Maya-indianarane

Oppgave om Maya-indianerne fra Mellom-Amerika.
Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.03.16

Historie i stordomstida:

Mellom år 250 og 900 skapte mayaene eit mektig rike i Mellom-Amerika, dei bygde svære tempel og pyramidar av stein, den eine pyramiden er faktisk større enn Keops pyramiden i Egypt, den største pyramiden til mayaene heiter kukulcans pyramide og han ligg i byen Chichén-Itza, og han har like mange trappetrinn som året har dagar, og på toppen av pyramiden ligg det eit tempel der mayaene dyrka ein fjørkledd slangegud.

 

”Dverganes pyramide” er den einaste pyramiden i verda som er oval, den var ein gong senteret i bysamfunnet som låg i Uxmal. Solobservatoriet i Chichén-Itza på Yucatán er ein av mayaenes merkeligaste bygningar, der gjorde mayaene sine astronomiske berekningar og observasjonar som var langt meir nøyaktige enn di som blei gjort samstundes i Europa. Det aller første møtet mellom kvite menn og mayaene fant stad utanfor Honduras og Yucatáns kystar. Men først mange år seinare i 1517 gjekk dei kvite menn i land på Yucatán.

 

Det var i mayaindianaranes rike at bøndene for første gong begynte å dyrke kakaotreet. Av kakaobønnene laga dei ein drikk som dei kalla chocolatl. De rista bønnene i leirkrukker og knuste dei mellom steinar for så å blande det heile med vatn og litt krydder. Dei trudde kakao hadde helbredande eigenskapar og brukte han som medisin. Kakaobønner ble også brukt i samband med forskjellige seremoniar. Kakaobønnene var ettertrakta, haldbare og lette å frakte med seg, og dei ble i stor utstrekning brukt som betalingsmiddel. For ti kakaobønner kunde ein kjøpe ei kanin, og skulde ein kjøpe ein slave eller ei kone måtte ein betala 100 kakaobønner. Når handelsmennene i Mayariket drog ut på sine reiser, var kakaobønnene derfor ein viktig del av lasten. Nokon handelsmenn drog så langt som til Mexico og selde kakao til Aztekar-indianarane. På den måten blei kunnskapen om kakao spreidd til dette folkeslaget.

 

Omkring år 900 ble Maya-byane plutseleg og uforklarleg forletne utan spor etter erobrarane. Dei mektige byane blei liggjande øyde, og på kort tid grodde jungelen over. Mange av dei fine tempela blei gøymde heilt til dei blei oppdaga for ca 150 år sidan. Guatemala var det naturlege sentrum for Maya sivilisasjonen - ein av dei mest avanserte eldre sivilisasjonar som har eksistert i Latin-Amerika. Mange av dei historiske stadane er vorte gravd ut og forska på av arkeologer verden over. På grunn av sin størrelse og sentrale beliggenheit hadde for eksempel Tikal en ledande og religiøs funksjon for Mayaene. Området breidde seg over seks kvadratkilometer, og det er per i dag gravd fram 3000 bygningar bestående av tempel, pyramidar og monument. kva som til slutt skjedde med Tikal og dei 55 000 innbyggjarane er fortsatt ubesvart, antakeleg er det ein samansetning av ulike faktorar som naturkatastrofer, klimaendringer og jordskjelv.

 

Levestad/levekår:

Mayafolket budde i eit område i Sentral-Amerika som ligg nord for Ekvator og sør for det som i dag er Mexico. Det omfatta Yucatán-halvøya, Chiapas og Stillehavskysten til Guatemala (hovudstaden heiter Guatemala city) . I Mexico bur dei fortsatt i hus som er heilt identiske med dei som dei budde i når erobrarane kom. Taket er av halm, golvet er som oftast av jord og familiane bur stort sett saman på eit rom. Språket til mayaene er Spansk, eller tradisjonell maya.

 

Beliggenheit og klima
Republikken Guatemala ligg i Mellom-Amerika og grensar til Mexico i nordvest, Belize i nordaust, det Karibiske hav og Honduras i aust, El Salvador i søraust, og Stillehavet i sør. Klimaet i landets lågareliggjande delar er tropisk, medan i høgden er gjennomsnittstemperaturen lågare. Regntida varer frå mai til oktober. Den høgste toppen Volcán Tajumulco ligg på 4220 meter i vest. Dei forskjellige grensene til denne fjellkjeda heiter Altos Cuchumatanes, Sierra de Santa Cruz og Sierra de las Minas. Viddene er varme og tørre. Dei står sterkt i kontrast til det grøne fruktbare landskapet i dei lågareliggjande dalar og elvedaler. På grunn av uhemma nedhogging av skog og utvidelse av landbruksarealet, er store delar av urskogen forsvunne.

 

Religion:

Omtrent 90 % av befolkningen er katolikkar.Det er også nokon protestantar og tradisjonelle mayaer.Menneska er generelt svært religiøse, og dei lokale Kongelege er høgt ansett for store delar av befolkningen, spesielt utanfor byane, har katolismen fått ein litt spesiell karakter, dette fordi at ein har blanda sine eigne gudar og ånder inn i trua.

 

Maya-indianarane i dag:

Meir enn 60 % av befolkningen bur på landet. Som småbønder eller plantasjearbeidararar er ein avhengige av inntektene frå landbruk eller fedrift. Eksporten består hovedsakeleg av kaffi, bomull, sukker, bananer og kjøt. Kun 20 % av landjorda i Guatemala egnar seg for dyrking. Inntektene frå den internasjonale turismen er viktig for Guatemalas økonomi. Vidare er det også noko bergverksdrift. På den andre sida står importen av industriprodukt (maskiner og transportmiddel), kjemiske produkt, råolje og ernæringsmiddel. Den veksande befolkningen har for få muligheiter til å kunne overleve på landet, og mange dreg derfor til byane på jakt etter arbeid. Byane veks hurtig fordi det oppstår nye slumområde i utkantane.

 

Infeksjonssjukdommar som tuberkulose, malaria, meslingar og kikhoste er også i Guatemala skuld i mange sjukdomsutbrot og dødsfall.

 

I følgje offisiell statistikk har meir enn halvparten av befolkningen over sju år, aldri fått sjansen til å gå på skule. Omtrent halvparten av elevane avsluttar grunnskulen før tiden. Det er store forskjellar mellom situasjonen i byane og på landet, og mellom indianarane og dei øvrige folkegruppene. Born i skulepliktig alder kan ofte ikkje gå på skulen fordi det ikkje er noko skulebygg i landsbyen, eller fordi det ikkje er lærarar, eller rett og slett fordi foreldra ikkje har råd til å ha borna i skulen.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst