2. verdenskrig og konsentrasjonsleiren Ravensbrück

Om årsakane og opphavet til 2. verdenskrig og fordjupning i Ravensbrück konsentrasjonsleir.

Karakter: 5+

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.02.09

Innleiing

Eg har valt å ha om Ravensbrück og om ei som var fange i Ravensbrück, i tillegg til opphavet og årsakene til krigen. Eg måtte berre droppe å ha om Sachsenhausen, sida eg fant så mykje stoff om Ravensbrück, og sida då hadde det blitt for mange sider synes eg. eg valte å skrive om akkurat dette fordi dette var ein kvinneleir der norske kvinner har våre, og det er interessant å lese om korleis det var å vere fange i denne konsentrasjonsleiren. Eg forstår at det er dårlig å ikkje skrive det eg har sagt eg skal skrive om (Sachsenhausen i tillegg) men da hadde prosjektet blitt for stort, for eg var mest interessert i å lære om kvinneleiren.

 

2. verdenskrig

 

Årsakene:

Det var fleire årsaker til at andre verdskrig starta, ei av de store var vel at Tyskland ikkje var fornøyde med Versailles-freden på noe vis. De syntes det var ille å måtte betale så stor krigsskadebot til Frankrike, men verst av alt var nok det at de måtte ta på seg all skulda for at det var blitt krig. Nå ville Tyskarane ta hemn og revansj i ein ny krig.

 

Ein annen grunn var den nye demokratiske grunnloven i Tyskland, som førte til at den nye tyske republikken vart kalla Weimar-republikken, sidan grunnloven blei underskrive i byen Weimar. Denne republikken blei ikkje godtatt av alle Tyskarane, og mange ville ha tilbake keisardømme. Andre som kommunistpartiet og mange arbeidarar, ville ha revolusjon – som i Russland.

 

Etter første verdskrig var det ein del land som låg i ruiner. Både i Europa og i Amerika var det økonomiske kriser som kunne føre til mye. Det store børskrakket i Amerika 1929 førte til at bare noen år etter dette, fekk det store følgjar for resten av verden. I mange land ble det etter kvert stor arbeidsledighet, stor variabel kurs og skyhøge lån. Det var økonomiske kriser i mange land, så nå trengte folk noe nytt å stole på, alle andre ledarar hadde det mista tilliten til under og etter 1 verdskrig. Som resultat av dette oppsto det to nye idear; Fascismen og Nazismen, som fikk mange tilhengarar i løpet av kort tid ettersom motstanden var liten frå det svake og fattige menneska.

 

Adolf Hitler var frå Austerrike, men meldte seg til teneste i den tyske hæren da 1. verdskrig starta. Tysklands nederlag kom som eit sjokk på Hitler, og han hadde ei klar oppfatning om at det var landsvik frå forræderer som jødar, kommunistar og sosialistar som var årsaka til tapet. Bare eit år etter krigen meldte Hitler seg inn i eit parti kalla ”Det nasjonalistiske tyske arbeidarpartiet”, òg kalla for nazipartiet. Det gjekk ikkje lenge før Hitler var dette partiets leder, og han var flink til å skaffe det lille partiet fleire medlemmer med gode taler og ein evne til å fange menneskjers oppmerksemd. Nazipartiet fikk flest ”tilhenger” på den tida då den store økonomiske verdskrisa nådde Tyskland, dette utnytta Hitler og han blei statsminister i Tyskland. Etter at Hitler fekk tak i denne posisjonen, brukte han terror og arrestasjonar til å avskaffe alle andre parti, og han tok makta. Dette var ein årsak til at krigen starta, fordi nå hadde Hitler makt til å okkupere land som hadde vunne den førre krigen, samtidlig som han kunne prøve å utrydde jødane som var svært mindreverdige etter hans oppfatning. Nazipartiet hadde mange tilhengarar ettersom alle ble lovet ”gull og grøne skogar” av partiet, og ble lovet arbeid, nye veger og hemn på landa som tok frå dei stoltheita.

 

Opptakta til krigen:

Det er ikkje så enkelt å skille mellom årsakene og opptakta til krigen, da begge på ein måte utfyller kvarandre.

 

Francisco Franco var ein diktator som, etter 3 år med borgarkrig, tok makta i Spania ved å styrte landets lovlig valte regjering. Sidan Franco hadde mange av di same ideane som Tyskland og Italia, fekk han støtte av desse landa under borgarkrigen, medan regjeringa fekk støtte frå land som Sovjetunionen og skandinaviske land som Noreg.

 

Hitler byrja å ta over land, som han hadde planlagt. I Austerrike møtte han jubel då tyske soldatar krysset grensa, så dårlige var forholda her.

 

Då Hitler hadde teke Austerrike, var det Sudenten-land i Tsjekkoslovakia som sto for tur. Landet protesterte, dei ville ikkje gje frå seg ein del av landet sitt frivillig, men sidan Frankrike og Storbritannia ville unngå krig og vart einige om at Tsjekkoslovakia skulle gje frå seg den vestlege delen av landet til Tyskland, hadde ikkje det vesle landet kjangs til å stå imot styrkane frå Tyskland. Nå var Hitler godt i gang! Eit halvt år etter avtalen Storbritannia og Frankrike gjorde ( München-avtalen), tok Tyskland resten av Tsjekkoslovakia. Nå forsto dei to landa at det måtte makt til for å stoppe Hitler. Då Hitler kravde at Polen òg skulle gje land til Tyskland, gav Storbritannia og Frankrike klar beskjed om at viss Tyskland gjekk til angrep på Polen, ville dei gå til krig. 1. september vart Polen angrepet, og to dagar seinare erklærte Frankrike og Storbritannia krig mot Tyskland. Det var nå det heile starta for alvor!

 

Ravensbrück

Eg har valt å ha om Ravensbrück. Eg har unnlatt å fortelje om mannsdelen av denne kvinneleiren, for eg ville fokusere på kvinnedelen som var størst.

 

<bilde>

Inngansporten til Ravensbrück

 

Fakta:

Allereie i 1933 diskuterte Hitler og Heinrich Himmler kva dei kunne gjere med kvinnene dei arresterte. Det var fullt opp med menn i di konsentrasjonsleirene som var bygd. Ei midlartidlig løysing var å sende kvinnene som vart arresterte til ein stad som heter Lichtenburg, men det var ikkje lenge før det var overfylt her òg. Hausten 1938 blei 500 fangar beordra til å reise til Furstenberg for å bygge det som skulle bli den første konsentrasjonsleiren for berre kvinner. Leiren var såpass ferdig til at di første fangane kunne flytte inn 2.mai 1939. Kvinnene i Lichtenburg kunne reise. 15 mai 1939 kom di første kvinnelige fangane til Ravensbrück, der di fleste var bibelforskarar.

 

Ravensbrück var ein stor leir med 70 små underleirer , spredt rundt i hele Tyskland. Leiren var omringa av ein 3 meter høg mur, og piggtrådgjerder. I disse leirene blei kvinnene utnytta til å jobbe innanfor krigsproduksjonen. Ravensbrück innehaldt til saman 32 brakker, kor blokkene 6,7,8,9,10 og 11 ble gjort om til sykeblokker etter kort tid. Tilsamen har forskarar funne ut at det har våre 132 000 fangar i denne leiren. Kor 103 var norske kvinner og kor 92 000 av fangane døde p.g. av forholdene i leiren; sult, henrettelse, sjukdom, medisinske forsøk eller av utmattelse. Leiren ligg omtrent 1times kjøring frå Berlin, og 1 times kjøring frå Sachsenhausen. Leiren ligg rett utanfor Furstenburg – i Nord-Tyskland. I leiren var det òg fangeceller og bunkarar som låg under jorda, ofte blei det å bli satt i desse sett på som straff. 

 

Dei overlevende fangane som har seinare fortalt om Ravensbrück beskriver leiren som ”eit helvete på jord”. Her ble kvinnene sultet, mishandla, utnytta og henretta. Alt dei eigte var som oftast ein tynn fangekjole, eit par tresko, ei truse, eit par strømper og ein suppebolle. Dei sov tett i tett i 3 etasjes senger, to og to. altså sov dei minst 6 kvinner i kvar seng, på slutten ofte opptil 4-5 i kvar etasje, 12-15 i kvar seng. Å sove i tredje etasje var som oftast den beste plassen; her var det av og til litt lys, og dei slapp og vere redde for å få lus, lopper eller noko anna ”graps” dryssande på seg medan dei sov – frå dei som sov i overkøya. Det som var minus ved å ligge øverst var det at trekken frå opne vindu var isende kald, og når alt di hadde var eit tynnt teppe til å ha over seg, var ikkje dette særleg bra. Alle sov på stikkende halmmadrasser. Mange døde over natta, og dei som delte seng med dei som døde, måtte ofte bære venner og bekjente til likhaugen.

 

Fangane i Ravensbruck  levde av 1/6 dels brød til dagen , ei tynn suppe og av og til ein liten margarin-terning på søndagane. Dei måtte stå opp kl.4 kvar morgon, då hadde dei 30 min. på seg til å vaske seg, avluse seg, stå i kø for å fåkaffesurrogat, og til å vaske suppebollen sin før di skulle stille til appell kl.hall 5. Morgonsappellen kunne vare i over 3 timer, der alle måtte stå oppreist på rekke i tynne kjolar i mange kuldergrader om vinteren. Mange besvimte under appellen, disse ble bare lagt på gresset utenfor blokka. Arbeidsdagen varte i 12 timer, både for gravide og andre kvinner. Arbeidet kunne bestå av å sy klede til SS-menn eller/og familien hans, uniformer eller liknande. Nokre jobba i verkstede der det blei fiksa maskiner av alle slag, nokre jobba på sykehuset Revier, nokre i industrien, nokre på Siemens fabrikker og andre kunne for eksempel hamne på fabrikker eit stykke frå leiren - til krigsindustrien. Det var mye forskjellig arbeid å gjere, alt var slavearbeid som var svært hardt, siden dei alle hadde eit pensum dei måtte klare. Klarte dei ikkje pensum kunne dei vente seg mange piskeslag, eller straffappell (måtte stå 3 timer lenger om morgonen). Friske kvinner med langt hår kunne få tilbod om å jobbe på bordell, og då skulle dei få sleppe ut av leiren tidlegare blei det sagt. Dei norske kvinnene meinte at dei som meldte seg til bordell, hadde lita verdighet. Etter arbeid måtte alle stå 2 timers kveldsappell.

 

Det første kvinner møtte då dei kom til Ravensbrück, var og bli kledd nakne for då å bli sendt i dusjen for desinfisering og avlusing på ein brutal måte, alle med lus fikk barbert av alt håret dei hadde, før dei blei sendt til lege for sjekk. Alle verdisakene ble tatt frå dei, før dei blei sendt på forskjellige blokker. Under opphaldet i Ravensbrück fekk aldri fangane dusje, og det var ingen bind og oppdrive i leiren, kvinner med menstruasjon måtte la det renne nedover beina, men di fleste mista menstruasjonen i løpet av opphaldet i leiren.

 

Barn i leiren ble ikkje behandla noko særleg annleis enn dei andre i leiren. Dei fekk ikkje meir mat, og dei måtte i arbeid frå dei var 13 år. Nokre kvinner fekk lov til å bere fram barnet sitt, men nesten alle spedbarn døydde i løpet av få dager. Mødrer som nettopp hadde født, måtte i arbeid igjen same dagen, eller dagen etter fødselen, og barn fekk dei ikkje ha med seg på arbeidet. Utan mat, varme og kjærleik døydde dei raskt. Andre gravide blei tvunge til å ta abort, unnsett kor mange månadar vedkommande var på veg. Alle aborter blei utført utan bedøving. Nålevande Ravensbrück fange Inger Guldbrandsen forteljar: ” det sterkaste eg opplevde då eg var i Ravensbrück, var då eg såg ein SS-mann leggje 11 spedbarn i ein vinduskarm, for at dei skulle fryse i hel” det er òg fortalt om SS-folk som kastet levende spedbarn inn i vedovner. Drapsmetodane var mange når det kom til spedbarn.

 

I Ravensbrück ble det i tillegg til denne elendigheita, gjort forsøk på levende mennesker. Nokre forsøk dei fæle SS-legane gjorde var :

  • dei steriliserte alle jødiske jenter og sigøynarjenter heilt ned i 7 års alderen
  • dei kunne skjere opp eit bein frå kneet og ned, ta ut alle senene og musklane i det, stappe inn skitne filler eller glassskår, og sy igjen, for å sjå kor lenge vedkommande levde etter dette. Evnt. Kunne dei tvinge dei til å gå på benet.
  • jødiske kvinner og barn kunne bli flådd levende, då kunne skinnet deira bli brukt til lampeskjermer, vesker og liknande for SS-familier. Særleg dei med tatovering var utsett for dette.
  • Nokre leger kunne bore i hjernen til polakker, sigøynerer eller jøder for å finne ut kor lenge vedkommande hylte før dei døydde.
  • Di kunne teste vaksiner på forsøksobjektet.
  • Di kunne sprøyte infeksjon eller bakterier inn i sår eller huden på mennesker, for å se reaksjonen dei fekk.
  • Alt ble utført utan nokon form for bedøving.

Sommeren 1944 ble det bygd eit gasskammer der dei gamle, svake, unger og andre t.d. jødiske kvinner blei sendt direkte til døden. Frå dette gasskammeret blei bygd til leiren ble frigjort i slutten av april 1945, ble ca.5793 kvinner gassa i hel her.

 

Ein henrettningsmetode i Ravensbrück var ein lang gang der kvinner måtte løpe nakne frem og tilbake medan dei blei beskutt på gjennom små hull i veggene som var på begge sidene av gangen. Blei du ikkje skutt med det sammen, måtte du fortsette å springe til du vart drept.

 

<bilde>

Dødsgangen for mange

 

Leiren var bygd for plass til eit par tusen mennesker, men på det meste var det ca. 50 000 kvinner samla på ein gong i leiren. Det var ein ungdomsleir, innenfor leiren Ravensbrück, men denne ble brukt til å plassere gamle å syke inn i - då plass vart ein stor mangel. I denne leiren var hygienen elendig, arbeidet umenneskelig og dødsprosenten meget høg. På slutten var det slik at skulle man inn på Revier, mått man trå over haugar med lik. Lukta i leiren var ekstrem og sjukdommane utallige.

 

Utanfor Ravensbrück låg det ein nydelig liten innsjø med vannliljer, men den fikk aldri fangene se. Og nå utanfor muren er et gigantisk rosebed, lagt over ei stor massegrav av asken fra krematoriene.

 

Dette var Ravensbrück! 

 

Lise Børsum

Eg har òg valt å fortelje deg om ei norsk kvinne som var fange i Ravensbrück. Eg har lese biografien hennar om korleis hu opplevde opphalde i fangeleiren, og vil gjerne gjenfortelje noko av det eg syntes er viktig å ha med.

 

Lise Børsum var ei norsk kvinne med familie. Hun blei arrestert for å ha hjelpt ein mann som var ettersøkt av Gestapo, til å finne ein plass å skjule seg. Hu vart sendt til Grini då hu laug til tyskarane som forhørte henne, og vart sendt til Grini. Då hu fortsette å lyga, blei hun sendt på transport til Ravensbrück. Før hun kom frem til leiren, var hun noen netter i Hütten fengsel i Tyskland. Hun forteljar om sitt første møte med leiren: di 14 norske på denne transporten, alle desse kom gjennom lusekontrollen, men halvparten av transporten kom ut utan hår. Alle verdisakene sine måtte di gje frå seg, og di måtte stå nakne i fleire timer før legekontrollen, for så å få 2-3 plagg kvar, der undertøyet var grått med blod og materieflekker.

 

Lise hamna på blokk 10, som var ca.40 meter lang og 9 meter bred. Her var det 140 senger, 3 i høyden. Til mat fekk dei ein liten brødstump og 3 dl tynn suppe om kvelden. Dette skulle vare fram til neste kveld, så di kunne ikkje eta alt på ein gang. Dei første dagane var harde. Lite mat, lopper og lus over alt, hardt arbeidd og lite søvn var kva nordmennene møtte dei første dagane deira i Ravensbrück. I konsentrasjonsleirer var det òg eit vinkel- system som skulle vise kva ein fange satt i fangeleir for, og alle hadde eit nummer.

Svart vinkel – prostituert, sigøynar eller homofil.

Grøn vinkel – yrkesforbryter

Rød vinkel – politisk fange

Fiolett vinkel – bibelforsker

Stjerne i sort og gult – jøde eller ”rase-skam”

 

Lise fikk rød vinkel og nummeret 20 807. sidan hu var blant dei nykomne, blei hu brukt til alt slags arbeid, hennar første jobb var å flytte tunge skap i SS-villaer. Etter hun hadde våre i leiren ei stund, fekk hu jobb i tilskjereriet, kor uniformene til SS-menn ble tilskjært.

 

I heile leiren rådde sjukdommar, lopper og lus. Lise var inne på Revier fleire ganger og forteljer om då hu håpte på at hu skulle ha over 39 i feber – å hamne på sjukeblokk. Det virker heilt uverkelig at nokon kan ha det så fælt som Lise og venninnene hennar. I boka forteljar hun om korleis hu såg mange bli slått med lærbelte eller ridepisk, på tynne kroppar fordi di stakkars kvinnene ikkje hadde krefter til å følgje pensum. Straffa var frå 25 til 75 slag, kvinnene ble festet til ein slags benk, og slått helselaus. Lise og mange andre fangar var det som ble kalla for NN-fangar: det var merk for at dei ein gong skulle dø. NN-fangar fekk ikkje rødekorspakker, og var på ei eige blokk.

 

Lise fortel om ungane i leiren: ”dei lekte SS-menn og forskremte fangar på appell, der ”SS-mennene” skubba til og tvang dei som skulle vere fangar, inn i ein kassert kobbar sentrifuge som kom frå vaskeriet. Dette skulle vere gassovnen”. Det at barna lekte leker som dette viste bare kor stort inntrykk leiren hadde på di små. Andre barn Lise såg var to jødebarn; ei jente på 8 og ein gut på 6 år. Mora deira hadde besvimt under appellen, og no var dei redde hu var gått i gassovna. Lise følte med di små, å tilbudde dei mat, men alt dei ville var å få brenne to kalde poteter i omnen, for det skulle vere så godt mot diaré hadde dei høyrt. Ei jul ville fangane i leiren gjøre noe spesielt for barna. Di lagde leker av småtterier di stal frå SS-menn og pakka di fint inn, for så å gje di til barna på julaften. Di hadde også skodespel og sang for barna som koste seg stort.

 

Lise forteller om då når Rødekors kom på inspeksjonsrunde i lerien. Alle blokkene og stuene hadde selvsagt blitt vasket og gjort rene og pene. Alle måtte oppføre seg pent, ellers ville di få smake belte dagen etterpå. ”Rødekors gjekk runden i leiren; i Revier så di operasjonsstuer, tannlegekontor med røntgenapparat og instrumenter. Dei så store bad ,med vannklosettar , vaskar og badekar. Di så kleskammer der fangar hadde ytterklær og undertøy og mykje meir (sjølv så aldri fangane noe kleskammer). Di så bibliotek der vi ” kunne ” låne bøker (disse bøkene var bøker di tok frå oss når vi kom hit) di så kontor kor fangar kunne få hilse på pårørande (her fikk di bare vite dersom noen i familien hadde omkommet) dei så bank der fangar kunne ta ut pengar (alle pengane ble tatt frå dei da di kom til leiren) for så å kjøpe seg noe i kantinen. Di så bare at fangar hadde det bra, og at dette var ein mønsterleir etter alle regler” alt Rødekors så , var positivt, alt fangane opplevde, var negativt.

 

Det kom stadig nye fangar til Ravensbrück. Frå øst , polen kom det mange fangar, og seinare jødinner frå Ungarn. Ettersom blokkene var overfylt allereie før desse kom, ble det satt opp eit telt utanfor blokkene, her stua di alle menneska inni. I teltet låg det mange menneskjer, sengene var halm på golvet og her var det ikkje toalett eller nokonting. I teltet døydde mennesker som fluer. Så blei røyranlegget øydelagt. No måtte alle kvinnene i leiren bruke frilufta som toalett, slik så det også ut ,beskriver Lise. Folk gjekk på ”toalett” på grasplenane rundt blokka, og ellers overalt der di fant ein ledig plass. Stanken var uuthaldelig. I Revier døydde kvinner før dei fekk kjangsen til å bli undersøkt. Skulle du i Revier måtte du skreve over lange rekker med lik. Lik låg også i store haugar inne i vaskerommet, og utanfor. Fleire og fleire hamna på transport til andre leirer som Mauthausen eller i gasskammer.

 

7.april var det slutt på helvete. Denne dagen blei dei norske fangane ropt opp, dei skulle sleppe fri – ut! Alle dei som skulle bli henta ut av leiren, blei sendt til badet for dusj. Det var nå 2 år sidan sist dusj for mange. Etter dusjen blei dei sendt utanfor der kvite Rødekorsbilar sto å venta, på dei sto det ”sweden”. Jentene vart overlykkelige, dei skulle slippe fri!

 

<bilde>

 

<bilde>

 

<bilde>

<bilde>

 

<bilde>

 

Bildene ovenfor er av den svenske rødekors bussen som reddet fangar ut av Ravensbrück og av krematoriet i leiren. Bildet under er av fangekjolen fangane hadde og det andre av eit minnesmerke utanfor Ravensbrück. Det siste er av den forferdelige Adolf Hitler.

 

Oppsummeringsliste/avslutning

 

Kjeldebruk:

Boka ”fange i Ravensbrück” av Lise Børsum

Boka ”kvinneleiren”            av Kristian Ottesen

Leksikon

 

Internettsidene:

http://www.google.no

http://www.daria.no/skole/?tekst=3347

http://www.daria.no/skole/index.php?tekst=4529

http://folk.uio.no/aesculap/arkiv/2001nr2/djevelens_leger.htm

http://www.aktive-fredsreiser.no/biblioteket/1940_45/kz_leirer/ravensbruck.htm

 

Dette var eit interessant emne å jobbe med. Eg fant ut mykje eg ikkje visste i frå før av, òg om Sachsenhausen (har lest mykje om denne leiren, sjølv om eg ikkje skreiv om han, for eg hadde jo tenkt å skrive om den). Eg leste boka ”fange i Ravensbrück” som var på ca.170 sider, for å kunne fortelje om Lise Børsum. Eg har òg lest ca.halve boka ”kvinneleiren” som var på over 300 sider….mesteparten av stoffet eg har brukt kjem frå bøker, men noko kjem frå Internett. Eg har lært masse!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst