Kva er rasisme?

Ein kort artikkel om kva rasime er.
Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.02.04
Tema
Rasisme

Noreg i dag har vorte meir og meir fleirkulturelt.
Når eit samfunn er fleirkulturelt, er det folk frå mange stader og med ulik religion og bakgrunn som bur og lever saman i eit samfunn. Då det blir slik, er det lett for at det oppstår konfliktar. Som oftast mellom personar som ikkje er så like.
Eit døme står det i leksikonet er rasisme når nokon har ei haldning eller eit politisk syn som deler inn eller rangerer folkegrupper etter kjenneteikn som er sett på som å vere medfødde raseeigenskaper.

Ein treng ikkje å lete lenge for å finne folk med ulike religionar og hudfarge. I sitt eige klasserom, på arbeidsplassen eller rett utafor si eiga dør i sitt eige nabolag har det bygd seg opp mange ulike samfunn.


Innvandrarare kan komme frå mange forskjellige land. Både europeiske land, som ikkje er så forskjellige frå Noreg når det gjeld kulturar og religionar. Og land der kulturen er vidt forskjellig frå Noreg og nordmenn sin kultur. Med dei sistnemnde kan det lettare oppstå kulturkrasj, enn mellom nordmenn, og innvandrare som til dømes er svenske. Årsaka til dette, kan være at du ikkje ser skilnad på innvandrare frå land der folk har lik hudfarge som nordmenn. Men på ein frå Pakistan, kan ein lett sjå skilnaden. Folk derifrå er som oftast mørkare i huden og i håret enn dei fleste frå Noreg.
Religionen i Pakistan er og veldig ulik den norske, dei har også andre levereglar, og ting dei ser på som viktige.

I avisene er det ofte ein kan lese om gjengar med medlemmar med utanlandsk opphav, som har gjort noko gale. Dette er ikkje bra. Då er det lettare for oss som les avisene og tru at dei norske ikkje driv med brotsverk. Dette er ein av dei mange grunnane til at rasisme oppstår. Folk får feil oppfatning, og får lett for å skjære alle over ein og samme kam. Det norske folk har rett og slett for lite kjennskap til andre religionar og kulturar. Dette burde det ha blitt gjort noko med.

I Noreg har det oppstått ein del forskjellige grupper, som ikkje synast noko om at det kjem folk frå andre land til vårt land. Disse gruppene kan virke truande på samfunnet, men det er ikkje så mye å få gjort noko med når dei ikkje blir tatt for brotsverk. Noreg er jo trossalt eit fritt land, der alle kan syns kva dei vil sjølve, og stå på sine eigne meiningar.

I lang tid har rasisme vore ein del av samfunnet. Då Hitler kom til makten i Tyskland på 1930-tallet fikk rasismen stor framgang. Men allereie ein god stund før dette hadde det vore store aningar av rasisme i samfunnet. På 1800-tallet var det mange store samfunnsforskarar som meinte at raseforskjellar var viktig for å forstå menneskeleg åtferd. Og seinare vart dei rasistiske teoriane i forskinga fortrengt av sosiale og kulturelle forklaringar. Når slaveriet i USA tok slut i 1865, blei raseskiljet framleis opprettheldt. I nazistanes Tyskland var sjølve staten rasistisk, i dag er Sør-Afrika det.
I seinare tid har rasisme vore fordømt av dei fleste land i verda. FN har og haldt stor avstand frå rasismen.

Gjennom tidene har rasisme vore uttrykt på forskjellig vis. Hakekorset var eit tekn som blei brukt i Tyskland under Hitler for å vise sitt hat til alle dei som ikkje var av arisk rase. Ku - klux - klan var ein veldig rasistisk og nazistisk gruppe, som i lang tid har kjempa mot dei mørkhuda i verda.

I sum er dette eit stort problem, og det kan sjå ut til at det framleis veks til og blir eit større og større problem for samfunnet. I dag er dette problemet også blitt større i Noreg.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst