Foo Fighters
Dave Grohl begynte å spele gitar og skrive songar rundt 13- 14 års alderen, og han spelte også sammen med forskjellige ”hardcore” punk band
På slutten av 80- talet begynte han som trommis med Washington bandet Scream. På Scream sitt siste album spelte han inn nokon eigne låtar. Etter Scream's sommar turne i 1990 slutta han seg til Nirvana og flytta til Seattle.
Etter at Nirvana spelte inn Nevermind reiste Dave tilbake til Washington og spelte inn nokon av sine eigne songar på ein kassett, som blei gitt ut av Simple Machines.
I nesten heile 1992 var Nirvana på turne, men når dei ikkje var det spelte han inn nokre solo songar sammen med Barrett Jones som hadde eit eige studio.
Dei to spelte inn songar heilt til tidleg i 1993, for då skulle han spele inn songar med Nirvana, til plata In Utero. Grohl hadde planar om å sleppe ut ein kassett i 1993, men det blei ikkje noko av.
Etter at Kurt Cobain (frontfiguren i Nirvana) tok livet sitt i april 94 spelte han ikkje inn noko før utpå hausten. Han bestilte tid i eit profesjonelt studio, og spelte inn Foo Fighters debut album på ei veke. Han spelte inn 15 songar og spelte alle instrumenta sjølv. Han laga 100 kopiar av albumet og ga den til vennar og familie og Cd selskap.
Etter ei lita stund blei Dave Grohls solo prosjekt veldig attraktivt, og alle dei store selskapa ville kjøpe rettighetane til musikken hans.
I staden for å satse på ei solo karriere bestemte Dave seg for å danne eit band. Gjennom kona blei han kjent med Nate Mendel, bassisten til bandet Sunny Day Real Estate. Rett før dei møtte kvarandre hadde leiaren i S.D.R.E blitt kristen og slutta i bandet, noko som gjorde at bandet gjekk i oppløysning. Ikkje berre Mendel blei med i bandet, men også S.D.R.E’s trommis, William Goldsmith, og Nirvana sin gitarist, Pat Smear. Bandet som dei kalla Foo Fighters, etter ei hemmeleg gruppe som forska på ufoar under andre verdskrig, signerte ei kontrakt med Capitol Records. Bandet sitt debut album, Foo Fighters, som inneheldt dei samme songane som den Dave spelte inn åleine, blei sleppt ut på marknaden 4. juli 1995. Det blei ein stor suksess i Amerika, og selde til platina i USA ”This is a call” vart den store hitten.
I nesten heile 1996 spelte dei konsertar over heile verda.
På slutten av 96 begynte dei å spele inn eit nytt album med produceren Gil Norton. William Goldsmith (trommisen) spelte inn 2 songar ( See you og Up in arms) før han slutta. Dette gjorde at Dave Grohl måtte spele trommer på resten av albumet. Rett før dei slapp ut albumet fekk dei ein ny trommis, Taylor Hawkins, som tidlegare hadde spelt saman med Alanis Morisette. The Colour and the Shape, Foo Fighters sitt andre album, og det første dei spelte inn som band blei sleppt ut i mai 1997. Hitane på dette albumet er Wind up, My hero, Everlong, My hero og Walking after you.
Dei fekk prisen beste nye band i 1996 og MTV sin video pris for beste video.
"There is nothing left to lose" vart laga i Grohl sitt hus i Virgina. Dei var uten mange typiske ting som platinum seljande band har. Dei hadde ikkje eit plate selskap, det var ikkje noko tidsskjema, og det var ikkje noko press. Dave Grohl hadde laga eit lite studio i leilegheita si før han inviterte Nate og Taylor til å bu med han og co- producer Adam Kasper.
Songane vart skreve og spelte inn i leilegheita hans . Dei spelte inn songane når dei følte for det.
Dei forandra ikkje så mykje på liva sine sjølv om dei var kjendisar. Nate trente kvar dag og åt mykje sunnare enn dei to andre. Taylor høyrde fortsatt på Queen platene sine dei få gongane han klarte å overtale Dave til å ta ut Lynyrd Skynyrd Cd en ut av cd spelaren.
Alle fokuserte på å lage ei best mogleg plate, men dei blei aldri så seriøse at dei ikkje hadde tid til å spele litt basketball. Songane vart tatt opp mange gongar, og til og med sletta viss dei ikkje var i rett humør.
Den første singelen, "Learning to fly", re-introduserte dei for fansen som hadde venta heilt sida 1997.
Adam Kasper gjorde sånn at songane fekk ”puste.” Dette er "Gimme Stitches" eit bevis på.
Den første songen på albumet, Stacked Actors, er små ertande mot rockesjangeren heavy metal.
itane på denne plata er ”Learning to fly,” ”Breakout,” ”Stacked actor” og ”Next year.”
Foo Fighters er som Nirvana eit band som spelar rock med nydelege melodiar og fine tekstar. Dave Grohl er ein artist som ikkje har noko imot å skrike på cd-en, noko ”Stacked actors” er eit godt bevis på… Foo Fighters er eit bevis på at ein kan lage veldig bra musikk uten å ha ein DJ som skal mikse heile tida…
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst