Handlingsreferat frå Synnøve Solbakken

Oppgåve eg fekk på skulen om boka Synnøve Solbakken av Bjørnstjerne Bjørnson.
Sjanger
Referat
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.05.15

Hovudpersonane i boka er Torbjørn Granlien og Synnøve Solbakken. Torbjørn bur på garden Granlien som ligg i den skuggefulle sida av dalen, mens Synnøve bur på garden Solbakken som ligg på den andre sida av dalen der det er sol.

 

Når Torbjørn var liten hadde faren som heiter Sæmund ein gardsgut som heite Aslak. Aslak lærte Torbjørn alle slags mulige ord og regler, Torbjørn som ein gong var ein snill og skikkeleg, blir ein ”rølp”! Aslak fortel han om garden Solbakken som ligg på den andre sida av dalen, han fortel at der er det ei vakker jente som heiter Synnøve og at det er troll og tusser der. Etter ein stund kvitter Sæmund seg med gardsguten Aslak, fordi han lærer Torbjørn så mye tull. På dette tidspunkt tar Sæmund med seg Torbjørn i kyrkja for første gong, det er då han ser Synnøve for fyste gong. 

 

Så kjem tida då Torbjørn skal stå til konfirmasjon, han går då til presten saman med sin yngre syster Ingrid og Synnøve Solbakken. Ingrid og Synnøve blir etter kvart perlevennar.


Det utviklar seg etter kvart til at det blir ein spent stemning mellom Synnøve og Torbjørn. Men Synnøve får ikkje lov til å omgås med Torbjørn fordi han slåss så mykje. Torbjørn kjem ofte i slåsskamp og dei einaste som ikkje får vite noko om det er Sæmund og presten.

 

Så hopper boka fram til dei er omtrent 20 år. Synnøve og Ingrid er oppe på setra og passer buskapen. Ein dag kjem Torbjørn opp på setra og besøker jentene. Han og Synnøve sitt da saman å snakkar om forholdet deira. Det ender med at dei kyssar for fyste gong. Torbjørn ber Synnøve om å fortelje foreldra sine om at dei liker kvarandre, men Synnøve tør ikkje.

 

Ein dag skal Torbjørn til byen, men vogna velter og han får hjelp frå garden Nordhaug som det er bryllaup på. Mens han venter på garden Nordhaug, begynner Knut Nordhaug og bråke med han, men Torbjørn er ikkje interessert i å slåss, det endar ned at Knut stikker ned Torbjørn. Han blir liggande helselaus i noen månader. Ingrid får ein lapp av Torbjørn som ho gir til Synnøve, der står det at ho og Torbjørn ikkje kan vera saman med ho lenger. Så blir Torbjørn bra igjen og da blir dei saman igjen. Sæmund tar då med seg Torbjørn over til Solbakken for og spørje foreldra til Synnøve om ho kan gifte seg med Torbjørn. Synnøve og Torbjørn får kvarandre til slutt.

 

 

Oppgåver kap 8.

- Det som skjer er at det blir ein litt pinleg taushet før dei følar seg tvungne til å helsa på ein annan. Så kjem Sæmund med det forslaget om å ”slå saman” gardane slik at dei kan hjelpa einannan. Så kjem det endå meir pinleg stillhet før dei går saman inn i kyrkja.

- Torbjørn kviskra Synnøve i øyra og så møttest dei lenger borte i vegen fordi Torbjørn ville snakka med ho.

- Han vil ha Torbjørn ut for å sjå på avlinga, men det dei eigentleg skal er bort til Solbakken.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst