Kan me finne typiske trekk frå islendingesogene i nyare islandsk litteratur?

Problemstillinga er lik som tittelen. Synest ikkje sjølv at eg svara så godt på oppgåva, men læraren meinte tydlegvis at det ikkje var så verst.

Karakter: 5+ (Særemne i norsk (hovudmål) studiespesialiserande VG3)

Sjanger
Særemne
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2011.06.28

Innhaldsliste

Islendingesoger

”Laksdøla saga”

”Gut og gjenta”

   Om forfattaren

   Handlingsreferat

   Nokre hovudpersonar

   Miljøet

”Gut og gjenta” i forhold til islendingesogene

”Myren”

   Om forfattaren

   Handlingsreferat

Kjelder

   Primærkjelder

   Sekundærkjelder

   Internettkjelder

 

Islendingesoger

Islendingesoger er ei fellesnemning for ættesogene som vart nedskrivne av islendarar på 1200-talet. Det finst nær 40 soger som er tatt vare på, men ein veit ikkje kven som har skrive dei, bortsett frå ”Soga om Egil Skallagrimsson” som ein trur er skriven av Snorre Sturlason fordi skrivemåten liknar på den han har brukt i ”Heimskringla” og ”Edda”. Det er og spekulert i om personen som skreiv ned ”Laksdøla saga” var ei kvinne grunna at det er så mange kvinnelege personar og at det er ein sterk sans for deira motivasjonar.

 

Det at sogene ikkje vart nedskrivne før opptil 300 år etter at handlinga skal ha føregått, gjer at mykje av innhaldet kan ha endra seg grunna den munnlege overleveringa, som for eksempel å over- eller underdrive for å gjere handlinga meir spanande. Det er god grunn til å tru at dialogane er oppdikta, for ein kan ikkje overlevere slikt ordrett gjennom så mange år. Ein kan heller ikkje vere sikker på at dei som skreiv dette ned skreiv slik som dei hadde blitt fortalt. Steblin Kamenskij fortel om dette i boka si ”Islendingesogene og vi” og kjem med spørsmålet om desse nedskrivarane var på ein måte dåtidas romanforfattarar, og at store delar av sogene er oppdikta.

 

Det er mange ting som er veldig typisk for korleis ei islendingesoge er ser ut i formen, og kva for verkemiddel som er med i henne. Nokre stikkord som kan skildre sogelitteraturen kan vere: konfliktar, kamp og strid, hemn og blodhemn, feidar mellom ætter og enkeltpersonar, kjærleik og hat og ære. Handlingane i sogene føregår gjerne over fleire slektsledd, men konsentrerar seg ofte om ein manns lagnad, og unaudsynte opplysningar vert ikkje tatt med. I byrjinga på sogene, og når ein startar eit nytt kapittel, så var det viktig å ramse opp slektslinene til personen ein skulle få høyre om, for å kunne prove seinare kven personen var. Det var også viktig dersom ein hadde nokon bak i slekta som kunne kaste ære over personen som levde no.

 

”Laksdøla saga”

”Laksdøla saga” er ei slektssoge over sju til åtte generasjonar, og byrjar med ei oppramsing av delar av denne. Soga tek til på den tida då Harald Hårfagre vart konge over Noreg. Kjetil Flatnev, ein tidlegare småkonge, reiser frå Noreg til Skottland med dotter si, Unn, medan sønene reiser til Island. Då Kjetil døyr reiser Unn etter til Island. Den neste personen me får høyre ein del om, er ein etterfølgjar av Unn, Hoskuld. Hoskuld var ein høgtståande mann på Island, og på ei ferd til Noreg kjøpte han seg ei frille, Melkorka, som tilsynelatande var stum, og fekk sonen Olav, som seinare fekk tilnamnet ”På”, med henne.

 

Ein dag finn Hoskuld ut at Melkorka berre har loge om at ho ikkje kan snakke, då han overraskar ho i å snakke med Olav. Ho fortel då at ho er dotter av irekongen Myrkjartan. Då det har gått ein del år, bestemmer Melkorka seg for å sende Olav til Irland, slik at han kan sjå at han ikkje skal vere skamfull over å vere frilleson. Han siglar fyrst til Noreg, der han blir godt motteken av Gunnhild, mor til kong Harald Gråfell, fordi farbror hans var hirdmann og godt lika av Gunnhild. På ferda til Irland får han med seg seksti mann, og då dei kjem fram, krev han å få snakke med Myrkjartan. Olav viser Myrkjartan ein ring han har med seg frå mor si, som ho fekk i tanngåve av far sin, og Myrkjartan godkjenner han som ein del av familien. Etter ei stund i Irland blir Myrkjartan så glad i Olav at han tilbyr han å overta trona etter seg. Olav takkar nei til dette, og seier ”det er betre med kort ære enn lang skam”[1], for han meiner sønene til kongen ville tatt det ille opp om han hadde tatt over trona etter kongens død.

 

Då far til Olav og brørne hans døyr, blir det uvenskap mellom Olav og Torleik grunna arveoppgjeret. Olav tilbyd seg å fostre Bolle, sonen til Torleik, då den som fostrar ein annan manns son, alltid vil stå under i rang. Bolle veks opp saman med eldstesonen til Olav, Kjartan, og dei vert gode vener.

 

Det vert sagt om Gudrun Osvivsdotter at ho var den vakraste kvinna som nokon gong hadde vakse opp på Island. I byrjinga av tenåra har ho ein draum om at ho kom til å bli gift fire gonger. Ein av dei vil ho skilje seg frå, medan dei andre kjem til å døy. Det går som i draumen. Ho skil seg frå den fyrste og den andre druknar. Kjartan byrjar å få interesse for Gudrun, og då Kjartan og Bolle bestemmer seg for å reise til Noreg, bed Kjartan Gudrun om å vente på han til han kjem attende, noko ho ikkje vil gjere.

 

Ferda til Noreg vert lengre enn planlagt for Kjartan fordi Olav Tryggvason har bestemt seg for å kristne Island, og tar difor søner av høgtståande islandske menn som gissel. Bolle vender attende til Island og bed om å få gifte seg med Gudrun. Han seier at Kjartan kjem til å bli verande vekke i mange år, og at han har blitt god ven med kongens syster. Gudrun takkar ja til tilbodet om ekteskap, og dei giftar seg.

 

Nyhende kjem til Noreg om at Island har konvertert, og Kjartan får lov til å reise heim. Han får snart vite om Gudrun og Bolle, og giftar seg difor med Revna. I tida framover fornærmar Kjartan Bolle og Gudrun ved fleire høve, og brørne til Gudrun bestemmer seg for å straffe han. Gudrun trugar Bolle til å bli med, for ho seier at viss han ikkje gjer det, så vil ho skilje seg frå han. Det endar med at Bolle drep Kjartan, men han angrar med ein gong, og Kjartan døyr i armane hans. Etter dette føretrekk Olav På at Bolle skal betale ei bot, i staden for å bli fredlaus, fordi han er glad i Bolle. Brørne til Kjartan likar ikkje dette, og etter at Olav døyr, oppfordrar mor deira dei til å ta livet av Bolle.

 

Gudrun får ein son som ho kallar opp etter Bolle, og ein fjerde ektemann, som også druknar. Då sonen hennar ein gong spør ho kven ho elska mest, svarar ho: ”Mot ham var jeg verst som eg elsket mest”[2].

 

”Gut og gjenta”

<bilde>

 

Om forfattaren

Jón Thoroddsen vart fødd i Reykhólar den 5. oktober 1818. Frå 1841 til 1850 studerte han jus i Danmark, og var med i den danske hæren. Ei ulukkeleg kjærleiksaffære han hadde i Danmark gjorde at han søkte etter trøst i litteraturen. Særleg Sir Walter Scott og Charles Dickens inspirerte han, og han fullførte si fyrste bok ”Piltur og stúlka” i 1850, like før han reiste heim til Island. Romanen vert rekna som den fyrste islandske romanen etter sogetida. Då han kom heim til Island vart han sysselmann i fleire forskjellige distrikt. Han døydde 8. mars 1868, og etterlet då ein uferdig roman. Den vart utgitt 8 år etter hans død, altså i 1876, og fekk tittelen ”Maður og kona”. Han er òg kjend for å ha skrive lyrikk. Særleg populær er songen ”Ó fjögur er vor fósturjörð” (omsett til norsk: ”Millom frendar”).

 

Thoroddsen reknast som grunnleggjaren av den moderne islandske romanen. Båe romanane hans er kjærleiksromanar frå den islandske landsbygda, og ein kan sjå trekk som kan trekkjast attende til sogestilen i verka hans.

 

Romanen ”Pilur og stúlka” vart omsett frå nyislandsk til ”Gut og gjenta” av Ivar Høvik og utgitt i Noreg i 1917 på Det Norske Samlaget. I romanen følgjer me ei jente og ein gut frå tiårsalderen, og fram til dei vert vaksne.

 

Handlingsreferat

I ”Gut og gjenta” får me følgje ei jente, Sigrid, og ein gut, Indride, frå dei er åtte og ti år gamle. Dei bur nære kvarandre, men gardane dei bur på er skilde av ei stor elv, så det er berre når den somtid er islagd, at gardbrukarane kan ha nokon særleg kontakt med einannan. Sjølv om dei bur så nære, er dei ikkje gode vener.

 

Sigrid og Indride møtest medan dei båe har i oppgåve å gjete sauer. Gjennom sumaren utviklar dei eit nært venskap, og når hausten kjem og det vert slutt på gjetinga, får dei ikkje sagt farvel til kvarandre. Sigrid har ikkje noko godt forhold til mora si, og får ikkje lære dei grunnleggjande kunnskapane ei jente bør ha om husstell. Faren bestemmer difor at ho skal sendast til systera hans. Sigrid blir verande hjå tanta si i nokre år, og då ho vender heim og møter Indride att, merkar dei båe at venskapen har utvikla seg til kjærleik.

 

Indride spør foreldra sine om han ikkje kan få gifte seg med Sigrid. Dei seier ja til dette, og kjem fram til at mor hans, Ingebjørg, skal spørje Sigrid og mor hennar, Ingveld, om dette. Det lagar seg slik at då høve kjem at Ingebjørg møter Ingveld, så er ikkje Sigrid med. Ingveld avviser saka Ingebjørg ber fram, og fortel aldri noko om det til dotter si. Sjølv om Sigrid er den av borna sine Ingveld synest minst om, så vil ho at Sigrid skal få seg eit betre gifte, og ho meiner at Indride ikkje høver som mann for ho.

 

Sigrid er lei seg for at ho ikkje får høyre noko om giftemål frå Indride, for ho har han kjær. Etter press frå mora går ho etter kvart med på å feste seg til ein meir velståande gut, Gudmund. Men då dei er i kyrkja for å gifte seg, svarar ho nei til å ta Gudmund til mann. Dette vert snakka mykje om i bygda, og mor hennar blir sur på henne. Ho bed bror sin, Orm, som går på presteskule i Reykjavik, om ikkje han kan finne noko for ho å gjere der.

 

Sigrid får arbeid som tenestejente hjå ein kjøpmann og kona hans i Reykjavik. Sigrid har vakse opp til å verte ei ven jente, og snart får ein kjøpmann auga opp for henne, og vil gifte seg.

 

Indride har aldri klara å gi opp Sigrid, og reiser etter, for å finne ut om det kan bli dei to. Etter mykje om og men, og svik frå Sigrids veninne, får dei kvarandre og reiser heim for å gifte seg. Ingveld er då på sine seiste dagar, og fortel om alt ho gjorde for å halde dei frå kvarandre. No vil ho at dei skal vere saman.

 

Nokre hovudpersonar

Personen me følgjer mest gjennom romanen er Sigrid Bjarnedotter. Ho er dotter av Bjarne og Ingveld, og har to eldre sysken, ein bror og ei syster. Systera har blitt gift, og det er det einaste me får høyre om ho. Broren, Orm, går på presteskule nær Reykjavik etter Ingvelds ynskje.

 

Me møter Sigrid då ho er åtte år gamal, ho har lite å ta seg til heime, og difor bestemmer far hennar at ho skal lære å gjete sauene slik at ho skal gjere nytte for seg. Det at ikkje mor hennar vil lære ho å gjere dei grunnleggjande oppgåvene ho skal kunne som jente, gjer at ho får ei seinare sosialisering enn det som er vanleg på tida. Ho får fyrst lære mat- og husstell då ho flyttar til tanta si.

 

Me får ikkje noko grundig skildring av korleis Sigrid ser ut. Det me får høyre er at ho er middels høg og slank og sannsynlegvis ganske ven å sjå til, sidan det ikkje manglar på tilbod frå menn. Det manglar nok heller ikkje noko på intellekta hennar, då det vert nemnd at ho har lært dansk av bror sin, men ikkje vil bruke det sidan ho er tydleg stolt av kvar ho kjem frå. Då ho er i Reykjavik går ho heile tida, med eit unnatak, i islandsk kvardags- eller høgtidsbunad. Dette vert ikkje sett på som så veldig fint i hovudstaden, fordi der vil dei vere mest mogleg danske, og nyttar dansk som hovudspråk, og det er den danske moten som vert vurdera som den finaste. Ho uttrykkjer ved fleir høve at ho ein gong har lyst til å flytte attende til heimstaden: ” Eg held so mykje av fjelli, eg er uppvaksi millom fjell, og difor er det som eg letnar i hugen kvar gong eg ser upp paa fjelli her, og eg ynskjer meg heime att millom mine eigne fjell.”[3]

 

Sigrid er statisk. Meiningane hennar endrar seg ikkje gjennom romanen. Ho har heile tida dei same kjenslene for Indride, sjølv om ho er på veg til å få forhold med andre menn. Ein kan òg seie at ho er litt naiv, då ho alltid vil sjå det beste i folk, noko som kan verke øydeleggjande. Gudrun, ei anna jente som arbeider i det same huset som Sigrid, prøvar å få ho til å gløyme Indride, fordi Gudrun meiner at ein simpel bondegut ikkje høver seg som mann for Sigrid. Gudrun øydelegg for Indride då han kjem til Reykjavik for å snakke med Sigrid, og ho prøvar for alt ho kan for å få Sigrid til å feste seg med Møller, slik at ho kan få læreguten hans. Sigrid gjer som regel det folk bed ho gjere, men gjer eit lite opprør mot mor si, Ingveld, då ho seier nei til å ta Gudmund til mann.

 

Indride er eineborn og son av Bjarne og Ingebjørg på Hol. Me møter Indride då han er ti år gamal, og han vert då skildra som ein ven og veslevaksen gut. Han var arbeidsam og læreviljug, så lenge det ikkje var katekismen han skulle lære, og var langt framfor dei jamaldrande når det galdt styrke.

 

Me får ikkje høyre like mykje om Indride, som me gjer om Sigrid, før i den seiste fjerdedelen av boka. Etter at han ikkje får lov av Ingveld til å gifte seg med Sigrid, finn han seg ikkje nokon annan jente. Men ettersom åra går, og han ikkje blir yngre, så finn han ut at det er på tide å finne seg ei kone. Han klarar ikkje å gløyme den kjærleiken han hadde med Sigrid, og freistar difor å reise etter ho til Reykjavik for å få eit endeleg svar. Der møter han veninna til Sigrid, Gudrun, og ho lurar han til å tru at han ikkje lengre har sjans Sigrid. Han vel likevel å verte verande i Reykjavik for å arbeide, men gjev seg ut for å vere ein annan enn den han er, kanskje fordi han ikkje vil at Sigrid skal få vite at han har blitt verande.

 

Indride er flink til å arbeide og blir god ven med arbeidsgjevaren sin. I slutten av romanen hjelper arbeidsgjevaren Indride og Sigrid til å bli saman.

 

Ingveld er ei stolt bondekone, som vil gjere det som kan gjerast for å halde på æra til familien, noko som var typisk for det islandske samfunnet under landnåmstida, men også no i bondesamfunnet. I eit bryllaup vert ho brydd då Ingebjørg vert spurt om ho kan ordne på falden[4] til brura. Brura seier: ”Det er skilnad aa sjaa paa dei finslege krokfaldane og desse fille hovudklutane som ikkje høver andre enn gamle kjerringbrot”[5]. Ingveld gjekk nemleg med hovudklut denne dagen. I det same bryllaupet vert ho og misnøgd då Ingebjørg får ein betre sitjeplass enn ho sjølv, då dei båe har same rang.

 

Det at ho held det eine barnet sitt mindre kjært enn dei to andre, er noko som ikkje er godtatt i dagens samfunn, då ein skal handsame borna sine likt. Faren til Sigrid, Bjarne, likar ikkje skilnaden men det verkar som om han ikkje torer å konfrontere kona si med det. Mot slutten av romanen får me vite at Ingveld hadde sakna Sigrid medan ho hadde vore borte. For det kan gjerne vere slik at sjølv om dei gjekk kvarandre på nervane medan dei budde saman, merkar dei kor mykje dei held av einannan når ein ikkje er med personen.

 

Då Sigrid og Indride reiser heim frå Reykjavik, får dei vite at Ingveld ligg sjuk, og reiser difor på vitjing til henne. Ingveld fortel dei då at no då ho ligg for døden, så har ho tenkt over alle feilgrepa ho har gjort, og at til slutt vil alt ordne seg etter Guds vilje. Ho har gjennom heile romanen vore negativ til forholdet mellom Sigrid og Indride, men no når ho har fundera litt på det, så er det rette at dei skal vere saman. Difor er ho ein dynamisk person.

 

<bilde>
Miljøet

[6] Handlinga i romanen føregår på midten av 1800-talet i bonde- og bysamfunnet på Island. På denne tida var Island under dansk styre, og sjølv om det var på denne tida Island hadde tankar om sjølvstende, så prega dette samfunnet, men ikkje bondesamfunnet i så stor grad som bysamfunnet. I Reykjavik var det vanleg å nytte dansk som hovudspråk, og det var danske kjøpmenn som dominerte kjøpmannsstanden.

 

Det er òg klart at det er viktig med forskjellane mellom høgt- og lågtståande menneske. Gudmund som var fest til Sigrid ei stund, hadde hatt fleire sjansar til å gifte seg med andre jenter, men ville ikkje, fordi dei ikkje hadde nok pengar eller stod høgt i sosial rang. Ingveld ville heller ikkje gifte Sigrid bort til Indride fordi ho meinte at han ikkje var bra nok for Sigrid. Då Sigrid kjem til hovudstaden og kjøpmann Møller tek interesse av ho, synest Gudrun at dette er stas. Ho ynskjer sjølv å kome inn i ein høgare sosial status enn den ho er fødd i.

 

Generelt gjennom romanen er det ikkje veldig mykje skildring av korleis det ser ut rundt dei, men somtid så forklarar personar som er i dialog om kva dei forskjellige fjella, og andre ting som kan fungere som landemerke eller har annan nytte for dei, heiter, som til dømes Snæfjellsjøkulen. Heilt i byrjinga av romanen vert dalen som Sigrid og Indride kjem frå, skildra ganske godt, og ein klarar å lage seg eit bilete av korleis det ser ut. Noko som skildrar miljøet både direkte og indirekte, med tanke på den danske påverkinga er: ”Der burte ligg Laugarnes, og der kan du sjaa røyken stiga upp fraa dei varme kjeldone. Lagleg ligg dei til for folket her, for der hev ein høve til å vaske islandsken av seg.”[7]

 

”Gut og gjenta” i forhold til islendingesogene

Handlinga i ”Gut og gjenta” føregår på Island, noko som òg var typisk for islendingesogene, derav namnet. I løpet av dei fyrste sidene får me ei innføring i korleis området ser ut, fordi dette har noko å seie for handlinga vidare, og me får ei kjapp innføring i kven alle som bur der er, og kva forhold dei har til kvarandre. Forfattaren ser personane frå utsida, og ein får ikkje vite noko om dei indre tankane og kjenslene til personane utanom det som blir vist ved ytre handlingar. Romanen har ei kronologisk rekkefølgje på handlinga, men det er somme tidsbrott, der det hender ting som ikkje er viktig for historia. Dialogane er lett skildra, og det er berre det som er viktig som er tatt med av scenar. Me får til dømes ikkje høyre stort om Sigrid og Indride i den perioden då Sigrid er hjå tanta si, fordi dette ikkje er viktig for den vidare utviklinga av kjærleiksforholdet deira.

 

I forhold til andre tekstar frå perioden då sogene vart nedskrivne, så har kvinnene ein meir framtredande plass, noko me òg ser i ”Gut og gjenta”. Sjølv om tittelen viser til at det er like mykje ”gut” som ”jente” i forteljinga, så følgjer me i hovudsak livet til Sigrid. Indride har ein ganske stor del, men ikkje like stor. Ættesamfunnet hadde veldig mykje å seie i samfunnet under landnåmstida på Island. I romanen sin har Jon Thoroddsen skildra det islandske bondesamfunnet, og ein ser at ætta framleis har mykje å seie, men meir for somme, enn andre. På sogene si tid så var det i hovudsak ætte- og ærekjensla som dreiv historiene framover. Noko som var framtredande i sogene var feidar mellom ætter og enkeltpersonar, som me kanskje kan sjå litt av i ”Gut og gjenta” då Ingveld gjennom nesten heile romanen nektar å la Sigrid gifte seg med Indride. Men eg kan ikkje finne nokon annan grunn til dette enn at Ingveld ikkje synest at ætta er fin nok.

 

”Myren”

”Myren” er ein kriminalroman av den islandske forfattaren Arnaldur Indriðason. Romanen kom ut på Island i 2004, og vart fyrst omsett til norsk i 2004. I 2002 mottok Indriðason Glassnøkkelprisen for beste nordiske krimindenne boka.

 

Om forfattaren

Arnaldur Indriðason er fødd i 1961. Han er journalist og arbeidde i mange år for den største islandske dagsavisa, ”Morgunblaðið”. Etter dette studerte han historie ved universitetet i Reykjavik, og skreiv si avhandling om islandsk film. I 1997 debuterte han med kriminalromanen ”Synir duftsins”. I 2004 var sju av dei ti mest utlånte bøkene ved islandske bibliotek skrive av han.

 

<bilde>

 

Handlingsreferat

Historia byrjar med etterforskinga på drapet av ein 69 år gammal mann, ved namn Holberg. Dødsårsaka er slag mot hovudet, og mordvåpenet er eit tungt, grønt oskebeger av glas. Obduksjonen viser at Holberg har ein godarta svulst i hjernen og leverflekkar under armane. Under etterforskinga finn hovudetterforskaren, Erlendur, eit bilete av ein gravstein, der det berre står eit jentenamn utan patronym, og årstala ho vart fødd og døydde, 1964-1968. Erlendur lurar på kvifor han hadde dette biletet, og prøvar å nøste saman alle trådar. Etter å ha gått gjennom gamle dødsattestar finn han ut litt om jenta, og at mor hennar tok sjølvmord tre år etter. Han reiser for å snakke med systera til mora, Kolbrun, og finn ut at Audur, som barnet heitte, var eit resultat av ei valdtekt, og at dødsårsaka var ein svulst på hjernen. Valdtektssaka hadde blitt meldt til ein politimann av Kolbrun sjølv, men det hadde aldri blitt gitt nokon straff i saka, då valdtektsmannen, som Kolbrun hevda at var Holberg, sa at det var eit friviljug samleie. Holberg nekta òg for å vere faren til jenta.

 

Holberg hadde to vener på denne tida, Gretar og Ellidi. No sit Ellidi i fengsel for diverse lovbrot, medan Gretar forsvann i 1974. Erlendur reiser for å avhøyre Ellidi i fengselet, og han fortel at Kolbrun ikkje var den fyrste Holberg hadde valdteke. Det einaste Ellidi veit om denne jenta var at ho var frå Husavik. Etter å ha sjekka manntalet i Husavik frå 60-talet, sender Erlendur ut mange betjentar for å spørje alle kvinnene som kunne vere aktuelle om dei hadde blitt valdtekne. Det blir ein lang spørjerunde, men etter mange dagar med leiting, kjem dei til ei som fortel dei at ho hadde blitt valdteken av Holberg. I byrjinga nektar ho for at dette førte til eit barn, men dette finn Erlendur ut, og ho innrømmer dette. Dette barnet, Einar, arbeider ved Islandsk senter for Genetikk, og han hadde ei dotter som døydde av nevrofibromatose , ein arveleg sjukdom som fører til dødelege hjernesvulstar for dei som mottek den vondarta varianten av genet. Einar har søkt gjennom databasar for å finne ut meir om kvifor han er berar, men sidan verken mor eller far hans er det, så konkluderar han med at foreldra ikkje er dei han biologiske. Han konfronterar mora med dette, og ho fortel han om valdtekta. Einar blir sinna på Holberg fordi han meiner sjukdommen skulle døydd ut med han, og at han ikkje skulle spreidd den vidare. Einar skuldar Holberg for dødsfallet til dottera og drep han.

 

I slutten av romanen finn Erlendur Einar ved grava til Audur, og der innrømmer han alt, før han tek sjølvmord.

 

Erlendur Sveinsson

Erlendur er den einaste personen me følgjer i så å seie alle scenane i romanen, bortsett frå når det er attendeblikk på hendingar som har noko å seie for saka, og me får eit ganske godt innblikk i livet hans. Han er kriminaletterforskar ved politiet i Reykjavik, og har jobba der i mange år, difor får han stort sett frie taumar. Han har godt oversyn over alle detaljane i saka, og gløymer ikkje noko når trådane skal nøstas saman.

 

Erlendur har to born frå eit ekteskap som vart slutt for mange år sidan. Ekskona har han så vidt snakka med på tjue år, og det går ikkje så bra for borna. Sonen, Sindri Snær, er alkohollikar, medan dottera, Eva Lind, er narkoman. Til tross for at Eva er narkoman, så har Erlendur mykje kontakt med ho, men berre når ho vil, og stort sett berre om ho treng pengar. Etter kvart kjem det fram at ho er gravid, og Erlendur seier han vil støtte ho gjennom dette. Han er tydleg glad i Eva Lind, kanskje sjølvsagt sidan ho er dotter hans, og kanskje fordi han vil prøve å gjere opp for dei åra han ikkje var med ho etter skilsmissa. Han prøvar stadig å få ho til å slutte med dop, men det er ikkje like lett. Den tydlege omtanken han har for dotter si, ser me ikkje så mykje av når han skal avhøyre folk til etterforskinga. Ved eit høve bed ein av betjentane han om å slutte å grave så mykje i det vonde som eit kvinneleg valdtektsoffer har å fortelje, men han vil ikkje slutte.

 

Erlendur har tydleg orden i hovudet sitt, men korleis han har det rundt seg er ein anna sak. Leilegheita hans vert skildra som rotete, og når mobilen hans ringer, har han eit strev med å finne den i jakkelomma, i motsetnad til kollegaen sin, Sigurdur Óli. ”han gikk ikke med den løs i lommen, slik som Erlendur, men hadde den i et fint futteral fast festet i beltet som holdt den pressede buksen oppe”[8]. Det vert ofte nemnd at han kjem i den same utslitne og krøllete dressen sin kvar dag på jobb, og ein dag då han har barbert seg og tatt på seg ei rein skjorte som ikkje er rynkete, blir han nesten sjokkert.

 

Erlendur er heller ikkje flink til å passe på helsa si. Han er storrøykar, et berre ferdigmat og gidder ikkje sjekke ei smerte han har hatt i brystet over lang tid, før han blir kalla for ein hyklar av Eva Lind. Ho seier at han ikkje burde bry seg så mykje med om kva ho gjer med helsa si, når han ikkje gjer det sjølv. Smertene viser seg å kome frå ei dårleg madrass og for lite mosjon.

 

Heilt på slutten bed Erlendur dotter si om han får velje namn på barnet ho ventar, dersom det blir ei jente. Dette samtykkjer ho til, og Erlendur bed ho om å kalle den eventuelle jenta for Audur, noko som kan vise til at saka har hatt stor medkjensle med jenta som døydde så ung.

 

Miljøet

Romanen er sett inn i det moderne storbylivet til den lågare middelklassa i Reykjavik, men òg frå tidleg 60-tal. Me får høyre om familieløgner: kvinna som vart valdteken i Husavik fortalde aldri om det til nokon, og då ho fortel dette til mannen, reiser han frå ho. Me får òg sjå bak at bak fasaden til den vellukka kriminaletterforskaren så har det ikkje gått så godt med resten av familien. Ei anna sak som er fletta inn i historia, men som ikkje har nokon eigentleg meining for framgangen til resten hovudsaka, får me høyre om ei ulukkeleg brur som stikk av frå bryllaupet sitt, tilsynelatande utan grunn. Det viser seg etter kvart at faren i fleire år har misbruka dotter si, og at mora har visst om det. Noko som tyder på at det er viktig for familien å halde oppe ein fasade for å verne om æra og ryktet til familien.

 

”Myren” i forhold til islendingesogene

I ”Myren” er det ikkje noko tydlege teikn på at denne kan vere inspirert av islendingesogene. Me får innblikk i tankane til personane og dei er godt skildra. Det er også skildra godt korleis det ser ut omring dei. Plutseleg kan det kome inn tankar som ikkje har noko med historia å gjere, og saka med brura som forsvann har ingenting med resten av forteljinga å gjere. Det er motsett av det som er vanleg for sogene, der berre det viktigaste er tatt med for framgangen i historia. Handlinga føregår også over svært kort tid, i motsetnad til ættesoga om laksdølane, som føregår i over hundre år. Noko som kan samanliknast med sogene, er at familiar vil oppretthalde æra si, og at den er litt valdeleg, med tanke på at Einar drep den biologiske far sin for det han gjorde mot mora.

 

Ein kan vel seie at ”Myren” er ein typisk kriminalroman, og at det er dette Indriðason har hatt som mål. Ein roman med like trekk som sogene ville nok ikkje ha selt så godt, då dei er tunge å lese.

 

Finn ein trekk frå islendingesogene i nyare islandsk litteratur?

Finn ein trekk frå islendingesogene i nyare islandsk litteratur? Dette vel eg å svare både ja og nei til. Romanane eg har valt er to ytterpunkt i tid for den moderne islandske forfattarskapen. I ”Gut og gjenta” finn eg fleire trekk frå islendingesogene. Dette kan vere fordi forfattaren sannsynleg var ganske godt kjend med sogene, då dette var den einaste islandske litteraturen fram til han vart skriven, og det var sikkert stort sett det Thoroddsen hadde lært om på skulen, og lese mykje av. Han var òg inspirert av andre forfattarar frå samtida, men det har eg ikkje lest noko av, så det kan eg ikkje uttale meg om. Samfunnet på 1800-talet hadde nok heller ikkje endra seg så mykje sidan vikingtida, som den har gjort i dei neste to hundre åra. Kvinnene var meir undertrykt i mellomalderen grunna kristendomen, men på 1800-talet vart det eit litt friare syn på dei, så det blei omtrent det same som i vikingtida.

 

”Myren” er ein moderne kriminalroman og måten han er skriven på er typisk for krimbøker. Indriðason måtte nok heilt sikkert lese soger på skulen, men desse fekk sikkert ikkje så stor plass, då det har kome mykje ny litteratur.

 

I mellom desse romanane eg har lese, har det kome ein del stor islandsk litteratur. Halldor Kiljan Laxness mottok Nobels litteraturpris i 1955, og vert rekna som den største moderne islandske forfattaren. Utviklinga av litteraturen har nok skjedd naturleg med påverknad frå resten av verda, slik at skrivestilen har blitt ganske moderne. Men eg vil tru at det i fleire av dei eldre romanane vil finnast trekk som kan kome frå islendingesogene.

 

 

Kjelder

 

Primærkjelder

”Laksdøla saga” - Norrøn Saga II – Aschehoug 1996 (ISBN- 82-525-2585-7)

”Gut og gjenta” – Jón Thoroddsen, Det Norske Samlaget, 1917

”Myren” – Arnaldur Indriðason, Cappelen Damm, 2007

 

Sekundærkjelder

”Islendingesogene og vi” – Steblin Kamenskij, Det Norske Samlaget, 1975

”Mannen og samfunnet”- Johan Hovstad – Det Norske Samlaget 1943

 

Øvrige kjelder

Aschehoug og Gyldendals ”Store Norske Leksikon” 2006, Band:14: sv-tå side 345, ”Thoroddsen, Jón”

http://en.wikipedia.org/wiki/Icelandic_literature#Middle_Icelandic_literature

http://www.britannica.com/EBchecked/topic/593388/Jon-Thoroddsen

http://www.questia.com/library/encyclopedia/thoroddsen_jon.jsp

http://no.wikipedia.org/wiki/Laksd%C3%B8la_saga

http://www.goa.no/norse/?show=sagadiktning

http://www.hugen.no/staffeli/lunn24.htm

http://en.wikipedia.org/wiki/Arnaldur_Indri%C3%B0ason

 

Om kjeldene eg har bruka

I hovudsak har eg nytta primærkjeldene, altså sjølve bøkene eg har valt til særoppgåva. Det eg har nytta andre kjelder til er i hovudsak til å finne ut om kjenneteikn på islendingesoger, og om forfattarane. Wikipedia vert ikkje rekna som ei kjelde ein kan stole hundre prosent på, då alle kan endre desse sidene, men eg vil tru at opplysingar om forfattarar ikkje kan bli alt for feil. Leksikon vil eg rekne som ei påliteleg kjelde, og også dei bøkene der eg har lese om islendingesogene.


[1] side 51 i Norrøn Saga II – Aschehoug 1996 (ISBN- 82-525-2585-7)

[2] Side 176 i ”Laksdøla saga” - Norrøn Saga II – Aschehoug 1996 (ISBN- 82-525-2585-7)

[3] Side 148 i ”Gut og gjenta”, Thoroddsen, Det Norske Samlaget, 1917

[4] Hovudplagg som tidlegare var vanleg å bruke til islandsk bunad.

[5] Side 44 i ”Gut og gjenta”, Thoroddsen, Det Norske Samlaget, 1917

[6] Reykjavik ca 1860 http://s3.amazonaws.com/data.tumblr.com/tumblr_lfhmidt7641qgritho1_1280.jpg?AWSAccessKeyId=
0RYTHV9YYQ4W5Q3HQMG2&Expires=1297271829&Signature=
CHPSjYTtCD0P/iKnclSe89q4eYY%3D

[7] Side 125 i ”Gut og gjenta”, Thoroddsen, Det Norske Samlaget, 1917

[8] Side 171, ”Myren” – Arnaldur Indriðason, Cappelen Damm, 2007

 

<bilde>

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst