut av eit monster av ein kvinneleg resepsjonist. Alfons dreg heim og søv mens Elling og Kjell Bjarne dreg på ein restaurant for eit glas vin berre for å roe nervane. Så etter eit par glas ringjer Kjell Bjarne til sjukehuset og får vite at Reidun har født ”EI HELVETES STOR JENTE”. Noko som får heile restauranten til å juble og dei blir tilbydt gratis sjampanje. Og det heile endar med at Elling vaker opp på sofaen i leilegheita si drukna i sitt eige spy. Og han hugsar ikkje noko av kva som har skjett. Han ringjer Frank og spør når han skal fraktast tilbake til Brøynes men Frank berre ler og seier han er stolt av dei. Men han ber Elling vekkje Kjell Bjarne, rydde opp og kjøpe ei kartongmjølk.
Eit par dagar seinare hos Alfons sit Kjell Bjarne i solveggen saman med Frank, og med jentungen i armane. Mens Reidun er på kjøkkenet og lagar mat. Elling derimot er travelt oppteken med å lese Dagbladet og ein artikkel som handlar om ein viss ”Surkål-Poet”. Ein gammal mann har funne eit dikt i surkålpakken sin, som var underskreiv E. Da Elling spør Alfons om han har lese artikkelen om ”Surkål-Poeten” skjønner Alfons at det er Elling som har gjort det. Ungen begynner å skrike og avbryter Elling og Alfons.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst