Kristendommen

Om ulike sider ved kristendommen.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.03.14

Om Kristendommen

Kristendommen er den andre av dei tre store verdsreligionane. Me kallar han ein verdsreligion både fordi me finn han i alle verdsdelar, og fordi menneske av alle slag kan slutte seg til han. Kristendommen eg den største religionen og blir stadig større. Latin-America og nokre land i Africa er dei plassane kristendommen veks raskast. Kristendommen har vore den viktigaste religionen i over 1000 år. Det store fleirtalet i Norge reknar ein som kristne eller knytte til kristendommen.

 

Dei Heilage Skriftene

Bibelen er navnet på den heilage boka til kristendommen. Dei fleste kristne reknar bibelen som Guds ord til menneska. I bibelen er det to hovuddelar, Det gamle testamentet, og Det nye testamentet. Det som står i det gamle testamentet er skreve før kristus og er ei openbaring av Guds ord, det som står i det nye testamentet er skreve etter kristus og er den endelige openbaringa, som er Jesus Kristus. Kristendommen lærer at etter Jesus, kjem det ikkje noko ny openbaring. Derfor er det gamle testamentet ein del av Guds frelseshistorie for menneska som når sitt høgdepunkt med Jesus Kristus. Med å vinne over døden har Jesus forsona menneska og Gud ein gong for alle.

 

Konfirmasjon

Kristendommen har ei eiga sermoni som heiter konfirmasjon. Ein ungdom konfirmerer seg i 15-16 års alderen. I tidligare tider var det denne sermonien som markerte overgangen frå barn til vaksen. Konfirmasjonen har ikkje alltid vart knytta til det å bli vaksen. I dei første hundreåra var konfirmasjonen ein del av dåpen. Konfirmasjonen i den norske kyrkja har endra seg mykje dei siste hundre åra. Tidligare måtte konfirmantane lera delar av grunnlaget for kristendommen utanåt.

 

I dag er konfirmasjonen annleis. Kyrkja er like oppteken av konfirmasjonstida som konfirmasjonsdagen. Konfirmantane skal frammleis lera grunnlaget for kristendommen og ver med på eit visst antal gudstenester. Sjølve konfirmasjonen er lagd til ei eiga gudsteneste. Under konfirmasjonen kneler konfirmantane ved alterringen mens presten held handa på hovudet hans\hennar og ber ei bøn. Etter gudstenesten er det vanlig at familie og eventuelt venner samlar seg og held eit selskap, der får konfirmanten gåvar og held kanskje ein takketale til familien og vennar. Konfirmasjonen går føre seg på same måte anten du er gut eller jente.

 

Synet på Gud

Kristendommen lærer at me mennesker ikkje fullt kan fatte guds vesen. Men me trur alikavel at ein kan seie litt om korleis han er med å sjå litt på verda. Det gode og vakre, kunnskapen og visdom, later og glede er noko Gud har skapt. Gud har openberra seg i bibelen, og her blir han presentert som ein personlig gud som menneska kan snakka direkte til gjennom bøn og tilbeding. Gud har skapt alt og er evig og allmektig. Han har ei plan med verda, menneskeætta og kvart enkelt menneske. Gud er rettferdig og trufast.

 

Reint og Ureint

Kristendommen har ingen regler for dette, men de forskjellige kirkesamfunnene har forskjellige regler og tradisjoner som skal leves etter.

 

Ekteskapet

Ekteskapet blir sett på som ein sentral og viktig handling. Sjølve ekteskapet i kristendommen kom på 1000-tallet. Før var det lov og gifte seg sivilt men kyrkja kom med nye lovar som sa at ekteskapet skulle ta plass i kirken, med unntak fra jødedommen og islam. Men på slutten av 1700-tallet blei det opphevet nok ein gong og det blei lov til å gifta seg sivilt igjen. Det er ulike skikker fra land til land når det gjelder ekteskap ekteskap.

 

Englar i Kristendommen

Englar er ein stor del av kristendommen. Det er 300 forteljingar om korleis englane verkar i forhold til menneske og Gud i bibelen. Kristne trur at englane er Guds bodberarar, at dei er ein del av han skaperverk. Det står om englane i både det nye og det gamle testamentet.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst