Ravenbrück
Om konsentrasjonsleiren Ravensbrück.
Karakter: 5+
Eg har valt å ha om Ravensbrück. Eg har unnlatt å fortelje om mannsdelen av denne kvinneleiren, for eg ville fokusere på kvinnedelen som var størst.
Inngansporten til Ravensbrück
Allereie i 1933 diskuterte Hitler og Heinrich Himmler kva dei kunne gjere med kvinnene dei arresterte. Det var fullt opp med menn i di konsentrasjonsleirene som var bygd. Ei midlartidlig løysing var å sende kvinnene som vart arresterte til ein stad som heter Lichtenburg, men det var ikkje lenge før det var overfylt her òg. Hausten 1938 blei 500 fangar beordra til å reise til Furstenberg for å bygge det som skulle bli den første konsentrasjonsleiren for berre kvinner. Leiren var såpass ferdig til at di første fangane kunne flytte inn 2.mai 1939. Kvinnene i Lichtenburg kunne reise. 15 mai 1939 kom di første kvinnelige fangane til Ravensbrück, der di fleste var bibelforskarar.
Ravensbrück var ein stor leir med 70 små underleirer , spredt rundt i hele Tyskland. Leiren var omringa av ein 3 meter høg mur, og piggtrådgjerder. I disse leirene blei kvinnene utnytta til å jobbe innanfor krigsproduksjonen. Ravensbrück innehaldt til saman 32 brakker, kor blokkene 6,7,8,9,10 og 11 ble gjort om til sykeblokker etter kort tid. Tilsamen har forskarar funne ut at det har våre 132 000 fangar i denne leiren. Kor 103 var norske kvinner og kor 92 000 av fangane døde p.g. av forholdene i leiren; sult, henrettelse, sjukdom, medisinske forsøk eller av utmattelse. Leiren ligg omtrent 1times kjøring frå Berlin, og 1 times kjøring frå Sachsenhausen. Leiren ligg rett utanfor Furstenburg – i Nord-Tyskland. I leiren var det òg fangeceller og bunkarar som låg under jorda, ofte blei det å bli satt i desse sett på som straff.
Dei overlevende fangane som har seinare fortalt om Ravensbrück beskriver leiren som ”eit helvete på jord”. Her ble kvinnene sultet, mishandla, utnytta og henretta. Alt dei eigte var som oftast ein tynn fangekjole, eit par tresko, ei truse, eit par strømper og ein suppebolle. Dei sov tett i tett i 3 etasjes senger, to og to. altså sov dei minst 6 kvinner i kvar seng, på slutten ofte opptil 4-5 i kvar etasje, 12-15 i kvar seng. Å sove i tredje etasje var som oftast den beste plassen; her var det av og til litt lys, og dei slapp og vere redde for å få lus, lopper eller noko anna ”graps” dryssande på seg medan dei sov – frå dei som sov i overkøya. Det som var minus ved å ligge øverst var det at trekken frå opne vindu var isende kald, og når alt di hadde var eit tynnt teppe til å ha over seg, var ikkje dette særleg bra. Alle sov på stikkende halmmadrasser. Mange døde over natta, og dei som delte seng med dei som døde, måtte ofte bære venner og bekjente til likhaugen.
Fangane i Ravensbruck levde av 1/6 dels brød til dagen , ei tynn suppe og av og til ein liten margarin-terning på søndagane. Dei måtte stå opp kl.4 kvar morgon, då hadde dei 30 min. på seg til å vaske seg, avluse seg, stå i kø for å fåkaffesurrogat, og til å vaske suppebollen sin før di skulle stille til appell kl.hall 5. Morgonsappellen kunne vare i over 3 timer, der alle måtte stå oppreist på rekke i tynne kjolar i mange kuldergrader om vinteren. Mange besvimte under appellen, disse ble bare lagt på gresset utenfor blokka. Arbeidsdagen varte i 12 timer, både for gravide og andre kvinner. Arbeidet kunne bestå av å sy klede til SS-menn eller/og familien hans, uniformer eller liknande. Nokre jobba i verkstede der det blei fiksa maskiner av alle slag, nokre jobba på sykehuset Revier, nokre i industrien, nokre på Siemens fabrikker og andre kunne for eksempel hamne på fabrikker eit stykke frå leiren - til krigsindustrien. Det var mye forskjellig arbeid å gjere, alt var slavearbeid som var svært hardt, siden dei alle hadde eit pensum dei måtte klare. Klarte dei ikkje pensum kunne dei vente seg mange piskeslag, eller straffappell (måtte stå 3 timer lenger om morgonen). Friske kvinner med langt hår kunne få tilbod om å jobbe på bordell, og då skulle dei få sleppe ut av leiren tidlegare blei det sagt. Dei norske kvinnene meinte at dei som meldte seg til bordell, hadde lita verdighet. Etter arbeid måtte alle stå 2 timers kveldsappell.
Det første kvinner møtte då dei kom til Ravensbrück, var og bli kledd nakne for då å bli sendt i dusjen for desinfisering og avlusing på ein brutal måte, alle med lus fikk barbert av alt håret dei hadde, før dei blei sendt til lege for sjekk. Alle verdisakene ble tatt frå dei, før dei blei sendt på forskjellige blokker. Under opphaldet i Ravensbrück fekk aldri fangane dusje, og det var ingen bind og oppdrive i leiren, kvinner med menstruasjon måtte la det renne nedover beina, men di fleste mista menstruasjonen i løpet av opphaldet i leiren.
Barn i leiren ble ikkje behandla noko særleg annleis enn dei andre i leiren. Dei fekk ikkje meir mat, og dei måtte i arbeid frå dei var 13 år. Nokre kvinner fekk lov til å bere fram barnet sitt, men nesten alle spedbarn døydde i løpet av få dager. Mødrer som nettopp hadde født, måtte i arbeid igjen same dagen, eller dagen etter fødselen, og barn fekk dei ikkje ha med seg på arbeidet. Utan mat, varme og kjærleik døydde dei raskt. Andre gravide blei tvunge til å ta abort, unnsett kor mange månadar vedkommande var på veg. Alle aborter blei utført utan bedøving. Nålevande Ravensbrück fange Inger Guldbrandsen forteljar: ” det sterkaste eg opplevde då eg var i Ravensbrück, var då eg såg ein SS-mann leggje 11 spedbarn i ein vinduskarm, for at dei skulle fryse i hel” det er òg fortalt om SS-folk som kastet levende spedbarn inn i vedovner. Drapsmetodane var mange når det kom til spedbarn.
I Ravensbrück ble det i tillegg til denne elendigheita, gjort forsøk på levende mennesker. Nokre forsøk dei fæle SS-legane gjorde var :
- dei steriliserte alle jødiske jenter og sigøynarjenter heilt ned i 7 års alderen
- dei kunne skjere opp eit bein frå kneet og ned, ta ut alle senene og musklane i det, stappe inn skitne filler eller glassskår, og sy igjen, for å sjå kor lenge vedkommande levde etter dette. Evnt. Kunne dei tvinge dei til å gå på benet.
- jødiske kvinner og barn kunne bli flådd levende, då kunne skinnet deira bli brukt til lampeskjermer, vesker og liknande for SS-familier. Særleg dei med tatovering var utsett for dette.
- Nokre leger kunne bore i hjernen til polakker, sigøynerer eller jøder for å finne ut kor lenge vedkommande hylte før dei døydde.
- Di kunne teste vaksiner på forsøksobjektet.
- Di kunne sprøyte infeksjon eller bakterier inn i sår eller huden på mennesker, for å se reaksjonen dei fekk.
- Alt ble utført utan nokon form for bedøving.
Sommeren 1944 ble det bygd eit gasskammer der dei gamle, svake, unger og andre t.d. jødiske kvinner blei sendt direkte til døden. Frå dette gasskammeret blei bygd til leiren ble frigjort i slutten av april 1945, ble ca.5793 kvinner gassa i hel her.
Ein henrettningsmetode i Ravensbrück var ein lang gang der kvinner måtte løpe nakne frem og tilbake medan dei blei beskutt på gjennom små hull i veggene som var på begge sidene av gangen. Blei du ikkje skutt med det sammen, måtte du fortsette å springe til du vart drept.
Dødsgangen for mange
Leiren var bygd for plass til eit par tusen mennesker, men på det meste var det ca. 50 000 kvinner samla på ein gong i leiren. Det var ein ungdomsleir, innenfor leiren Ravensbrück, men denne ble brukt til å plassere gamle å syke inn i - då plass vart ein stor mangel. I denne leiren var hygienen elendig, arbeidet umenneskelig og dødsprosenten meget høg. På slutten var det slik at skulle man inn på Revier, mått man trå over haugar med lik. Lukta i leiren var ekstrem og sjukdommane utallige.
Utanfor Ravensbrück låg det ein nydelig liten innsjø med vannliljer, men den fikk aldri fangene se. Og nå utanfor muren er et gigantisk rosebed, lagt over ei stor massegrav av asken fra krematoriene.
Dette var Ravensbrück!
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst