Fordelar og ulemper ved mobiltelefonbruk

Resonnerende tekst på nynorsk om bruk av mobiltelefon. Oppgaveteksten lød "Drøft fordelar og ulemper ved mobiltelefonbruk".

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2013.03.07

Ut frå denne teksta kunne eg brukt det nest siste avsnittet i teksta, for det er det eg personleg er samd i. Eg er ein 17 år gamal jente, har hatt mobil så lenge eg kan huske, har vore trufast iphone nytter i 4 år. Eg veit ikkje om noko anna liv. Eg har vakse opp i ein generasjon der mobilbruk er ein heilt vanleg ting. Det å sjekke mobilen minst kvar halvtime er ein vane. 

 

Eg skjønner at det kan skape generasjonskonflikt, sjølv om det er foreldra mine som både har kjøpt mobilen og betalar rekningane. Dei har ikkje vakse opp med mobil, mamma fekk til og med sin aller første mobilen ETTER at eg fekk min andre, for då fekk ho min gamle. 

Men eg må innrømme at eg forstår jo at det kan oppstå konfliktar mellom foreldre og born, når borna sit på mobilen under middagen, eller ikkje gjer som foreldra seier fordi dei «SKAL BERRE» sende ei melding til ein ven eller «SKAL BERRE» sjekke facebook ein siste gong. 

 

Ein annan ting er at mobilbruken kan bli veldig forstyrrande for andre. Har du nokon gong sete på bussen eller toga og høyrt livsshistorien til nokre som har snakka høglydt i telefon? Det har eg. Folk snakkar om dei mest personlege ting, og tenkjer ikkje på at dei er i det offentlege rommet. 

 

Eller når ein er på kino, og folk gløymer å skru av telefonen og han byrjar å ringe. Det har til og med skjedd i begravelser! UHØRT! 

 

Skremmande mange nordmenn blæs i mobilforbudet i bil. Det er mange bilulykker som har vorte forårsaket av at folk tekstar og ringar men sitt dei køyrer bil. Sjølv om det er ulovleg å snakke/tekste medan ein køyrer, så er det utruleg mange som ikkje overheld det forbodet. 

 

Noko mange lærarar slit med i dag er mobilbruken til elevane i timane. Elevar sit og chatter med kvarandre, sender bilete etc. Mobilen blir òg brukt til å jukse med på prøver av veldig mange, då han er lett å skjule for læraren. 

 

Ein annan ulempe som vi ikkje må gløyme, er at mobilen kan øydeleggje ordforrådet vårt. Det er så mange «tekstarar» som brukar forkortingar når dei tekstene, «Hakke»- Har ikkje, «HLGN»- Helgen «NDLI»- Endeleg. Sånne døme er det mange av. 

Men er eigenleg mobil asosialt? Både ja og nei. Foreldra mine seier alltid at dei synest eg er asosial når eg sit på mobilen og snakkar med vener på rommet. Men eg tenkjer då at eg er sosial fordi eg snakkar jo med venene mine! Men viss vi er på fest med andre vener og nokre sit og chatter på mobilen sin, så ville eg kalle det å vere asosial. 

 

Det er jo veldig mange fordeler med mobil òg då! Man er tilgjengeleg så og seie overalt i heile verda! Tenk deg om du er fyrst ute på eit ulykkessted, så kan du berre ta handa i lomma, trekkje opp mobilen for så og ringe etter ambulanse. Før måtte ein finne det næraste huset for å låne ein hustelefon. 

 

Teknologien har kome så utruleg langt, ein kan dele alt ein vil med så og seie alle i verda! Det kan ta meg 2 sekund å få kontakt med ei frå Japan, for å slå av ein prat. Heilt utruleg spør du meg! På bussen om morgonen kan eg låse opp mobilen, kanskje eg vil lese avisa, VG, Røyken og Hurums, Dagbladet, kva eg vil! No er eg eigenleg litt gammal for spel, men det finst uttallige spel ein kan laste ned viss ein har ein smarttelefon! Alt frå gamle ping pong spel til nyare oppfinnelser! 

Utan iphonen min, så hadde eg nok aldri rukket bussen min om morningen, eller husket å kjøpe nytt busskort, eller husket bursdagane til alle vennene mine! Etter å ha skrevet alt det her, så forstår eg at kanskje mobilen min styrer litt for mye av livet mitt. Men det er dette eg er oppvokst med.

 

 

Disposisjon
Fordelar:
-Sosialt
-Man er tilgjengeleg ca overalt i heile verda.
-ulykker
-øyde stader
-Vener blir lett tilgjengeleg
-Enkelt å dele tankar, meiningar og bilete, musikk etc. med andre
-Spillet spel
-Påminnelser kan leggjast inn
-Tilgjenge til medium som avisar, internett etc.

Ulemper:
-Forstyrrelser
-Ukonsentrert
-Tekste/ringe når ein køyrer bil
-Utgjer farlege situasjonar
-Kan bli asosial i nokre tilfelle
-Mobbing via mobil
-Kan føre til krangling med foreldre grunna for mykje bruk


-«skal bare»-situasjonar
-måten ein skriv på kan øydeleggje ordforrådet, p.g.a forkortingane

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst