Ytringsfridom med avgrensingar
Artikkel om ytringsfrihet med koblinger mot aktuelle hendelser.
Fjorårets tentamen i nynorsk, hadde vært fint med tilbakemeldinger :)
Vi menneske elskar fridom på alle måtar, spesielt ytringsfridomen. Ein skulle nesten tru at i det 21-århundret ville den vere utbredt over heile verda, men slik er det altså ikkje. Kvart år blir fleir og fleir fengsla for å ha sagt sine meiningar i det offentlege rom, medan vi sit trygt her i Noreg og held opne debattar. Så ytringsfridomen er ikkje like utbredt som vi ønskjer, men korleis ville det vore utan den?
Kva er ytringsfridom?
I menneskerettserklæringa (FN) er ytringsfridomen ein rett alle menneske skal ha moglegheita til å utnytte utan å bli straffa for det, men som alle regler finst det unntak; ein kan ikkje krenkje andre med sine ytringar, bryte teieplikta, eller røpe konfidensiell informasjon. Ein skal altså kunne seie det ein meiner, utan å bli sette i fengsel eller torturert for det. Sjølv om detter er ein menneskerett, må den ikkje tas for gitt, ikkje alle får lov til å bruke denne retten.
Kvifor er ytringsfridom viktig?
Mange vil seie at ytringsfridomen gjer at ein får ei kjensle av fridom og moglegheiter, medan nokon kanskje ikkje ein gong veit kva ytringsfridom er. Ofte ser vi at demokrati og ytringsfridom gå hand i hand, i denne samanhengen ser vi også at i dei totalitært styrde landa i verda er det ytringsfridomen det går hardast utover; for eksempel kunne ein i Sovjetunionen under Stalin (og etterfølgjerane) sitt styre bli sendt til fangeleirer i Sibir om man hadde snakket negativt om kommunismen, eller ikkje gjorde som staten hadde bestemd.
Mangel på ytringsfridom – indre uro
I land som Libya, Syria og Tunisia har demokrati og ytringsfridom vært ein «mangelvare»; lederane har sete på makta i fleire tiår, og hindra befolkninga frå å stemme, og har «dempa» ned all motstand, og negativ kritikk. Denne måten å styre eit land på har ført til at det i fleire av disse landa har bygd seg opp ei indre uro, som har nådd eit punkt der voldelige demonstrasjoner er ein «naturleg» konsekvens.
Samvitsfangar
Rundt om i verda er det folk som blir heldt fanga på grunn av deira ytringar og meiningar, disse fangane kallast samvitsfangar. Amnesty International ser på det å i det heile tatt ha samvitsfangar i landet er eit brot på menneskeretta.
Kina og Iran er to av dei landa som held flest samvitsfangar i fangenskap. I Kina heldes hundrevis av menneske fanga for å utøve ein gammal tradisjon som var meir populær enn kommunistpartiet sjølv, og eit titals personer sitter i fangenskap fordi dei sa noe regjeringa ikkje likte.
Sensur
Kommuniststyret i Kina ønskjer ikkje at folket skal få høre og sjå noko anna enn det dei sjølv vil at folket skal sjå, derfor har dei lagt inn store resursar for å sensurere internett for sine eigne innbyggarar. Denne sensuren hindrar befolkninga frå å lese kva dei vil, samtidig som det same systemet også melder inn innlegg som er «farlege» eller «ein fare for samfunnet», der folk i dei verste tilfella har blitt fengslet og torturert.
Amerikansk sensur
Den amerikanske kongressen drøfter nå et vedtak om de kanskje også i USA skal innføre eit sensur system, slik at visse sider blir utilgjengelege for innbyggjarane i USA. Dette vil, viss det innførast, føre til ein stor innskrenking av ytringsfridomen i USA
«Wikileaks» – ytringsfridom eller kriminalitet?
I 2009-10 fikk nettsida «Wikileaks» stor mediedekning; Wikileaks publiserte konfidensielle dokument som kjelder frå hele verda sendte inn. Det store spørsmålet folk stilte seg var om publisering av hemmeleghalde dokument og liknande var viktig for ytringsfridomen, eller om det berre var ein kriminell handling som burde stanses.
Plutseleg ein dag kom det opp ein svensk valdtektshistorie mot leiaren av Wikileaks, australske Julian Assange. Assange ble arrestert, og idømt «husarrest», medan USA prøvde å få han utlevert. Kort tid etter arrestasjonen starta bl.a. Visa og Mastercard ein «pengeblokkade» mot Wikileaks, for å prøve å kvele flammen som truga med å gjøre meir skade.
Kva har ytringsfridomen å seie for oss?
I land som har «full» ytringsfridom er det også som oftast mindre intern uro enn land med avgrensingar i ytringsfridomen. Ytringsfridomen gjer da at her i Noreg kan alle seie akkurat det dei meiner, utan å bli straffa for det. Saman med demokratiet, vil mange seie, at ytringsfridomen gir ein uerstatteleg tryggleik til folket, samtidig som det gir god stabilitet til samfunnet. Ein kan også seie at ytringsfridom er ein «luksus» som ikkje alle menneske i verda har tilgang på, men som det jobbast hardt med å innføre i heile verda.
Ytringsfridomen i framtida
Det kjem alltid til å komme nye saker, som Wikileaks, som får oss til å setje spørsmålsteikn ved kor langt grensa til ytringsfridom burde gå, og om det i det heile burde vere ei grense. Samtidig som vi i vesten fortsetter debatten om ytringsfridom kommer organisasjonar som Amnesty International til å jobbe for at menneskerettsbrot stansast, og samvitsfangar bli satt fri.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst