Klassisismen og opplysningstida
Klassisismen oppstod i Europa på 1700-talet, og hadde sitt sentrum i Frankrike. Renessansen var førebiletet, og ein var igjen opptatt av antikkens idealer; enkelheit, orden og beherskelse. Samstundes blei barokken rekna som eit sidespor, og noko ein tok sterkt avstand frå.
Også i kunsten vart antikkens tanker gjort gjeldande. Bileta skulle vere realistiske og etterlikne naturen, og naturen til menneska skulle visast. Spesielle og særeigne trekk vart sett ned på, og kvar enkelt person skulle halde lidenskapane sine under kontroll. Datidas forfattare hadde strenge mønster å forhalde seg til, og boka ”Om Diktekunsten” av filosofen Aristoteles blei sett på som fasiten til korleis ein skulle skrive det perfekte skodespel. Det fantest to sjangre, tragedie og komedie, og ein skulle helst ikkje blande dei to.
Opplysningstida var og på 1700-talet, men forskjellen mellom dei to begrepa er at klassisismen omhandla kunst og kultur, medan opplysningstida angjekk filosofane. Igjen finn vi det motsatte av barokkens ideal; i staden for at Gud skulle vere i sentrum skulle ein no finne tryggleik og orden i mennesket. Filosofane meinte at gjennom opplysning skulle verda bli ein betre stad å bu. Alle menneske bar på ein medfødt godheit og fornuft, og denne kunne den enkelte person aktivere når han eller ho fekk kunnskap nok. Videre trudde dei at alle menneske var like, og hadde dei same rettane. Dette var revolusjonerande tankar i 1700-talets samfunn, og endte faktisk opp i den store franske revolusjonen i 1789.
Typiske sjangre for opplysningstida var informerande verk som leksikon og aviser, men også dei skjønnlitterære tekstane vart populære. No hadde forfattarene nemleg forstått at den beste oppdragelsen vart oppnådd hvis ein kombinerte det å belære med det å more folk. Til dette var komediane perfekte.
Vår mest kjende 1700-talsdikter er Ludvig Holberg. Han var både opplysningsmann og klassisist og reknast som grunnleggjaren av det nordiske teateret. Hans mest kjende verk er Jeppe På Bjerget, Erasmus Montanus og romanen Niels Klims Underjordiske Reise.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst