Utdanning eller jobb
Mange unge i dag tar seg arbeid i ferie og fritid. Nokon tar til takke med strø jobbar, mens andre har fast lønn og arbeidstid. Å ha ein jobb ved sida av skulen er nødvendig for å skaffe lommepengar, med på same tid øydeleggjande for skulearbeidet. Eg vil no derfor sette søkelyset mot positive og nagative sider ved at skuleelevar tar seg arbeid.
Det kapitalistiske samfunnet våres har gjennom mange år påvirka oss til å tru at eit høgt forbruk fører til ein høg sosial status. Reklamebransjen samt vår eigen omgangskrets må nok ta noko av skylda for dette. For å godtgjere det økande materalistiske presset skaffer dei unge seg ei inntekt. Ein jobb gjer deg jo først og fremst meir velhalden og slik blir det også mogleg å ha eit høgare forbruk.
Dei som har fornuft sparer til vidare skulegang, mindre studiegjeld eller bolig. Forholdet til eigen bank blir på denne måten styrka og ein lærar seg å rå over eigne midlar. Ved at ein kan bruke meir penger på seg sjølv, blir ein også meir sjølvstendig og føler seg meir uavhengig av foreldre.
Den gode balansen mellom jobb og skulearbeid styres av eleven sin evne til å innrette seg. Det er viktig å følgje skulen og meddelevanes normer og verdier. Dessutan gjeld det å gjere god bruk av sin, ofte svært knappe tid.
Skuleelevar som prøver ulike yrkjer får ei erfaring som i høg grad kan komme til stor nytte framover i livet, når ein skal søkje læreplass eller fast arbeid. Ein lærar å rette seg etter ein arbeidsgivar og etter kollegaer, og ein lærar seg å holde avtaler. Slik opplever mange ungdommar å få ei styrka sevtillitt, ved å vere til nytte og gjøre noko praktisk.
Men ein jobb krevjer mykje av fritida di. Ei fritid som helst bør brukes til å samle nye krefter. Arbeidet må ikkje ta over for tida di saman med venner og familie eller for tid du treng til å slappe av. Arbeidet må heller ikkje vere for prega av stress, då faren for å bli slitt ut er stor for dei som er ung. Tid til skolearbeide må alltid komme først og det er alltid ein fordel å vere opplagt i undervisninga.
Det er lett å lære seg å bruke meir pengar, men det er vanskelegere å redusere forbruket. Ein bør difor tenkje over kva ein bruker pengar til. Det kan vere sunt å spare til ting men man må ikkje bli for ivrig etter å nå eit kostbart mål. Penger er absolutt ikkje alt og er heller ingen lettvint veg til lukke.
Alt i alt er det positivt at ungdom tar seg arbeid. Selv om det er eit stort ansvar, klarer mange unge å bevare effektiviteten med tanke på skulearbeid og leksar på same tid som ein arbeider. Eg leste ein gong ein undersøkning som beviste at dei med arbeid utanom skulen gjorde det best på skulen. For å konkludere kan eg difor trygt si at ungdom som arbeider ved sia av å gå på skulen, skaffer seg nyttig erfaring som kan bruktes i forbinding med skulen og gjennom resten av livet.
Utifrå ei personleg meining bør det vere opp til kvar enkelt om dei skal jobbe etter skuletid eller ikkje. Om ein har overskudd og kapasitet, byr det kun på fordeler.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst