Menneskeverd?

En tekst om konflikter og menneskeverd.
Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.11.17

Min definisjon på menneskeverd lyder slik:

 

Menneskeverd er eit vidt omgrep, og kan ikkje forklarast på nokre få linjer, men kva er eigentlig menneskeverd? På skulen blir det sagt "du skal være med andre slik som du sjølv vil bli behandla", kanskje lærarane prøver å lære elevane at man skal respektera andre akkurat som dei er, å håpar dei skal ta det med seg vidare i livet. De fleste heimar prøver nok å formidla det same til barna sine, kanskje med litt meir fokus på at dei skal respektera seg sjølv og. Det er så mykje enklare på skulen, og i den trygge heimesituasjonen- vaktar som er der i friminutta, og foreldre som er der heile tida men ut i den store verda, derimot, kven skal passa på deg då?

 

Spørsmålet er korleis du kan forklare menneskeverd med ord, kva kvart menneske er verdt for deg, må man bestemma sjølv, og kan derfor ikkje forventa og bli behandla noko annleis tilbake. Alle har forskjellige meiningar om andre menneske, kvite er betre enn svarte, friske er betre enn sjuke, men er dette korrekt? Slik vil vel ingen klassifiserast.. Eg kjem fram til at eit menneskets verdi er bestemt utifrå handlingane til det enkelte mennesket.

 

”Menneskeverd er den iboende verdien et menneske har, altså at verdien er i mennesket selv, ikke hva mennesket gjør eller hvem det er”

(denne definisjonen fant eg i ein blogg på internett, å synes at det var ein ganske god forklaring på menneskeverd)

 

Etter mi meining er det svært vanskelig å finne den korrekte definisjonen på menneskeverd, siden det er ganske mange forskjellige, men gode forklaringar.

 

Ein ting eg ikkje er heilt enigg i, er ei sitat frå Hanne Sophie Greve ”menneskerettighetene krenkes hver dag i de fleste europeiske land”

 

I Europa? Kva med resten av verden? Eg oppfattar det som om ho utelukkar resten av menneskeheten. Kanskje den ikkje var heilt gjennomtenkt. Det blir litt feil når ho skriv "i de fleste", når ho jobbar med dette kvar dag, burde ho vite at dette skjer i kvart land i heile verden kvar dag.

 

Eg fant derimot noko eg likte litt betre, og i grunnen er einig i ”et samfunn som støter ut enkelte grupper, kan ende opp med å ikkje ha plass til noen” Når samfunnet gjer det av og til i lengda er det ikkje fleire grupper igjen i samfunnet då, sannsynlegvis har dei danna seg eit eiget samfunn utanfor det originale samfunnet, som lett kan føra til borgarkrigar og konfliktar.

 

Del 2 kjem til å innehalda situasjonar der eg suns menneskerettighetane ikkje blir godt nok ivaretatt, sjølvsagt er det mange fleire, men eg har velt dei eg synes er viktigast som også vil innehalda mange deloverskrifter.

 

Det fell naturleg å begynna med religion som har vore eit mykje omtalt tema sida september 2001, som og inneheld mange diskusjonar og forskjellige meiningar. Ein smule barnslig er det og, kvar religion har ein slags teori om at min gud er best og det har blitt store konfliktar om akkurat dette. Kvifor ikkje berre væra fornøgd at du har ein Gud i det heile tatt? Og leva lykkeleg med den, i staden for å bruka livet sitt til å bomba verden i håp om at alle skal verva seg til din religion? Det spørsmålet eg nett stilte er i seg sjølv eit brudd på menneskerettane –Alle skal jo kunna leva fritt uansett religion.

 

I verda er det fem hovudreligionar: Kristendommen, Islam, Buddhisme, Hinduisme og Jødedom. Alle har forskjellige levemåtar, alle har forskjellige teoriar og verdiar. Legg merke til forskjellige, kanskje det er grunnen til alle desse heftige diskusjonane og konfliktane, at folk frå kvar religion meiner at dei har rett, å gjer kva som helst for å overbevisa andre om det?

 

Du har fullstendig lov til å ha eigene meiningar, og påverka andre med dei, men når du begynnar å tvinga dei på folk er det eit automatisk brot på menneskerettighetane – Alle skal få ha sine eigene meiningar. Eg spekulerte litt på dette med meiningar og teoriar, er det verkelig eigne meiningar? Mitt synspunkt på saken er at dei prøver å oppnå respekt, eller status ved å bombe verden eller ta sjølvmord, og ja eg snakkar om religionen Islam. Det er vel sidan 11 september 2001, diskusjonane og spekulasjonane har framstått rundt akkurat denne religionen.

 

 

Ein mann ved namn Osama Bin Laden sendte 11 september 2001 to fly rett inn i twin towers. Hans motiv var, og vil alltid vera, å prøva å slå ut alle funksjonar i det amerikanske samfunnet - han har ein filosofi om at dersom ein skal muslimisera verden, så må amerikanarar og israelarar bort aller først. Alle som brukar vold for å få fram synspunkta sine, kan ikkje ha tenkt på konsekvensane for det. Personleg hadde eg i alle fall aldri overgidd meg til nokon som brukte vold for å få meg til å verva meg til sin egen religion.

 

Innan religion kjem også dette å verdsetja menneskjer uansett rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opphav, eigedom, fødsel eller anna forhold. Innan alle hellige skrifter(biblar) i kvar religion, blei mannen skapt først. Kvinna blei berre skapt etterpå som eit hjelpemiddel for mannen til å reprodusera. Den dag i dag er det mange som sit igjen med den teorien, og ”brukar” den dagleg.

 

Hijab er eit plagg som muslimske kvinner brukar, sjølvsagt er det mange kvinner som frivillig kler seg i den, men kva med dei som gjer det ufrivillig? Motivet er at menna er redd for at kvinnene skal vekkja begjær hos andre menn ved å blotta seg.

 

I Afghanistan er vel den plassen der kvinnene har langt meir begrensa rettighetar og fridom i forhold til menn. Den Islamsk dominerte verden er stat og religion slått såpass i saman, at muslimar har lovane sine etter bibelen, og dei lev rett og slett etter bibelen. Tenk deg det.. Leva livet ditt etter ei bok som er skreve for fleire hundre år sidan. Dermed er også kvinnene ekstremt undertrykka, ikkje har dei lov til å ta seg eigen jobb, dei har rett og slett ingenting dei skulle ha sagt, og kan heller ikkje uttrykkja meiningane sine, seier du noko feil, så blir du kanskje steina?

 

Ved å ha stat og religion så tett i saman blir menna automatisk meir verdt enn kvinnene, kanskje dei ser på seg som meir heilage, sidan kvinna blei skapt etter mannen slik at det kunne bli skapt sønnar? Slik er det nå i alle fall den dag i dag, og slik kjem det sikkert til å væra i ei lang tid framover. Alle heilage skrifter(biblar) framstiller mannen som meir verdig enn kvinna, og det ser du klårt i dei fleste religionar, eller styresmakter.

 

Homofile er ikkje særleg populære blant biskopane, heller ikkje kvinnelige prestar. Kvifor er det slik? Man skal kunna leva fritt akkurat som alle andre uansett kjønn eller legning. Bispane meiner at homofile er fulle av djevlar fordi dei har ein anna seksualitet å vel å tilbringa livet med eit menneske av same kjønn i staden for motsatt, som dei fleste gjer, å er vane med. Synet på kvinner er vel ikkje stort betre, det einaste dei er gode for er å sitja heime og føda sonar å ta seg av husarbeidet, å bringa fram Guds ord er heilt utelukka, kvinner skulle ikkje hatt jobb i det heile tatt. Heldigvis har ikkje biskopane like høg status som før, dei har rett og slett eit problem med å likestilla kvinner og menn.

 

Du finn også problem med likestilling i jobbsamanheng. Folk blir undertrykka, dømt utifrå førsteinntrykk, forskjell på lønn(spesielt kvinner), og mange andre situasjonar som eg vil komma tilbake til i dei kommande avsnitta.

 

Sjå for deg at du akkurat har bestått eksamen på ein av dei beste skulane, men du er utlending/farga.. Skal på jobb intervju, men har ikkje klart og meistra språket heilt enda.. Du brenn for det du interesserer deg for, seier du til arbeidsgivaren, men får ikkje jobben, sjølv om du har ein strålandes CV, utanom at du kjem frå Afghanistan (døme).

 

Dette kallast rassisme, men berre eit eksempel frå mi side, det er heller ikkje heilt utelukka at dette kunne skjedd i verkelegheita. Sanninga er vel at arbeidsgivarane vil ha eit lukka samfunn, med kjente folk, med det meiner eg folk som er oppvokst i landet. Tanken på at utlendingar skal koma her og visa at dei er betre enn oss, uff nei det går ikkje, han/ho får ikkje jobben, til tross for at han/ho har betre utdanning enn dei fleste andre søkjarane.

 

Fenomènet med utestengning frå jobbmarkedet på grunn av rase eller hudfarge, er ”touchy” saker, og har to sider. Vår eigen statsminister prøvde å statuera eit eksempel ved å bruka Manuela Ramin Osmundsen som statsråd. Ho måtte gå av etter 5 månader, etter at ho vart knipen i å lyga fleire gonger. No er det også kjent at ho måtte gå frå ein annan jobb av same grunn. Kunne dette hendt ein nordmann ? Sjølvsagt, men det er jo ekstra god ”mat” for pressa at det skjer med ei som er farga.

 

Det er derimot ikkje berre utlendingar som blir utestengt frå jobbane pga. forskjellige hemningar, sjølv om dei har dei rette eigenskapane.

 

I dag er det omlag 16 000 topputdanna menneske med ulike funksjonshemningar - som ikkje kjem med på listene over søkjarar fordi.. Vel fordi dei er funksjonshemma. Drittsekkar! Eg beklagar, men den måtte ut, sjølv om eg ikkje hadde hatt det svart på kvitt, hadde eg sagt det uansett, og kanskje litt fleire stygge ord. Kunnskapa mi om korleis det er i andre land er lita, men eg kan ærleg sei meg ueinig i at Noreg er eit fantastisk og perfekt land å leve i, som det vart sagt i media...Greitt nok at me er rike (dei blir spart opp uansett, så slik er det, men til kva?), men det har inga betydning når folk føler seg undertrykka pga. ei funksjonshemning dei ikkje kan noko for sjølv, kanskje mora drakk eller røykte medan ho var gravid, eller kanskje det låg i genane? Uansett seier FN at alle har rett til å driva med noko meiningsfullt, som å jobba, og når du ikkje får deg jobb, er det krenking av menneskerettane. Om ein brenn for jobben å har dei rette eigenskapane/utdanninga, synes eg ikkje ein uforanderlig utsjånad skal stoppa deg i å få jobben, eller i å få sjansen i å visa kva ein kan.

 

Lønnsforskjelen mellom kvinner og menn er også eit problem er skal ta opp. Ein draum eg har er at ein dag ser ALLE menneskjer likt på kvarandre, og ikkje meiner at nokon er meir verdt enn andre. Dessverre er det ikkje slik, enda - Kvinner får mindre lønn enn menn uansett arbeidsinnsats. I yrker der det er eit fleirtal av kvinner, er det låg lønn, og i yrker der det er fleirtal av menn er lønna høg. Likestilling av kvinner og menn framstår som eit problem i arbeidsmiljøet. Eg rådar kvinner, og alle andre til å seia ifrå til sjefane sine om dei føler seg forskjelsbehandla. Me, som lev i eit fritt land, treng ikkje å bekymra oss for å sei kva me meinar, i motsetning til visse andre land. Gå i retten med saka, visst det er det einaste som hjelper..!

 

Av og til er det ikkje mykje du kan seia for å gjera det betre, når det er krig mellom to eller fleire land må du væra svært forsiktig med kva du seier..Heldigvis lev me i eit fritt land, der me har lov til å uttala oss om det me er ueining i eller einig i for den saks skyld. I krigar er det dessverre ikkje slik, du må vele parti..Normalt velgjer alle sitt eige land framfor fienden, men så er det slik at fiendtlige soldatar kjem til heimstaden din å plyndrar å styra på som dei vil..Står nokon i vegen, "ja då drep me han/ho".. Det blir rett og slett ikkje tatt omsyn til nokon, menneskerettane har dei fleste soldatane sikkert ikkje høyrt om ein gong.

 

Man finn mange forskjellige brodd på menneskerettane i krig, men kvifor blir det ikkje anmeldt? Til vanleg hadde det antageligvis blitt ei rettssak av det, men det sjølvsagt an på kva land det er snakk om, når det er krig mellom ti land er liksom alt lov, og du blir ikkje straffa om du drep nokon. Mange uskyldige mennesker dør pga. ei konflikt mellom dei to styresmaktene, f.eks kven som skal eiga ei lita øy ute i atlanterhavet?

 

Krig/strid er i utgangspunktet eit punkt som alle religionar prøver å hindra, særleg dei ikkje-gudelege religionane (hinduisme/buddisme. Alikevell er dei fleste krigane i midt-austen religions-baserte. I islam (som etter mi meining ikkje er ein menneskevennleg religion) er det lovleg å kriga, hvis nokon har krenka dei helage skriftene deira. Man kan eigentleg ikkje forventa at det skal væra fred i eit land der staten og religionen er slått i saman, der friheten for eit menneske ikkje eksisterer. Tenk på alle bekymringane eit menneske som lev i eit slikt land har, og ikkje minst frykten han lev med kvar einaste dag? Soldatar finn du overalt, som ikkje alltid tar omsyn til andre..Kvar menneske skal ha mulighet til og leva fritt og utan bekymringar, seier FN..

 

Det er heller ikkje alltid me kan legga alt skylda på soldatane, ikkje alle er så vondsinna som dei fleste overledarane er, tross alt så er det dei som gir ordre, og er dermed skyldig i det meste soldatane gjer. Eg kan heller ikkje sei at alle soldatar er snille, sjølvsagt fins det unntak, som torturer fangar på kjekt, voldtar små jenter drep tilfeldige på gata og bevist sjikanerer religiøse symbol, og ja, eg snakkar om dei franske, britiske og amerikanske soldatane sin oppførsel i Irak. Det verste er at folk krigar om den minste ting, og andre folk må lida for det, gå heim å legg eit puslespel i staden for( men dette er berre mitt synspunkt på saken, husk det!).

 

No er det heller ikkje berre i krig folk begår brot på menneskerettane, mishandling skjer nemlig også innan familiar, i skule tida eigentleg kan det skje kvar som helst. Lærarposisjonen blir utnytta, dei har makt, og det veit dei godt..Ved å bruka ord, kan ein øydeleggja ein elev for livet, men nokon skal ta det litt lenger, å bruka fysisk vold mot ein elev, for å oppnå eigene lyster og fantasiar, utan å ta omsyn til eleven, og veta kva konsekvensane for handlinge er.

 

Spørsmålet mitt til lesaren lyder følgjane:

 

Er verden som me lev i så fantastisk som me skal ha det til? Krigar og konfliktar av alle slag, mishandling, forskjellsbehandling, tortur, -you name it- Synes ikkje det er så fantastisk, men ein gong til, det er berre mi meining.

 

Eg vil avslutta med eit sitat eg fant på internett:

 

”er det fred som skapar menneskeverd eller er menneskeverd som skapar fred?”

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst