Homofili og adopsjon

Bør homofile få adoptere?

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2002.05.03

I den siste tida er debatten om homofili og adopsjon svært aktuelt. Kva er eigentleg riktig? At barna ska vekse opp i ein trygg kjernefamilie med både ei mor og ein far, eller ska dei få vekse opp med to foreldre av same kjønn? Kva er eigentleg best for barnet? Ja, for det er jo barna det vil gå utover, enten på ein positiv eller negativ måte.

 

Det er jo ikkje til å legge skjul på, at når eit barn veks opp med to homofile foreldre, kan det verte utsett for mobbing. Ei anna viktig problemstilling er at alle barn treng både ei mor(kvinne) og ein far(mann) for å vere sikra ei normal utvikling. Kan verkeleg eit homofilt par greie denne oppgåva? Sjølv om dei prøvar å fordele dei ulike oppgåvene likt, vil det framleis stå igjen eit problem. Bindinga og avhengigheita av mor er viktig for oss alle dei første leveåra.

 

Det er ingen sjølvfølgje å få barn, det å kunne verte gode foreldre er den mest krevjande og vanskeligaste oppgåva ein kan få i livet. Det å oppdra barn i homoseksuelle familiar er ikkje problemfritt, p. g. a ein er utsett for mobbing, og barn må ha rollemodellar av begge kjønn. Men denne problemstillinga ligg ikkje berre i homofile familiar, for alle barn kan verte utsett for mobbing og det fins mange dårlege foreldre omkring.

 

Hadde eg hatt valet, med å vekse opp i ein familie med homofile foreldre og i ein familie med ”vanlege” foreldre, ville eg ha hatt valt det siste. Sjølv om det blir gitt informasjon på skule og i nærmiljø, vil det likevel bli for annleis og merkeleg for ungane. For når ein er 6-7 år, vil ein da forstå kvifor den nye klassekameraten har to mammaer?

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst