Wenche Løvdahl - Kiellands talerøyr
Wenche Løvdal er ein hovudpersonane i tendensromanen, «Gift». Ho er i rik kjøpmannsdotter frå Bergen - eit modig menneske med uvanlege meiningar - det stikk motsatte av mannen hennar, Herr.Løvdahl. Formidlaren av sanninga er Wenche. Ho er meir som eit talerøyr for Kielland. Han legg sine eigne meiningar og bekjennelsar til nye tankar og idear om velferdsamfunnet og skulesamfunnet i munnen hennar. Fru. Løvdahl har vanskar med å realisera meiningane sine. Wenche var annleis en dei andre konene i byen. Ho gjekk heller ikkje til kyrkja. Folka i byen visste ikkje heilt kva dei skulle tru om ho.
Slik kvinnas utdannelse i dåtidas mannsamfunn var, trengte Kielland ein akademisk skolert mann til å formulera tankane sine. Kielland måtte derfor leggja ein del av sin argumentasjon i munnen på Mordtmann.
Wenche er ikkje kristen, og går ikkje i kyrkja slik som mannen hennar. Andre folk i byen veit mest ikkje kva dei skal tru om ho. Til Herr. Løvdahl har ho sakt gong på gong opp igjennom åra at Abraham ikkje skal konfirmerast. Professoren meinar det stikk motsatte. Abraham er no i konfirmasjonsalder, og ho tykkjer det er på tide å snakka med han om trua. Ho meiner at ein ikkje skal konfirmera seg viss ein ikkje er sikker i trua si, ein skal ikkje gjera slik alle andre gjer. Ho let Abraham få velgja sjølve om han skal gå til presten eller ei.
På skulen lærer unganne latin og mykkje anna unødvendigt stoff. Dei må pugga bøyninger dei ikkje har brukt for vidare i livet.Kielland ville at skulen skulle vekka til sjølvstendig tenkning. Wenche seier ein gong at ho ville ha meir praktiske fag inn i skulen, kunnskap som elevane kunne dra nytte av seinare i livet og noko som kunne få dei til å tenkja sjølvstendig, noko til å spinna videre på.
For Fru Løvdahl er den personlege sannhet eit og alt. Derfor lid ho i sitt halv-sanne ekteskap med professor Løvdahl. Sjølv om ho innrømmer for både seg sjølve og Mortmann at ho er forelska i Mortmann, held ho på mannen sin. Ho har jo ein sønn! Dette blir eit stort problem då ho merker at ho er gravid med Mortmann. Skal ho gå i fra Carsten? Eller kanskje Mortmann? Kva då med Abraham? Wenche finn det best å ta sitt eige liv. Dette har visst at ho kunne utføra lenge. Ho hadde venta på ein anledning. Nå kom den...
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst