Bilens historie

Inneholder begynnelsen av bilens historie.
Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.05.22
Tema
Bil

Bilens oppfinnarar regnes å vere tyskarane Gottlieb Daimler (1834 – 1900), Karl Benz (1844 – 1929) og Willhelm Maybach (1846 – 1929).

 

Heilt uavhengige av kvarandre, og uten kjennskap til kvarandre, utprøvde Gottlieb Daimler og Karl Benz sine fyrste bensinmotorar, for å få dei brukbare til å drive eit kjøretøy framover.

 

<bilde>

 

Daimler plasserte sin motor på ein sykkel, mens Benz plasserte sin i ei vogn. Dette skjedde det same året, i 1886.

 

Daimler har æren for å ha skapt verdens fyrste forbrenningsmotor. I 1885 ble den plassert på ein sykkel, mens den ble montert på en 4-hjuls hestevogn året etter. Det er året som er rekna for bilens fødsel. 

 

Heilt uavhengig av disse hendingane lagde Benz eit spesielt tre-hjuls kjøretøy. Han fikk patent på dette 29. januar 1886, dagen som blir rekna som bilens fødselsdag. Til tross for Daimlers hestevogn med motor, reknast Benz som bilens oppfinnar. Han skapte det fyrste kjøretøyet som kunne gå for eigen motor, og nyttast til transport.

 

Benz produserte tre-hjuls kjøretøy fram til 1893. Da gjekk han over til firehjuls kjøretøy, og han ble den største produsenten før hundreårsskiftet. Daimler kom ikkje i gang med produksjon før på midten av 1890- tallet, men han blei etterkvart ein viktig bilprodusent.

 

<bilde>

 

Den fyrste bilen som kom til Noreg var ein spesialutgåve av ”Benz Victoria” frå 1895, som heit ”Benz Phaeton”. Den skulle nyttast til persontransport i Gudbrandsdalen.

 

Gottlieb Daimler var ein forretningsmann som gjennom fleire år før 1886 hadde tent gode pengar. Han var ikkje redd for å investere dei. Mannen som etter kvart blei hans sjefskonstruktør, Willhelm Maybach, kom i frå firmaet ”Deutz”. 14. mars 1890 blei firmaet ”Daimler- Motoren- Gesellshaft” stifta. Men etter ein del problemar selde Daimler lisensrettigheitane til eit britisk firma, som fekk namnet ”Daimler”. Utviklinga av bilar fortsette, og i 1894 kom rekkemotoren , i staden for to- sylindrade som var fabrikkert fram til da.

 

Ved hundreårsskiftet fekk Daimler- fabrikken eit oppdrag på heile 36 bilar av en mann i Nice, Emil Jellinek. Dei skulle vere ein fullstendig nykonstruksjon. Willhelm Mayback konstruerte da ein bil som var lågare og meir moderne enn alle dei andre på den tida. Den fekk motoren plassert frampå bilen i lag med panseret og radiatoren. Jellinek fekk godteke at den nye biltypen som blei levert skulle heite ”Mercedes”- etter hans første jente. 

 

Mercedesane blei straks mykje ettertrakta blant rikfolk. Dette førte til at Daimler- fabrikken innførte ”Mercedes” som namn på alle sine bilar. Fabrikken fekk da rykte for å produsere bilar av ekstra høg klasse.

 

Benz gjekk også over til og produsere finare og betre bilar, og racerbilar, men det var ”Mercedes” som fekk den store suksessen.

 

<bilde>

 

I tida etter fyrste verdskrig var det vanskeleg for den tyske bilindustrien. Det førte til at fabrikkane ”Benz” og ”Daimler” blei slått saman til ”Daimler-Benz AG”. Fabrikken heiter det den dag i dag, men bilane heiter ”Mercedes- Benz”

I 1909 ble Mercedes-stjerna innført som symbol.

 

I dag er ”Mercedes” eit statusmerke innan personbilar.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst