Dei fire verdensreligionane + Konfliktar

KRL-prosjekt om jødedommen, islam, hinduismen og buddhismen, samt eksempler på religiøse konflikter.

Karakter: 5+ (8. klasse)

Sjanger
Særoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.03.19

Innhald

Jødedommen

Islam

Hinduismen

Buddhismen

Karikaturteikningane

Konflikten i Midtausten

Kilder

 

Jødedommen

 

<bilde>

 

Kva er jødedommen:

Jødane si tru er variert. Den grunnleggande jødiske religiøse troa bygger på  at det er bare ein evig usynleg Gud. Dei trur ikkje på Jesus, det vil seie dei venter ennå på at Jesus skal bli født. Jødane trur også bare på det som står i det gamle testamentet (GT), dei vil finne ut kva som er Guds vilje med alle ting på jord. Dei trur at dei blei utvalt til å få Guds Torah den første delen av Tenakh (den jødiske Bibelen). Ved å leve etter lovane i Tenakh, trur dei at dei kan utrette rettferd. Det er totalt 1400 millionar jødar i verden og religionen har djupe røter.

 

Opphav:

Jødane trur at jødedommen starta da Abraham, jødanes religiøse far, starta å tilbe bare ein Gud i staden for fleire avgudar, slik hans far igjen hadde gjort. Jødane seier dei er Guds utvalte folk. Abraham er jødanes stamfar, og i følgje Torahen blei han fødd 1813 f.Kr. Abraham gifta seg med Sarai og fekk ein son. Gud lova Abraham mange etterkommarar. Dei skulle bli like mange som stjernene på himmelen, og dei skulle få arva landet Israel.

 

Tenakh:

Jødane leser frå Tenakh det er jødane sin ”Bibel” det er det gamle testamentet. Jødane seier at Tenanakh skal hjelpe jødane til å leve rett og å finne moralske plikter ovanfor Gud og menneske. Torahen er jødane sin pergamentrull og er skrevet med handskrift. Dei fem mosebøkene er det første som står i Torahen og der står det blant anna om jødane sin historie. Veldig viktig at jødane kan dei 613 boda som står i Torahen.

 

Den jødiske truvedkjenning står i Tenakh og den lyder slik:

Høyr Israel, Herren er vår Gud. Herren er ein og du skal elska Herren din Gud, av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt. 

 

<bilde>

 

Talmud:

Talmud er ein av dei heilage skriftene i Tenakh og den vart overført munnleg. Talmud er delt i to deler og det er Haggadah og Halcha.

Haggada: Fortel om legender og historiar. Inneheld også bønner, ritual og songar til påskekvelden.

Halcha: Det er Lover og reglar om livet.

 

Vestmuren (klagemuren):

Vestmuren eller klagemuren som nokon seier er dei einaste gjenvarande delen av begge templa i Jerusalem. Det er mange menneskjer som besøkjer vestmuren, det er både jødar og ikkje jødar på besøk heile døgnet. Dei trykkjer inn lappar med bønner inn i mellom dei heilage mursteinane. Dei føler seg nær Gud her. Mennene og kvinnene ber kvar for seg med ein skiljeskjerm mellom seg.

 

<bilde>

 

Heilagdagar:

Sabbat: Sabbaten er noko som jødane feirar frå fredag kveld til laurdag kveld, det er nesten som vi har søndag som kviledag sia Jesus skapa oss den 7 ande dagen. På sabbaten går jødane først i synagoga, så samlar heile familien seg og eter sabbatmåltidet sitt. På sabbaten har du ikkje lov til å skapa noko nytt, og då skal tankane kun vera hos familien

 

Pesach: Pesach er påskefeiringa til jødane, dei feirar at Moses fekk alle jødane ut i frå Egypt, vekk frå slaveriet. Mens dei kristne feirar at Jesus døde og stod opp igjen for oss.

 

Shjavout: Shjavout er pinse for jødane då feirar dei at Moses fekk dei ti boda på Sinai fjellet.

 

Rosch Haschanah: Feirar Jødane nyttår, det skjer i september eller oktober. Det skal vere til minne om at Gud skal halde dom over dei gode og dei vonde gjerningane våre. Ein skal tenkje over kva ein har gjort i året som gjekk, og leggje planar for å forbetre seg til det kommande året.

 

Jom kippur: Feirar jødane den store forsoningsdagen. Då er nesten alle jødane i synagoga og ber om tilgiving for det gale dei har gjort. Festen er ein 25 timars faste.

 

Sukkot: Sukkot er lauvhyttefesten det er ein fest for fridom og glede. Fest for overlevering av Torahen.

 

Chanukkah: Jødane at templet blei vunne tilbake av den jødiske geriljagruppa.

 

Purim: Megillat Esther, forteljinga om Purim, blir lest høgt, og det blir laga mye bråk for å overdøyve navnet til skurken Haman.

 

Islam

<bilde>

Kva er Islam:  Islam er den nest største religionen i verden og i Noreg, og cirka 1,5 % av den norske befolkninga er muslimsk. Dei muslimske trur på ein gud og det Allah og profeten hans er også veldig viktig han heiter Muhammed. Muslimane ber til Allah og Muhammed kvar dag og då går dei i moskeen og tar av seg skorne og set seg på huk og ber. Muslimane meinar at Muhammed er Allahs profet og at Allah er den høgaste, det seier dei når dei ber ”Allahu akabar” som på norsk er ”Allah er den største , eg vitnar at det ikkje er nokon anna gud enn Allah”.

 

Opphav:

Islam oppstod i Midtausten og Allah har levd her på jorda då var han ein stor og mektig mann og han er grunnleggjaren av Islam. Muslimane ser opp til Allah som guden deira.

 

Koranen: Koranen er den Islamske bibelen og muslimane si heilage bok. Den er delt inn i 114 surer (kapitlar) og surene er oppdelt i vers og, Muslimane meiner at det er ein eksakt kopi av ein tekst som Allah har oppe i himmelen.   

 

På dette bilde viser det oransje feltane kor stor del av verden som er islamske:

 

<bilde>

 

Dei fem søylene som helder Islam oppe:

De "fem søylene" helder oppe Islams hus. De inneheld  mest sentrale i religionsutøvinga og er plikter som dei Islamske må utføre, og det er reglar som den Islamske befolkninga ikkje har lov til å bryta:

 

1. Truvedkjenninga (shahada)

Framseiing av trosvekjenninga, som lyder: "Det finnes ingen gud utan Allah, og Muhammed er hans endebod." Det er det første eit muslimsk barn får høyra då det bler født av fordra sine.

 

2. Bønna (salah)

Bønna, som er rituelle bønner fem gonger daglig, vendt mot Mekka. Muslimane må be fem gonger dagleg og då vender dei seg mot den heilage byen mekka. Bønna kan føre gå kor som helst, men heimen og moskeen er sentrum for religionsutøvinga.

 

3. Velferdsskatt (zakah)

Den religiøse skatten, som blir 2,5 % av årets nettooverskot. Dette blir gitt til de fattige, sjuke gamle, eller til gode verksomheitar f.eks moskear.

 

4. Faste (saum)

Fasta, som inneberer totalavhald frå mat, drikke, røyk og seksuelt samkvem frå soloppgang til solned­gang i månaden ramadan. Men dei som er sjuke, gravide, dei gamle og folk på reise og barn treng ikkje og faste

 

5. Pilgirimsferda til mekka (hadsj)

Pilegrimsferd til Mekka, som skal utføres ein gang i livet dersom man har evne til og klare det. Då går mange muslimar opp til den heilage byen mekka for å ta på den heilage svarte steinen som er der og mange folk blir trampa i hel på veia opp til og i Mekka.

 

Hinduismen

Kva er hinduismen: Hinduismen er eigentleg religionen til folket i India. Hinduismen er den eldste verdsreligionen, og 80% av befolkninga i India er Hinduar. Hinduane trur på mange forskjellige gudar, dei viktigaste av dei er Krishna, Vishnu og Shiva. Hindu tyder ”Indar” og kjem frå namnet på elva Indus i India. Hinduar, blei folket som budde ved denne elva kaldt.

 

Opphav: Det er ingen som har stifta hinduismen, det er heller ikkje nokon dato som viser at den blei stifta.

Det seies at for 4000 år sidan i Indus (på vestsida av India), oppstod Hinduismens røter. Det har vore mange funn t.d. m nokon gudar og gudinner, som er laga av stein, og dei er frå ca. 2000 f.Kr. Desse gudane liknar på dei gudane som hinduane tilbed i dag. 

 

Shiva, Vishnu og Brahma:

Disse tre gudane er dei høgaste gudane i Hinduismen.

 

<bilde>

 

Shiva:

Shiva (til høgre) er livet og dødens gud, og han er både snill og stygg på ein gong. Etter at Shiva har øydelagt noko skapar han eit nytt liv og det døyr og blir født igjen. Shiva er han som bestemmer når nokon skal døy. Det er derfor han har nokon knoklar rundt halsen.

 

Vishnu:

Vishnu (i midten) er kjerleikheitsguden og han vernar om jorda vår. Han er ein veldig snill og god gud. Hans oppgåve er å beskytte verden mot vondskap og urett. Han passar på at det er balanse mellom det gode og vonde. Han kan komme til jorda i forskjellige skikkelsar. Ein gong kom han som den gode prins Rama. Han har også komme som guden Krishna og gitt seg ut for å vere menneske.   

 

Brahma:

Brama (til venstre) blir regnet som skaparguden i Hinduismen. Han har skapa verden og menneska, ja alt som finnes.

 

Konene til Vishnu og Shiva:

Gudane Vishnu og Shiva har også kvar sine kjente koner som hinduane tilber. Kona til Vishnu er gudinna Lakshmi. Ho kjem og bring lykke og velstand i det nye året, då hinduane feirar divali. Ho jagar også ut vonde ånder og krefter frå husa deira. Kona til Shiva har fleire namn. Ho blir regna som den guddommelege mor.

 

Kastevesenet:

Hinduane er delt inn i fleire klassar, eller kaster, dei bygg tradisjonelt på dei jobbane dei har. Ein blir fødd inn i ein bestemt kaste, men når du døyr kan du bli atterfødd i ein høgare eller lågare kaste, etter kva din karma er.

 

- Prestekasten – brahmanene er den høgaste kasten.

- Adelsmenn og krigarar

- Bønder, handelsmenn og handtverkarar.

- Arbeidarar og trenere tilhørte lavkasten.

- Pariakasten – kastelause, dei vart sett på som ureine, sto utanfor kastesystemet.

 

Ganges: Ganges er Hinduanes heilage elv som renn gjennom India, og der har Hinduane sin daglege vask og reins. Men Ganges er eigentleg ei veldig skitten elv. Nokon Hinduar sit og ber ved elvebredda, nokre andre vassar, mens andre dukkar seg heilt under.

 

Samsara (sjelevandring):

Hinduane trur at når dei døyr blir sjela til eit nytt menneske, eller til eit dyr (sjelevandring dvs. å bli født på ny) dette kallast ”Samsara”. F.eks. viss hinduane har levd eit godt liv kan dei bli født på ny som eit enda betre menneske igjen. Men viss dei har levd eit dårleg liv, kan dei f.eks bli til ein gris eller eit anna dyr.

 

Kua: I Hinduismen er kua heilag så Hinduane et ikkje kyr, og dei er i mot slakting. På Indias gater kan du av og til få se kyr som går rundt, utan at Hinduane jagar dei vekk. ”Brahim” er ei velsigning av India sine heilage kyr.

 

Buddhismen

 

Kva er Buddhismen:

Buddhismen er den fjerde største religionen i verden etter kristendommen. Det er ein religion som seier at lykke ikkje kjem frå stor luksus eller frå harde prøvelsar.

 

Opphav:

Buddhismen kjem frå Hinduismen, og Buddhas lære er prega av Hinduismen. Buddhismen spreidde seg gjennom mange hundre år til mange store deler av Asia.

 

Siddhartha Gautama:

Den Indiske prinsen Siddhartha Gautama blei kjent som Buddha, og han regnast som religionens stiftar. Siddhartha levde på 500-talet f.Kr. Når Siddharta var ung brøyt han opp frå eit liv i luksus og sette seg ned for å finne ut svaret på tilværelsens grunnproblem, lidinga dens årsak og dens opphør. Dette gjorde han ved å sette seg under eit fikentre. Han starte å meditere, til slutt oppnådde han Nirvana og fekk svar på spørsmåla sine. Etter sitt religiøse gjennombrot ­oppvakninga,  samla Buddha tilhengarar, både legefolk, munkar og litt seinare nonner og fekk formidla instinktet sitt vidare.

 

Buddha (den opplyste):

Buddha blir rekna som eit stort forbilde og ein rettleiar, og han blir ofte omtalt som Buddha den opplyste. Buddhas eigentlege namn er Siddhartha Gautama men då han blei kjent blei han kalla for Buddha. I India står det mange Buddha-statuer rundt omkring, nokon er av stein og andre er av gull.

 

<bilde>

 

Bodhi (oppvakninga):

Bodhi er ein indre følelse kor mennesket forvandles og opplever ein fullkommen og lykksalig udødelig tilstand.

 

Nirvana:

Når du oppnår nirvana slik som Buddha, kjenner du harmoni, fred, glede og lykke. Nirvana er ingen plass eller tilstand. Ein kan oppnå Nirvana, men det kan være vanskelig. Buddhistane kan prøve å meditere for å oppnå Nirvana.

 

Begjær, Hat og Sløving:

Alle følelsar som er negative kjem frå Begjær, Hat og Sløving

 

Dukha (liding):

Dukha er lidingar som Buddhistane kommer til å oppleve i livet sitt, det er alderdom, sykdom, savn og nød.

 

Karma:

Karma får ein som resultat av våre eigne handlingar. Det finnest to forskjellige karmaer den eine er den gode karmaen, den andre er den dårlige karmaen. F.eks. viss du gjer ein god gjerning, får du ein god karma, og viss du gjer ein dårleg gjerning, blir det ein dårleg karma.  

 

Dalai Lama:

Dalai Lama er ein tulku, ein lærar og ein buddhistisk meister. Han skal hjelpe andre menneske og oppnå nirvana. Sjelen hans skal leve evig, når han døyr blir sjela hans atterfødd i kroppen til eit anna gutebarn. Dalai Lama er den mest kjente tulkuen. Dalai Lama er statsoverhode i Tibet, og han har levd i eksil sidan 1959 i India.

 

<bilde>

 

Muhammed teikningane:

<bilde>

 

Opphav:

Muhammed teikningane oppstod i Danmark, fordi den danske avisa ”Jyllands Posten”, fekk 40 karikatur teiknarar til å teikna Muhammed karikaturar. Berre tolv stykkar av Muhammed teikningane av den Muslimske profeten blei trykka. ”Dei danske Karikaturteiknaranes Foreining” heiter dei som teikna teikningane av si eiga fantasi.

 

Eigentleg starta det heile med at den danske forfattaren som heiter Kåre Bluitgen, skulle laga ei barnebok om Koranen (Muslimane si heilage bok) og om Muhammed. Det vart mange som hadde lyst til å teikna portretter av Muhammed, men det var ikkje lov til å teikna Muhammed i religionen Islam.

 

Etter dette starta bråket. Jyllands Posten meinte at alle har rett til å seie det dei meiner, og at dei har lov til  å formidle sine meiningar. Dei meinte også at ytringsfriheten sto i fare. Vebjørn K. Selbekk var direktør i avisa Magazine, han forsvarte publikum, og det gjorde han ved å trykke teikningane med omsyn til ytringsfriheiten. Flemming Rose er kulturredaktøren i ei anna dansk avis som heiter ”JP”, han meinte at alle måtte tåla å bli latterliggjort. Han sa at muslimane hadde ikkje rett til å seie at det var ulovlig det dei haldt på med. Muslimane følte at dei blei undertrykte og religionen deira blei latterliggjort, Danmark var redde for at muslimane skulle gjera vald mot dei, og slik skulle det ikkje vera.

 

Korleis blei reaksjonane?

Muhammed blir rekna som Muslimanes profet og forbilde, viss nokon krenke Muhammed, blir det som å krenke muslimane. Derfor er Muhammed eit følsamt punkt i islam. Islam er samfunnet til muslimane.

Muslimane si livsførsel bygger grunnlaget sitt utifrå islam. Alt samfunnet er bygd på, lover og verdiar, og som menneska lever utifrå, er religionen islam. Samfunnet blir styrt av ein muslimsk leder, som er utvalt og er ein undersått av Allah og Muhammed. Ledaren bestemmer kva som er rett og galt utifrå islam. Derfor blei dei veldig provoserte når nokon kunne krenke deira religiøse ledar.

 

Kva skjedde når teikningane blei trykkja?

Når Muhammed teikningane hadde blitt trykkja i Jyllands Posten vekka det veldig store reaksjonar hos muslimane. Dei trua med å drepa redaksjonen og teiknarane, og dette her fått reaksjonar nasjonalt. Etter at Magazine hadde trykka teikningane blei det eit internasjonalt problem. Nokon muslimske religiøse grupper samla seg saman og dei ville gå til opprør mot dei landa som dei meinte hadde krenka religionen deira.

 

Kva for nokon aviser vart dei trykkja i?

Karikaturteikningane blei trykkja først i to Danske aviser, JP og den kristne avisa Magazine. I Noreg blei teikningane trykkja i to aviser Dagbladet og Aftenposten. Dei blei også trykkja i den tyske avisa Der Spiegel og av den Egyptiske avisa al- Fagr.

 

Konflikten i Midtausten

 

<bilde>

 

Opphav og årsak:

Konflikten i Midtausten har røter langt bakover i tid, heilt tilbake til rundt 2000 f.kr. eller nokre seier for 60 år sia, då staten Israel blei oppretta. Denne konflikten pregar heile samfunnet vårt i dag. I konflikten ser vi at begge motstanderane skulde på kvarandre. I bibelen les vi at Gud lovde Abrahams folk landet Israel. Derfor står jødane på kravet sitt om at landet Israel tilhøyrer dei.

 

Jødane reiste frå Israel til Egypt og var der i 430 år, der blei jødane et stort folk. 10 år før Jesus fødsel kom romarane til Israel. Romarane ville då samla Israel til eit rike, derfor sa dei at alle måtte tilbe keisaren som ein gud. Jødane kunne ikkje tilbe keisaren, for då braut dei, dei 10 boda som Gud hadde gitt Jødane. Jødane gjorde opprør, men tapte slaget og blei drivne på flukt mot Europa.

 

I to tusen år var jødane på flukt. I dei to tusen åra jødane var på flukt, busette arabarar seg i Israel. Religionen Islam oppstod og samla arabarane. Ein kan kanskje gi romarane skylda for konflikten i Midtausten. Fordi dei jaget jødane frå landet dei hadde då. Men landet var også lenge under sterkt arabisk styre. Så ein kan også tru at konflikten mellom Palestina og Israel hadde oppstått uansett.

 

1948 og 1956:

Frå 1948 då Israel blei oppretta, har nabolanda til Israel nekta og godta at Israel blei ein eigen stat. Det har vert skyting og terror langs grensene. I 1956 blei det ein stor krig mellom Israel og Egypt, og Israel okkuperte Sinai halvøya. Egypt nekta å gi seg i krigen så Israel flykta rolig ut ifrå Sinai og dette skjedde i 1957.

 

Seksdagars krigen i 1967:

I 1967 kom det ein krise som følgje av rykte, truslar og mottruslar. Situasjonen blei alvorleg då Nasser forlanga at FNs fredsbevarende styrker som haldt israelerar og egyptarar frå kvarandre langs grensa, fekk beskjed om å trekkje seg ut av område. Seks dagars krigen i Juni 1967 førte til at Israel tok kontrollen over Sinai, Gaza, Vestbredden og Golan. Krigen blei erklært 4. juni og den 5. juni angriper Israel Egypt. Israel blei også angripne av Jordan og Syria. Seks dagar etter dette vann Israel krigen.

 

<bilde>

Israel før Seksdagarskrigen

 

<bilde>

Israel etter Seksdagarskrigen

 

Etter 1967:

Var det mye uro og småkrigar i Midtausten.

 

Camp David-avtalen (fredsavtalen):

Det blei laga ein fredsavtale mellom Israel og Egypt i 1979. Nobels fredspris ble delt ut til Sadat i Egypt og

statsministeren i Israel som heiter Begin.

 

1982:

I 1982 holdar PLO (den Palestinske Frigjøringsorganisasjonen)  til i Libanon, men Israel kastar dei ut ved å angripe Libanon. Så blir Israel pressa av FN og Israel trekkjer seg bort.

 

1987:

I 1987 kom den første Intifadaen (opprørsbevegelsen). Arabiske opptøyar oppstod ved Vestbredda og i Gaza. Folka kasta ting f.eks. steinar og Molotov-coctail. Hovudstaden Beirut ble av Israel bomba kraftig, for dei ville drive ut PLO. August same år måtte PLO evakuere frå Libanon.

 

1993:

I 1993 kom den såkala Oslo-avtalen mellom Israel og PLO i Washington. Den gjekk ut på at Noreg hjelpte til å laga ein rammeavtale, som sa at partane skulle anerkjenne kvarandre, og at palestinarane skulle få opprette sjølvstyre på deler av Vestbredden og Gazastripen i ein periode på 5 år. Arafat, Peres og Rabin fekk Nobels fredpris for sine bidrag til Oslo avtalen. Tildelinga har vore veldig omstridt. I årene etterpå har mye gått galt. Osloavtalen som starta så bra er nå blitt ein fiasko.

 

2000:

I år 2000 kom Camp David-avtalen. Det var ein avtale om fred mellom Israel og Egypt. Den siste delen av avtalen blei nedskriven 26. mars 1979, avtalen blei underteikna av Sadat frå Egypt og Begin frå Israel og president Carter frå USA leda forhandlingane. Mange fordømte avtalen og opprør blei eit resultat. Den andre Intifadaen kom også i 2000. Opprøret utviklet seg til Væpna motstandskamp då Israel satte inn heile sitt militærapparat mot dei ubevæpna demonstrantane.

 

Dagens situasjon:

Yasser Arafat er død, og den nye PLO leder er nå Abu Masen. Israel har laga ein stor mur på grensa for å stoppe sjølvmordsbombinga mellom dei jødiske og palestinske områda. Denne muren blir fordømt av resten av verden. Israel vil bygge to separate veinett på Vestbredden, eitt for jødar og eitt for muslimar. Sjølvmordbombene er fortsett eit stort problem for israelarane.

 

 

Kilder

 

Internett:

www.propaganda.net/skoleside

www.wikipedia.org

www.google.no

www.krlweb.net

www.krlweb.net/religionane/religionane.htm

www.vg.no/nyheter/spesial/midtosten/

www.skolenettet.no/moduler/templates/Module_QA.aspx?id=16654

www.aftenbladet.no

www.bip.no

-> TEMA -> Dei store religionane

 

Aviser:

Stavanger Aftenblad (18.02.2007)

 

<bilde>

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst