Typiske trekk ved ein Islendingesaga
1. TID/STED: Dei islandske ættesagaene (ca. 30 stk.) blei nedskriven på 1200-talet, men omhandlar den første landnåmstida på Island, frå ca. 900 til 1030. Handlingane utspiller seg mest på Island, nokre reiser til England, Sverige, Danmark, Grønland og Vinland, dessutan Noreg, særleg i samanheng med emigrasjonen. Alle sagaene er skrevet av ukjente forfattarar. Det som også speler ein stor rolle i ættasagaene er drømmer og lagnadtro
Kort om landnåmstida:
Ingolv Fjaler var 874 den første som krevje eigedomsrett på islandsk jord,
og sidan dei første landnåmsmennene tok grådig for seg, var jorda på øya
fordelt allereie i år 900. Hovdingane var heilt uavhengige fram til 930, og
utviklinga av rettsvesenet gjekk seint. sjølv om øya blei kristna i år 1000,
og fekk ein overordna "høyesterett" i 1004, varte blodige slektsfeider heilt
fram til ca. år 1030. Sagaene hentar sitt stoff frå eit nybyggjarsamfunn med
mektige høvdingar. Den enkelte kan bare stole på seg sjølv og sin ætt.
Småfolk må gi seg under dei mektige for å få vern. Lov og rett finnes, men
samfunnsautoriteten er svak. Ættene eller enkeltmannen må fullbyrde dommen i
rettstretter.
2. AKSJONSTID: Handlingane kan gå over fleire slektledd, men konsentrerer seg gjerne om ein manns lagnad.
3. FREMSTILLING: Kronologisk forteljing, med enkelte tidsbrott. Mest brukte forteljingselementer: referat, scene og dialog (lite skildring). Forteljingshastigheten er høy i referatet (årene går fort!) men spenninga intensivere ved retardering (forseinking, uthalden) i scener og dialogar, dvs. med lav forteljingshastighet.
4. FORTELLERTEKNIKK: Autoral forteljar (ser personane utanfrå), utgir seg for å være objektivt refererende.
5. PERSONSKILDRING:
Personane skildrast utanfrå, dvs. behavioristisk (ved sin åtferd).
Personane røper sitt indre liv gjennom ytre trekk som handling, talemåte,
kroppsspråk/ansiktsuttrykk, gestar, samt karakteristiske detaljar ved
utsjånad som framhevar ein spesielle egenskaper.
Når menneske skildrast gjennom det dei seier og gjør. må vi lete etter
personlegdomen i nærbilete av særtrekk, og gjennom typiske sitat.
Personane er likevel ikkje helt flate, meir komplisert psykologi. Men eit
karaktertrekk trer gjerne fram for å vise kontrast til andre personar.
Heltene er alltid modige, og har gjerne også eit av disse dominerande
karaktertrekkene: kloke, sterke, vakre, trufaste. Fleire heltar har ordet i
sin makt, og storskaldane i Islands tidlegare historie har fleire helterollene.
Heltene kan være både lyse og mørke. Den lyse er standardhelten som vi
kjenner igjen frå vår egen underhaldningsindustri, mens den mørke helten er
meir innadvendt og slu, og ikkje nødvendigvis like real og snill.
Dei personane som hamner i motsetningsforhold til heltene, "stakkaren", er
gjerne feige - det er heltene aldri!
6. KOMPOSISJON - inndeling/gang:
Dei handlende personar står i sentrum, og vi kan dele inn teksten etter
personanes plass i framstillinga. F.eks. kan Gunnlaug Ormstunges saga
dels inn slik:
1. del: Helga (eksposisjon) kap. 1-3
2. del: Gunnlaug - Helga kap. 4-5
3. del: Gunnlaug - Ravn (hovedhandling) kap. 6-12
4. del: Helga (epilog) kap. 13
Kampen mellom Gunnalug og Ravn utgjer ein hovedhandling mellom eksposisjon
og epilog. Denne tretallloven gjenfinner vi ofte også i mindre narrative
einskapar.
Det typiske forløpet kan også gi grunnlag for en inndeling:
EKSPOSISJON - KONFLIKT - KLIMAKS - HEVN - FORSONING - EPILOG
6a: EKSPOSISJON - (frampek/drømmer/varslar)Deler av det muntlege overleveringsstoffet som er grunnlaget for islendingesagaene har kanskje hatt ein juridisk funksjon ved å framheve visse slekter, sikre slektsmedvit i eit spill om ære og jord. Difor er slektstreet ein naturleg del av islendingesagaene innleiing. Eksposisjonen kallar vi vanlegvis den delen av ein dramatisk handling som presenterer personane og etablerer konflikten. Ofte vil konflikten kunne uttrykkje som kampen mot lagnad, og drømmer og varslar er hyppig nytte. som frampek. Eksposisjonen i ein islendingesaga er gjerne statisk, eit referat som slår fast tid og stad, og presenterer personar og slektsforhold. Nokre gonger brytes det reine referatet av ein episode som foregripe hovedhandling.
6b: KONFLIKT - (komplikasjon)
Når konflikten er etablert, tilspissar den seg, og spenninga stiger. I
tragedieanalyse kallar vi utviklinga av dramatisk spenning for
komplikasjon. På handlingsplanet står konflikten gjerne mellom to menn, evt. to grupper,
eller eit individ mot samfunnet/kollektivet. Årsakene er strid om
eigedomsretten i jord eller kjærleghet, evt. ein fornærmelse som utifrå
ekstrem æreslyst må hemnes. Ein bagatell kan fort ende med hemndrap.
Ein sagahelt som har fått eit vondt varsel står automatisk overfor ein
konflikt: lagnaden - mot - hans eigen framtidsvilje. Heltene seier ikkje i
livet. Dei er tragiske skikkelser - som må dø...
.
6c: KLIMAKS
Ein islendingesaga når gjerne sitt handlingsmessige klimaks med heltens død.
6d: HEVN
Etter heltens død blir han hemnt, eller forsøka hemna.
6e: FORSONING
Harmonien gjenopprettes, kampane avsluttes.
6f: EPILOG
I likskap med innleiinga er avslutningen statisk. I referatform får vi
vite om dei gjenlevandes lagnad. Dei gjenlevende kan godt være bipersonar,
og epilogen står difor ikkje alltid i direkte samanheng med hovedhandling.
SPRÅKLIGE TREKK:
Ein saga skal høyrest, ikkje leses! Stilen blir dermed knapp, nær det muntlege.
Korthogget stil (sagastilen) med få underordnete leddsetningar, flest helsetninger. Periodane står dermed sideordna, såkalla parataktisk stil. Stilen karakteriseres også som "naken" fordi den setter verbane i sentrum, og gir effektivt referat av handling med få skildrande adjektiv. Dramatiske opptrinn framstilles gjerne scenisk, med direkte tale. Den objektivt refererende forteljaren bruker i liten grad bilde, men eit påfallande trope er litoten (underdrivelsen). Litoten bidrar til. Eit spesielt sagatrekk er "inversjon", dvs. at ord som for oss hører naturleg heime lenger ute i setninga, settes først: "Ille går det med deg..."
Historie eller dikting? Svar: Begge deler!
Forfattaren stilte to krav til seg sjølv:
1. Dei ønsket å være historiske.
2. Dei ønsket å være gode forteljar.
Stikkord: ættesaga, lagnaddrama, historisk kjerne, skaldekvad,
vandrehistorier og lån frå europeisk litteratur.
"Landnåmabok " frå 1150, som beskriver busetjing av Island, er ein
forløper for sagaene. Sagaforfattaren prøver også å gi inntrykk av å være
historisk korrekt, men det utvalet stoffet har vært muntleg overlevert
gjennom eit kvart årtusen! Med sine mange til diktninger kan vi si at
sagaene er lagnaddrama med ein historisk kjerne. Den historiske
omgivelsen er eit ættesamfunn som har tradisjon i å holde kontakt med sin
historiske linje. Island kom ikkje under sentraladministrasjon frå Noreg
før 1262 og før den tid var enkeltmenneskets juridiske muligheter avhengig
av slektenes styrke.
FLERE TYPISKE TREKK VED GUNNLAUG ORMSTUNGE SAGA:
Det som er det typiske ved denne sagaen er at den handlar om hemn, drap og kjærleghet og skaldeliv.
Det er det dei fleste av sagaene handlar om drap og kjærleghet.
Man kan finne ut at i denne sagaen er det autoral refererende synsvinkel den typiske synsvinkelen det brukes når sagaer skrevs.
I sagaer er det veldig lite med naturskildringar, og i denne sagaen er det ikkje nokon naturskildring i det hele tatt.
Heller ikkje dei daglegdagse detaljane dei kommer ikkje til synes i sagaene. Det er nesten som om tida fyker fort vekk, vi får ikkje med oss kva som hendte
mellom det og det andre.
Dette er ein typisk islendingesaga, vor mange typiske trekk frå andre sagaer er med.
BOKUTBYTTE:
Det utbytte eg har hatt ved å lese denne sagaen var vel at eg fekk vita meir om det norrøne liv og samfunn.
Særleg om korleis heltene eller dei mektige folka hadde det i dette samfunnet og dei som sto under.
Før eg leste denne sagaen viste eg litt mindre, men nu veit eg litt meir, men eg kan ikkje stole for fullt på denne sagaen fordi det er litt oppspinn, men det meste
er sant(sagn/sakn som betyr sant og derav ordet saga.)
Det som man fekk vita var vel mest om dei som hadde levd og det samfunnet som dei levde i.
Det som einkvar sa da og da er ikkje heilt sant, men det kan hende at nokon ting som rollefigurane sa var sant, for nokre sagaer er personanes utsakn skildra
som sitat, men man kan tenkje seg at det meste ikkje var sant, sidan dei som skreiv ikkje kunne holde rede på kva dei sa til tider.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst