Kosthald og fordøying - den levande kroppen
Fakta om kosthald og fordøying.
Naturfag.
Kroppen fornyar seg heile tida. Han treng energi for å helde seg i gang. Derfor må vi eta og drikka kvar dag.
Vi kan dela alt vi får i oss inn i nokre hovudgrupper:
|
Brennstoff, kroppen sitt drivstoff |
|
Viktigaste byggjestoff
|
|
Viktige for å byggje kroppen og halde i gang alle dei kjemiske reaksjonane
|
Karbohydrat
- Bygd opp av karbon og hydrat.
Hydrat tyder vatn
Består av grunnstoffa karbon (c), hydrogen (H) og oksygen (O)
Døme: sukker og ved frå tre
- Raske karbohydrat er til dømes sjokolade og brus
- Langsame karbohydrat er til dømes grovt brød og mat som inneheld stivelse.
- Dei langsame er mest verdifulle fordi det blir nedbroten saktare.
- Monosakkarid
Inneheld berre enkle einingar
Døme: Glukose (druesukker) og fruktose (fruktsukker)
Finnes i frukt og bær
- Disakkarid
Inneheld to sukkereiningar (monosakkarid)
Døme: Mjølkesukker, maltsukker og røyrsukker (farin)
- Polysakkarid
- langsame karbohydrat
Inneheld svært mange einingar lenkja saman
Døme: Cellulose og stivelse
Feitt
Feitt er bygd opp ved at tre feittsyremolekyl er bundne til eitt molekyl, glyserol.
Tre hovudgrupper feitt:
- Metta feitt
- Einumetta feitt
- Fleirummeta feitt
Vi treng feitt fordi det inneheld mykje energi, det er eit brennstoff i kroppen, lager cellemembranen og for å lage hormon. Nokre vitaminer finn ve berre i feitt.
- Metta feitt blir kjenneteikna ved at det berre er enkeltbindingar i dei feittsyrene som byggjer opp feittmolekylet.
Metta feitt får vi frå dyreriket.
Døme: smør, fløyte, ost, pølse og flesk
For mykje av dette feittet gir auka innhald av kolesterol i blodet. Det kan føre til tette blodårer (åreforkalking). I hjarta gir dette hjarteinfarkt og i hjernen hjerneslag.
For mykje -> kolesterol i blodet -> åreforkalking -> hjarteinfarkt/hjerneslag
- Einumetta feitt har ein dobbeltbinding.
- Er det beste for helsa
- Det motverkar åreforkalking
Døme: olivenolje og rapsolje
- Fleirumetta feitt har to eller tre dobbeltbindingar i feittsyremolekylet.
Døme: feitt fisk (laks, makrell, sill, uer..)
Protein
Det viktegaste byggjematerialert i kroppen.
Vi treng protein fordi det er eit brennstoff i kroppen og gir energi.
Ein type protein blir kalla enzym. Enzym får kjemiske reaksjonar i kroppen til å skje.
Vitamin og mineral
Vi treng det for å unngå mangelsjukdommar.
Vitamin A
|
Fremjar nattsyn og vekst. Gir motstand mot infeksjonar. |
Vitamin D
|
Gjer at kalsium blir soge opp frå tarmane. Viktig for tenner og beinbygnad. |
Vitamin E
|
Viktig for hjarte og blodkrinsløp. Hindrar nedbryting av feittsyrer i cellene. |
Mineral som kalsium fungerer som byggjestoff, medan til dømes natrium er viktig for å regulere det som skjer i kroppen.
NÆRINGSSTOFFA OG FORDØYINGA
Fordøyinga byrjar i munnen, man tygg maten og så dyttar tunga maten bakover til svelget. Så går maten nedover i spiserøyret og ned i magesekken. Deretter blir maten send ned i tolvfingertarmen. Så blir maten pressa ned tynntarmen. Etter det er det berre graut igjen som kjem til tjukktarmen. Avføringa kjem til slutt ned i endetarmen og så ut.
Munnen -> svelget -> spiserøyret -> magesekken -> tolvfingertarmen -> tynntarmen -> tjukktarmen -> endetarmen
- Første delen av fordøyinga går for seg i munnhola. Der tygg vi maten og den blir blanda med spytt, som inneheld enzym (amylase) som bryt ned karbohydrat. Rundt matklumpen kjem det eit tynt lag med slim, som gjer at maten glir lettare.
- Når vi har togge maten dyttar tunga den bakover til svelget. Mange musklar samarbeider om å presse maten nedover.
- Så blir matklumpen pressa nedover i matrøyret.
- No er maten i magesekken. Då kjem ikkje maten opp att pga. ein stengjemuskel nedst i matrøyret. No blir maten til ein graut og blanda med lim og fordøyingsenzym.
- Så kjem maten til tolvfingertarmen, der den blir blanda med væsker som blir produsert i bukspyttkjertelen og levera.
- Maten bruker 3-5 timar på å passere tynntarmen, den er 6-7 meter lang. Her skjer mesteparten av nedbrytinga av maten og nesten all oppsuging av næring. Matklumpane blir pressa nedover, det kallar vi peristaltiske rørsler. Tynntarmen syg opp:
o vatn, salt, gallesalt, vitamin, feittmolekyl, aminosyrer og monosakkarid.
- Den grauten som no kjem til tjukktarmen, der blir all næring soge opp. I tjukktarmen er det store mengder nyttige bakteriar som arbeidar med tarminnhaldet.
- Til slutt blir avføringa lagra i endetarmen til det blir fullt, så kjem den ut.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst