Miljøet - eit evig dilemma

Om miljø.
Sjanger
Resonnerende
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2000.06.12

I Adrèsseavisen 30.04.91, seier forfattaren at det er gjeve klarsignal for utbygging av Heidrunfeltet på Haltenbanken og at fleirtalet på stortinget gjev uttrykk for at dei er positivt innstilt overfor ei bygging av ein metanolfabrikk og ilandføring av gass i Midt - Noreg. Han brukar dette til å styrke si eiga meining, som han gjev tydeleg uttrykk for. Han er også positivt innstilt overfor desse sakene. Han seier for eksempel berre positive ting om dei forskjellige sakene, og er veldig forsiktig med å komme inn på negative aspekt ved dei forskjellige punkta. Spesielt i siste avsnitt gjev forfattaren tydeleg uttrykk for sitt eige syn der han seier at: " Vi forventer nå at Regjeringen så raskt som mulig kommer tilbake til Stortinget med eit forslag om i landføring av gass og bygging av metanolfabrikk……………." Han argumenterar for desse sakene med at dette forslaget vil kunne skape mange nye arbeidsplassar og at det vil kunne sikre framtida for aluminiumsindustrien i Årdal og Sunndal.

 

Er økonmisk vekst einsbetydande med velstand?

 

Mange vil kanskje seie at økonomisk vekst er einsbetydande med velstand, du har nok opplevd det sjølv, og eg er sikker på du har høyrt andre folk seie det og: "Hadde eg berre vore rik, då hadde alt vore så mykje lettare." Men hadde det verkeleg vore det? Kva med miljøet? Mennesket finn konstant opp nye og meir effektive metodar å utnytte naturresursane på. Men er denne enorme produksjonen eigentleg nødvendig? Nei, tvert imot. Og vi høyrer alle om dei grusamme sultkatastrofene rundt om i verda, mens det viser seg at dagens matvareproduksjon tilsvarar 130% av behovet i verda. Og kvart år har FN mellom 20 og 30 millionar tonn mat i overskuddslager. Resultatet av dette er faktisk at ein brukar store ressursar på å øydeleggje varer for å kunne halde prisane (den økonomiske veksten) på marknadene oppe. -Er det då nødvendig å auke denne produsjonen ytterligare?

 

Noreg eit "rikt" land?

 

Noreg er eit rikt land på mange måtar, vi har store naturressursar som olje og gass på den eine sida og ein strålande vakker natur på den andre sida. Men går desse to så godt i lag?

 

Som vi alle veit blir det produsert store mengder olje og gass i Noreg og det at Noreg er blitt eit så sterkt land økonomisk sett er jo kun takket vere desse to tinga, men olje og gass er ikkje berre økonomiske fordelar, olje og gass er også politikk og strategi. Somme land har vorte økonomiske stormakter, som Noreg, i kraft av oljeproduksjonen deira. Andre igjen har vunne krigar fordi dei har kontrollert oljekjeldene. Olje og gass gir makt. I 1973 rysta OPEC- kartellet (samarbeidsorganisasjon for dei oljeeksporterande landa) verda med si boikott-makt, dei viste at dei ved å boikotte kunne dei nesten lamme verdsøkonomien totalt.

 

Den norske oljeindustrien står for meir enn 1/5 av landets samla inntekter, 1/3 av den totale eksportverdien frå landet og over 60 000 arbeidsplassar. Så det er klart at dei har stor "makt"/påverkningskraft i mange saker. Som i leiarartikkelen i Adresseavisen der det blir sagt i siste avsnitt at: "Dersom et ja til et slikt prosjekt kan sikre fremtiden for aluminiumsindustrien i Årdal og Sunndal, er det vår overbevisning at Ap ikke våger å si nei."

 

Vil det vare evig?

 

Det er klart at vi må ha energi i framtida også, men olje- og gasskjeldene våre er ikkje botnlause og bruken av dei går på bekostning av miljøet. Og kva med dei neste generasjonane? Økonomisk sett går dei ei lys framtid, men ser ein på dei miljømessige aspekta er det dystert. Ein økt olje- og gassproduksjon fører med seg økte Co2- utslepp og ein betydelig forringelse av miljøet. Og kva gjev oss som leve no rett til å bestemme korleis framtidige generasjonar skal få det.

 

Eit stort dilemma!

 

Den norske økonomien er så å seie basert på olje- og gassproduksjon. Store inntektsoverføringar til landbruket, finansiert av oljepengar, har ført til betre lønnsomheit og til økt matvareproduksjon og til større grad av sjølvforsyning. Også undervisningssektoren nyter godt av dei store ressursane.

 

Det er klart at dersom ein sette ein stoppar for olje- og gassproduksjonen, så ville ein økonomisk sett sparke beina under Noreg, men miljøet hadde vorte spart. Så det store spørsmålet er;- kva er viktigast? Økonomien eller miljøet, og dersom vi velger miljøet finst der då alternative metodar for å oppretthalde den aukande materielle levestandarden vi opplever. I første omgang trur eg ein må sjå på tiltak som kan gjere olje- og gassproduksjonen meir miljøvennlig. For så å kanskje kunne kutte det heilt ut i framtida, når ein har funne eventuelle alternative kraftkjelder.

 

Det viktigaste no trur eg er å konsentrere oss om det vi har og om å kunne gjere dette mest mogeleg miljøvennleg, men det er klart at vi må alle "ta i eit tak" dersom vi skal greie det.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst